Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ringstad ber om fritak som styreleiar

Jorunn Ringstad har bedt om fritak frå vervet som styreleiar i Helse Førde.

Publisert 17.11.2016
Sist oppdatert 02.01.2024

portrett av ei kvinne i dressjakke som sit framfor ei bokhylle
 

Det er helsemessige årsaker som gjer at Ringstad har informert Helse Vest om at ho ønskjer å gå av før styreperioden er over.

- Eg ønskjer at styret skal ha ein stabil arbeidssituasjon. Det vil vere uryddig om eg skulle vere styreleiar på eit møte, vere fråverande på neste og deretter igjen leie det tredje, seier Jorunn Ringstad.

Jorunn Ringstad har vore medlem av føretaksstyret i ti år, og styreleiar sidan 2012.

- Ringstad har bidrege med solid bakgrunn og erfaring i den gode utviklinga vi har sett i føretaket desse åra, og vi sett stor pris på innsatsen ho har lagt ned. Når ho no ber om å bli fritatt frå vervet, respekterer vi sjølvsagt det,  seier Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest.


Nestleiar i styret, Agnes Landstad, kjem til å leie styremøtet i føretaket fredag, og vil vere fungerande styreleiar inntil ny styreleiar blir oppnemnd av Helse Vest.