Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vel deg ny time på direkten!

Har du nokre faste dagar i veka at det ikkje passar å møte til sjukehustimen? Har du fått time midt i ferien din, eller på sølvbryllupsdagen din? Det er du som veit når det passar deg å møte, og på revmatologisk poliklinikk i Førde kan du vere med å bestemme.

Publisert 11.11.2016
Sist oppdatert 02.01.2024

​Revmatologisk poliklinikk ved Førde sentralsjukehus behandlar mange med kroniske sjukdommar og andre pasientar som må følgjast opp over tid. Sidan våren 2015 har klinikken endra rutinane sine, slik at du som pasient kan få tildelt ein ny time straks du er ferdig med den førre.

to personar i kvitkledd uniform og ei kvinne inne på eit behandlingsrom

PLANLEGG FRITID OG OPPGÅVER: Tidlegare fekk pasienten time når det passa sjukehuset, no kan ho velgje time når det passar best. Frå venstre seksjonsleiar Pawel Mielnik, einingsleiar Per Anders Hornnes og Hanne Bildøy.

- Vi tildeler ny time på direkten, mens pasienten enno er her, fortel einingsleiar Per Anders Hornnes. – Dermed kan vedkommande fortelje oss kva vekedag eller datoar som passar best, og vi kan der og då tilpasse timen etter dette.

Ikkje berre sj​ølvsagt og enkelt

For utanforståande kan dette høyrest både sjølvsagt og enkelt ut, men dette er nytt og bak endringa ligg eit stort og målretta arbeid. Å planlegge ein sjukehustime langt fram i tid krev godt samarbeid, mykje koordinasjon og godt oversyn internt på sjukehuset. Er det nok ressursar på jobb den aktuelle dagen? Legar, sjukepleiarar til dømes? Har vi fått inn alle opplysningane vi treng om pasienten, for eksempel prøvesvar, screening og liknande? Har vi på plass nok behandlingsrom, utstyr og eventuell kompetanse som trengst frå andre avdelingar?

Dette er berre nokre av problemstillingane som ikkje er så enkle for omverda å sjå, men som må vere avklara idet sjukehuset tildeler timar. Fram til våren 2015 planla revmatologisk poliklinikk kort tid framover, sjeldan meir enn eit par månader, ofte kortare. Mange hamna på venteliste med omtrentleg tidspunkt for timen - såkalla tentativ time - før dei vart tildelt ein konkret dato og klokkeslett for timen. Og då det først skjedde, var det likevel mykje tilfeldig om tidspunktet passa!

Planl​​egg langt fram

Slik er det altså ikkje lenger. Helse Vest, som eig Helse Førde, har vedteke nye ventelisteforskrifter. Utfrå desse har revmatologisk poliklinikk etablert nye rutiner for å «booke inn» dei omlag 6 000 pasientane som kjem kvart år.

For å klare dette, er det viktig at alt helsepersonell som skal delta i behandlinga planlegg fråværet sitt langt fram i tid. Dei må føre inn feriar, permisjonar, utdanningsfråvær m.m. i den elektroniske fråværskalendaren, slik at sekretærane alltid kan sjå kven som er på jobb til eitkvart tidspunkt. Den tilsette har ikkje berre ansvar for å føre dette, dei har også ansvar for å vere aktive i å undersøke når til dømes aktuelle kurs skal vere slik at desse kan førast inn i fråværskalenderen.

- I starten opplevde mange dette kravet om fråværsplanlegging som eit press, men ikkje no lenger, fortel leiar Pawel Mielnik på revmatologisk seksjon. – Dei tilsette er komne inn i vanen og systemet, og seier at dei ikkje opplever at dette er meir strevsamt enn kva det var tidlegare. Dei får jo samtidig godt oversyn over eiga fritid, og det forenklar også deira liv.
Før klinikken starta med langtidsplanlegging og tildeling av «direkte time» i fjor vår, stod meir enn to tusen pasientar på såkalla tentativ time. No er talet 650, og målet er å komme ned på mellom fire og fem hundre.

- Nokre pasientar må stå på tentativ time, til dømes fordi behandlinga avheng av prøvesvar vi enno ikkje har fått, seier Mielnik.

Present​​ert for Høie

Hanne Bildøy er leiar for helsesekretærane i klinikken, og opplever at alle tilsette har fått ei felles forståing for verdien av å planlegge aktivitet og fråvær langt fram i tid.

- Da vi starta opp, såg vi alle at dette ville bli utfordrande, fortel Hanne Bildøy. – Først var det nok litt vegring. Men det har gått seg til på ein god måte, både for pasientane og for oss som jobbar her. Hugs på at det er sekretærane som verkeleg har gjort jobben og som har lukkast med dette.
Tidlegare i haust presenterte ho arbeidet på ein nasjonal fagkonferanse, med blant andre helseministeren på tilhøyrarbenken, under tittelen «Ny time på direkten – slik klarte vi det!».