Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny, betre luftambulanse på plass

Frå klokka 15 onsdag 18. april 2018 kunne folk i Sogn og Fjordane nyte godt av endå betre akuttberedskap. Då var eit nytt, oppgradert ambulansehelikopter sett i drift ved luftambulansetenesta sin base i Førde.

Publisert 19.04.2018
Sist oppdatert 02.01.2024

Dei siste dagane er tilsvarande maskiner sett inn ved basane på Ål i Hallingdal og Dombås på Dovre, og helikopteret i Førde blir såleis det tredje av totalt 15 nye i landet. Dei tre oppgraderte basane dekkjer no befolkninga i deler av Austlandet, Vestlandet, Møre og Trøndelag. Dette er godt nytt, ikkje minst for alle som ferdast i dei store fjellområda dei nye maskinene dekkjer.

To personar sit i cockpit på eit ambulansehelikopter.

I COCKPIT: Slik ser det ut for piloten når den nye maskina nærmar seg basen ved Førde sentralsjukehus. Dei nye ambulansehelikoptera er utstyrt med det siste innan navigasjons- og tryggleiksutstyr.

- Dei nye helikoptera har vesentleg betre eigenskapar i høgfjellet og større gjennomføringsevne i dårleg ver enn dei ti år gamle helikoptera vi no byttar ut, seier administrerande direktør i Luftambulansetjenesten HF, Øyvind Juell.

Meir robust​​ og tryggare teneste

I løpet av våren og sommaren skal alle dei tolv basane i landet få på plass sine nye ambulansehelikopter. Det blir i tillegg fleire reservehelikopter enn i dag, auka bemanning og nyoppretta bakvakt.
- Samla gjev dette oss ei meir robust teneste, og vi kan levere meir og betre beredskap, seier Juell.
Frå 1. juni 2018 blir samtlege helikopter i luftambulansetenesta operert og vedlikehaldne av Norsk Luftambulanse AS (NLA AS). Å flyge ambulansehelikopter natt og dag i norsk klima og topografi er krevjande, og ikkje utan risiko. Det er helseforetaket Luftambulansetjenesten HF som har det øvste operative ansvaret for all luftambulanse i Norge. 
- Vi har difor utstyrt alle våre helikopter med det nyaste innan tryggleiks- og navigasjonsutstyr for å sikre både pasientar, mannskap og medisinsk personell ombord. Blant anna dei beste nattsynbrillene på marknaden og ein svært avansert autopilot, sier Juell.

Først​​ i verda

Det nye helikopteret i Førde er ein Airbus av typen H135 T3H, som er ei vidareutvikling av maskina som har vore i bruk på basen dei siste ti åra. Luftambulansetenesta og NLA AS er først i verda til å ta dette avanserte helikopteret i bruk til sivil luftfart.
 - Det nye helikopteret er mykje sterkare, har auka nyttelast og er langt betre i høgda. Dette gjev auka tryggleik og effektivitet ved lange og krevjande oppdrag, spesielt i høgfjellet. 
Siste generasjons cockpitteknologi (av typen Helionix) gjev autopilotfunksjonar som tidlegare kun er  brukt på store sjøredningshelikopter, og piloten får mykje betre oversyn over situasjonen sin enn tidlegare. Samla gjev dette større sjansar for å kunne løyse oppdrag under marginale verforhold og i krevjande terreng, fortel Rune Midtgaard, administrerande direktør i Norsk Luftambulanse AS.

Eit økonomisk løft

Helikopteret har også ein meir moderne kabin, der den medisinske innreiinga er forbetra. Dette inkluderer mellom anna ny båreplattform og båre og meir funksjonell oppbevaring av nødvendig utstyr. Samla medfører dette generelt betre arbeidsforhold for legen om bord.
Dei fire regionale helseforetaka i landet brukar kvart år 1,1 milliard kroner på luftambulansetenesta.  Når dei nye ambulansehelikoptera er på plass, aukar den årlege kostnaden for helikopterdelen av tenesta med 26 prosent, eller drygt 100 millionar kroner.
Det nye ambulansehelikopteret i Førde vart sett inn i normal beredskap klokka 15 onsdag 18. april.

Eit ambulansehelikopter som står på bakkenog eit som er i lufta


NY MASKIN INN FOR LANDING: Det gamle helikopteret som står i framgrunnen er nesten likt av utsjånad, men under skalet er forskjellane store.

-

-

FAKTA OM LUFTAMBULANSETENESTA
Luftambulansetjenesten HF (LAT HF) er dei regionale helseforetaka sin øvste driftsorganisasjon for all luftambulanse i Norge. LAT HF kjøper inn ambulansetenesta sine fly- og helikoptertenester gjennom anbud.
LAT HF definerer kva eigenskapar fartøya i tenesta skal ha: storleik, kva innreiing og tryggleiksutstyr dei skal ha. LAT HF set krav til bakvakter, bemanning og beredskap. Det same gjeld til trening, prosedyrer og utsjekk av flygarar og redningsmenn.
Dette gjer LAT HF i samråd med eigarane, altså dei regionale helseforetaka og og også i samråd med det medisinske miljøet (dvs. legane ute på basane).
Luftambulanseta er eigd, organisert og finansiert av dei fire regionale helseforetaka. For oss i Helse Førde sitt område betyr dette Helse Vest.
Luftambulansen ved basen i Førde er bemanna med medisinsk personell frå anestesi- og intensivavdelingane i Helse Førde.