Ny, stor bilambulansestasjon i Dale og raskare, meir moderne ambulansebåt

Styret i Helse Førde vedtok i dag å slå saman bilambulansestasjonane i Askvoll og Fjaler til ein stor, lokalisert i Dale. For båtambulansen vedtok dei ein moderne, raskare båt stasjonert i Solund.

Publisert 18.11.2016
Sist oppdatert 02.01.2024

​Fram til i dag har det vore to ambulansebåtar i område sør (ytre deler av Sogn og Sunnfjord), der både oppdragsmengd og folketal har vore fallande dei siste tiåra.

10 knop raskare, 15 minuttar kortare

Styret i Helse Førde har no vedteke å erstatte desse med ein moderne, raskare båt som skal stasjonerast på Hardbakke i Solund. Båten skal kunne gå 35 knop servicefart samanlikna med 25 knop på dagens to båtar, og skal ha besetning i døgnvakt på vaktrom og ei aktiveringstid på maksimum 10 minuttar. Det er 15 minuttar raskare enn kravet til dagens båt.

For å ivareta beredskapen på Atløy i Askvoll vedtok styret å supplere ambulansebåten med taxibåttenester eller anna eigna transportkapasitet, i tråd med saksførelegget for styret.

Dale mest framtidsretta

Klinikkdirektør Helse Robert Midtbø orienterte styret om dei ulike alternativa både for bil- og båtambulansen. Han viste fram analysemodellar som viste at Dale var den plasseringa av bilambulansestasjon som nådde flest menneske innan kortast tid, og som vil vere mest framtidsretta.

- Dale vil få ein stasjon med to døgnambulansar, og dermed ein stasjon på nivå med dei vi har på stader som Sogndal og Florø, sa Midtbø.

Bil- og båtambulanseløysingane i område sør vart samrøystes vedteke i styret.

Kostar meir enn Helse Førde får inndekt

Etter at løysingane for bil- og båtambulansen var ferdig drøfta, kom styrerepresentant Harry Mowatt med eit innspel som resulterte i eit tredje punkt i vedtaket.

- Dei prehospitale tenestene i Helse Førde er fleire titals millionar kroner dyrare enn kva vi får dekt inn av Helse Vest, sa Mowatt. - Eg ønskjer ein diskusjon  rundt dette her i styret, med mål om at vi organiserer oss slik at vi ikkje brukar meir enn vi får dekt inn. Her må vi sjå heile fylket i samanheng og komme på rett nivå og ein best mogeleg beredskap innanfor rammene. Dette er heilt nødvendig.

Dermed vedtok styret å be administrerande direktør legge fram ei sak med framlegg til prosessog gjennomgang av prehospitale tenester i Helse Førde tilpassa rammene frå Helse Vest.