KRONIKK

Sjukepleie i framtidas Helse Førde

Ulike aktørar har den siste tida gjeve uttrykk for uro og skepsis i høve det som blir framstilt som Helse Førde sine planar om å flytte sjukepleiarar på kryss og tvers, alt etter kor det er mest trong for dei.

Kristinne Brix Longfellow, fagdirektør i Helse Førde
Publisert 26.09.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

​Det er vel kjent at Helse Førde arbeider med å finne tiltak for å få på plass dei økonomiske føresetnadene som trengst for å kunne gjennomføre planlagde utbyggingar og ombyggingar ved Førde sentralsjukehus dei neste ti åra. Vi må planleggje for framtida.

Framtidas utfordringar med endra behov, pasientgrunnlag og medisinsk utvikling gjer at vi må innstille oss på å endre arbeidsmåtar og tilbod. Dette både nasjonalt, regionalt og lokalt. Forventningar om korte ventetider og betre koordinering av tenestene vil krevje betre samordning og styrka teamarbeid. Dette vil føre til endra arbeidsmønster for alle, ikkje berre sjukepleiarane.  Framskrivingar viser at vi vil få ein større del eldre i befolkinga,  med samansette diagnosar.  Pasientgrunnlaget i Helse Førde vil sannsynlegvis ikkje auke i åra  framover, og ein har over tid sett  at talet døgnopphald går nedover. Samstundes aukar aktiviteten i poliklinikk og dagbehandling. Slike endringar tilseier at vi er nøydde til å endre arbeidsmåten vår.

Leiinga i Helse Førde ser det som viktig å bygge på dei gode fagmiljøa som er bygde opp over tid i Helse Førde.  Dette inneber også å ha tilstrekkeleg robuste fagmiljø. Samarbeidet med Høgskulen er heilt sentralt for rekruttering av sjukepleiarar til Helse Førde, og vi er medvitne om at vi har ei viktig rolle som del av utdanninga.  Å vedlikehalde og styrke kvaliteten på tenestene må alltid vere høgt på dagsorden, sjølv om vi også må effektivisere og halde oss innanfor tildelte rammer.  Å kombinere økonomi og fag er ikkje alltid like lett.
I samband med dette har vi oppretta eigne prosjektgrupper, der også dei tilsette er breitt representerte, som har vurdert mellom anna organisering og arbeidsmåtar i sjukehuset.  Dette både som eit ledd i vårt pågåande utviklingsarbeid, og for å bruke våre gode personalressursar på ein meir rasjonell og effektiv måte enn kva vi gjer i dag.

Vi har sett at fleire seier dei er redde for at sjukepleiarar skal måtte springe på kryss og tvers i sjukehuset, og måtte jobbe innanfor nær sagt alle mogelege fagfelt. Noko slikt er korkje ønskjeleg,  mogeleg eller forsvarleg å gjennomføre. Helse Førde har  ingen slike planar.

Likevel tilseier utviklinga i både pasientgrunnlaget vårt saman med dreiinga mot færre sengepasientar og meir poliklinikk, at det er på tide å vurdere endringar i arbeidsmåtar. Dette inkluderer korleis vi kan nytte dei tilsette sin kompetanse best mogeleg. 

Ja, vi må i større grad bruke kompetanse meir på tvers og i team i framtida, mellom anna avdi vi kanskje ikkje vil ha mange nok pasientar eller råd til å oppretthalde eigne einingar for alle dei faga vi har i dag. Slike endringar har vore gjort tidlegare – og de skjer heile tida. Vi prøver no å planlegge dei endringane vi ser er naudsynte.
Første steg er å få fram eit oversyn over kompetansen som allereie finst i avdelingane. Deretter må vi prøve å finne fram til måtar å nytte denne kompetansen betre og meir effektivt enn i dag.

Dei fleste sjukepleiarar har ei eller anna form for spesialkompetanse, anten formell eller frå lang erfaring i yrket, i tillegg til den grunnutdanninga dei har vore gjennom. Vi ønskjer at desse medarbeidarane ikkje skal vere avgrensa til spesifikke sengepostar eller avdelingar, men kunne bruke sin kunnskap og dugleik til nytte for  flest mogleg pasientar.

Ta for eksempel operasjonssjukepleiarane, som i dag kan vere i ein spesiell poliklinikk. Dei har ein kompetanse der dei kan assistere behandlar innan fleire fagfelt. Eit anna døme er oppgåveglidning. Helsesekretærar er til dømes utdanna i å ta blodprøver, EKG, blodtrykk, puls på pasientane. Denne kompetansen nyttar vi i dag i berre varierande grad. Ved å bruke den meir systematisk og målretta vil dei kunne avlaste spesialiserte sjukepleiarar. På den måten vil dei sistnemnde kunne få spelerom til å bruke sin faglege kompetanse til å hjelpe fleire pasientar. Til sjukare pasienten er, til viktigare vert den grunnleggande sjukepleie som observerer pasienten, yter omsorg og stell og hindrar trykksår, fall mm.

Dette handlar om å nytte spesialkompetansen vår best råd, om å lage pasientforløp og måtar å arbeide på som gjer dette mogeleg. Det  handlar om å samle tenester som har likskapar og fellestrekk,  slik at dei alle kan dra nytte av same fagmiljø og fagpersonar.  Sjukepleiarar har ein felles basiskunnskap som gjer at dei kan hjelpe pasientar med dei mest grunnleggande behova.  I tillegg til denne grunnutdanninga har mange sjukepleiarar i spesialisthelsetenesta ein spesialkompetanse. Denne må vi nytte best mogleg. Helse Førde er opptekne av å utvikle denne spesialkompetansen ytterlegare.

Vi ønskjer å oppretthalde dei gode tenestene ved sentralsjukehuset – men det blir vanskeleg dersom vi ikkje arbeider ilag og er innstilt på å hjelpe kvarandre. Når sjukepleiarar og andre må jobbe meir på tvers og i team, må dette sjølvsagt gjerast på ein systematisk måte, med god opplæring som sikrar pasienten rett kvalitet på tenestene. Sjukepleiarar utgjer den største tilsettegruppe i føretaket. Spesialsjukepleiarar er ein viktig ressurs som vi skal utnytte og ta vare på.

Vi som leiing i helseføretaket har ikkje den ferdige oppskrifta på korleis dette skal skje, og vil ta med dei relevante faggruppene på råd om dette.  Vi har fokus på å drive fagleg forsvarleg, levere spesialiserte tenester av høg kvalitet, fokus på å ivareta HMS og å drive kunnskapsbaserte endringar og utviklingstiltak. Dette er ei utvikling vi alle må engasjere oss i, og ikkje møte med frykt eller uro.

Vi veit at det er i alle partar si interesse at både behandling og pleie på sjukehuset skjer  innanfor trygge rammer - for både pasient og tilsett. Pasientgrunnlaget vårt er i endring, det medisinske faget er i endring, krava frå helsestyresmaktene endrar seg – Helse Førde kan ikkje møte framtida utan endring. Vi må, saman med faggruppene i spesialisthelsetenesta, finne kva som er den beste måten å møte desse utfordringane på. Pasientane og Helse Førde treng høg og brei kompetanse hos sjukepleiarar i framtidas spesialisthelseteneste.