Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Takka av tre styremedlemer

Helge Bryne, Liv Stave og Atle Hamar gjekk ut av styret i Helse Førde i vinter. Dei tre blei takka av i samband med siste styremøte.

Publisert 08.03.2018
Sist oppdatert 02.01.2024
ein mann og ei kvinne som sit ved eit bord pent antrukket
Atle Hamar hadde takka ja til attval i styret for Helse Førde då han blei utnemnd som statssekretær i regjeringa. Styreleiar Agnes Landstad takka av han og to andre styremedlemer i samband med siste styremøte.

Ein verkeleg veteran forlet styrerommet i Helse Førde i februar. Helge Bryne møtte på sitt første styremøte 1. juli 2004, og sat som styremedlem fram til 21. februar i år.

- På dei 14 åra deltok han i ikkje mindre enn 129 styremøte. Han var med på handsaminga av 996 saker, opplyste styreleiar Agnes Landstad.  

Ho lista opp ei rekkje store og viktige saker som Bryne har vore med på å handsame.

- Men så lang fartstid har Helge Bryne vore med på store delar av det som er historia til Helse Førde.

Liv Stave sat som styremedlem frå februar 2012. Atle Hamar kom inn to år seinare, og har vore nestleiar frå desember 2016.

Hamar var den einaste av dei tre som var til stades.

- Eg har fått vore med i styret for ein organisasjon med svært mange flinke og kompetente folk. Vi har hatt gode og viktige diskusjonar, sa Hamar.

Hamar opplyste at han hadde sagt ja til to nye år i styret, då han fekk spørsmål om å bli statssekretær og måtte melde frå om at han ikkje kunne ta attval. Han la ikkje skjul på at siste året i styret hadde vore prega av vanskelegare økonomi.

- Då eg høyrde administrerande direktør Arve Varden fortelje på radio at Helse Førde gjekk med eit overskot på 26 millionar i fjor, tenkte eg at det nesten var for godt til å vere sant, sa Hamar.

Også Børge Tvedt blei takka av for jobben som konstituert administrerande direktør frå mai i fjor og til februar.

- Du kom inn i ei krevjande tid. Du tok roret i eit røft farvatn, og styrte jamt, stillfarande og stødig. Du greidde å sy ting saman att, helsa styreleiaren.