Oppmuntra pasientane til å spørje
Ingen skal reise frå sjukehuset utan å ha fått informasjonen dei treng. Så folk må spørje og få greie på det dei er usikre på! Difor stillte våre folk på stand i dag og møtte pasientane ansikt til ansikt.
Kor ofte har vi ikkje tenkt Søren også, det skulle eg ha spurt om! Men då er det for seint, toget har gått og timen er over.
På godt og gale
Slikt har mange opplevd etter sjukehustimen. Difor må vi oppmuntre pasientar og pårørande om å spørje, og ikkje brenne inne med ting dei lurer på.
Og nett det gjorde våre folk i foajeen på Førde sentralsjukehus i dag.
MØTTE PASIENTANE: Rett innanfor døra på Førde sentralsjukehus møtte pasientar og andre denne gjengen i dag. Tema var at det er lov til å spørje om tinga du lurer på i samband med behandlinga og sjukehustimen. Det er til og med svært viktig for at behandlinga skal bli vellukka!
Frå venstre Gerd Bjørkedal, Anne Hellebust, Wenche Sjåstad og Kari Holvik Furevik.
- Det har vore veldig kjekt å gå her og møte folk i dag, og både pasientar og pårørande har tatt godt imot oss, fortel Kari Holvik Furevik. - Folk fortel om sine eigne erfaringar frå tidlegare møte med oss i helsevesenet, nokre har hatt positive opplevingar, andre har mindre gode.
Trygg og ivaretatt
Damene på standen informerte og oppmuntra folk til å spørje aktivt, slik at dei kan føle seg tryggare og meir ivaretatt under behandlinga. Og at dei veit kva dei kan vente i tida framover, kva oppfølging dei kan få medan behandlinga pågår.
Kampanjen går på Førde sentralsjukehus denne veka, men også dei andre institusjonane i Helse Førde skal få besøk og liknande aktivitet. Datoar for dette er enno ikkje klare og vil bli kunngjort seinare.
- Vi har opplevde dette veldig positivt, og har fått tilbakemeldingar på kor viktig dette er, seier Wenche Sjåstad, som er ansvarleg for Berre Spør-kampanjen i Helse Førde. - Nokre av dei vi snakka med hadde allereie vore inne til time, og sa dei skulle ønske at oppmodinga om å stille spørsmål kom litt tidlegare.
Meir enn brosjyre
Også leiar i Brukarutvalet i Sogn og Fjordane, Gerd Bjørkedal, fortel om liknande opplevingar på standen.
- Det er flott at folk stoppar for å prate, slik at vi ikkje berre stikk ei brosjyre i handa på dei og ferdig med det, seier ho. - Når folk ser at både Helse Førde og vi som reppresenterer brukarane meiner dette er viktig, så føler dei at det verkeleg er lov til å spørje. Og at ingen spørsmål er dumme! Og at det er lov til å spørje om att fleire gonger for å vere sikker.
P.S. NRK var på sjukehuset denne dagen og lagde både radio og Vestlandsrevy-innslag!