Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny MR kan gje større utbygging

Byggearbeidet rundt den nye MR-maskina ved Lærdal sjukehus startar om kort tid. No vurderer Helse Førde også å oppgradere varmesentralen i samband med arbeidet.

Publisert 02.03.2018
Sist oppdatert 02.01.2024

​Eit nytt tilbygg må byggast for å få plassert den nye MR-maskina som kjem ved Lærdal sjukehus, og dette arbeidet startar innan kort tid. Samtidig har Helse Førde hatt planar om å oppgradere energisentralen ved sjukehuset, og vurderer no å realisere dette samtidig som dei byggjer for MR.

- Vi vil få ein synergieffekt mellom dei to prosjekta, og denne ønskjer vi å ta ut, seier konstituert direktør for drift og eigedom i Helse Førde, Helge Robert Midtbø. – Ved å slå saman desse prosjekta vil vi spare både på investeringar og driftskostnader i høve alternativet, som er å kun bygge MR no og ta energisentralen seinare.

Helse Førde er inne i avsluttande kontraktsforhandlingar med entreprenør som skal levere tilbygget, og ventar å kunne signere denne kontrakta innan kort tid. Etter at dette og byggeløyve frå kommunen er på plass, vil bygginga starte så raskt som praktisk mogeleg.

Dersom Helse Førde vel å bygge kun for den nye MR-maskina, er investeringane kalkulert til å bli på totalt 20,6 millionar kroner. Dersom ein også samtidig byggjer ny energisentral for sjukehuset, vil dette koste nær seks millionar kroner meir.
Sjølve MR-maskina kostar 11,8 millionar kroner, medan innsamlingsaksjonen for MR i Lærdal gav 10,1 millionar kroner til føremålet.