Rett transport gjev meir ressursar til behandling
Betre planlegging av tilrettelagt transport av reiser for pasientar gjev Helse Førde eit innsparingspotensiale. Dette er pengar som kan nyttast til pasientbehandling.
Avdelingssjef ved Pasientreiser i Helse Førde, Vidar Øvrebø, fortel at dei heile tida jobbar for betre organisering av reisene, til beste for både pasientane og for å styrke økonomien i føretaket.
Helse Førde brukar om lag 85 millionar kroner årleg til pasienttransport til og frå behandlarar i spesialisthelsetenesta og behandlarar i kommunar. I kommunane gjeld dette både kommunelege, fysioterapeutar og kiropraktorar.
Sparer på tidleg bestilling
– Vi har eit auka fokus i Helse Førde på at behandlarane skal velje rett transport. Vi ønskjer også at all transport skal bestillast innan klokka 13.00 dagen før behandlinga. Vi vil få meir effektiv samkøyring og betre utnyttig av returbilar og bilar som står på vent om vi har oversikt over transportbehova i god tid, påpeikar Øvrebø.
Målet til Pasientreiser er å kome under 20 prosent av reisene som blir bestilt etter klokka 13.00 dagen før. Dette er også eit nasjonalt mål.
Ingen kostnadsauke sidan 2013
– Realistisk sett bør få ned utgiftene våre i 2018. Planleggarane våre jobbar hardt og godt for å få dette til, seier Øvrebø. Eg kan også glede meg over at vi har halde våre kostnader flatt sidan 2013, dette trass i årleg prisauke.
Pasientreiser i Helse Førde har jamlege møter med avdelingar og kommunane i fylket for å sette fokus på rett transport til ulike pasientgrupper.
Helse Førde sitt budsjett betaler også for alle reiser til og frå kommunelegar, fysioterapeutar og kiropraktorar.
– Dei aller fleste kan reise fleire i ei drosje slik at vi får betre utnytting av transporten, seier Øvrebø.
Han understrekar også at behandlarane må bli flinkare til å melde om endringar i time. Åtte millionar av budsjettet går til venting på pasientar.
FAKTA om pasientreiser
- Pasientreiser er ein del av Helse Førde sitt totale budsjett
- Alle reiser til både sjukehus, kommunelegar, fysioterapeutar og kiropraktorar blir dekka av Helse Førde
- I tillegg til ordinære pasientreiser brukar Helse Førde om lag 170 millionar kroner til ambulansetenesta
- Pasientreiser planlegg og koordinerer meir enn 113 000 rekvisisjonar i året
- Ei reise med ambulanse svarar til tre turar med drosje, 31 turar med privat bil og 41 turar med buss