Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vern om sjukehusparken vår

Det er heilt unødvendig å gjere eit 1300 kvadratmeter stort inngrep i den verneverdige sjukehusparken vår. Eit fortau vil gje nok rom for både syklistar og gåande, og vil bli eit langt mindre og truleg mykje billegare inngrep, skriv administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, i dette innlegget.

Publisert 14.02.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

Førde kommunestyre skal torsdag 16. februar 2017 handsame sak om detaljregulering av fylkesveg 484 Vievegen, gang- og sykkelveg.
Helse Førde håpar at politikarane set seg grundig inn i bakgrunnen for at sjukehusparken er gitt det sterkaste vernet etter kulturminnelova (strengaste verneklasse, verneklasse 1). Det undrar oss sterkt at dette ikkje blir opplyst meir om og vektlagt langt sterkare av kommunen som planstyremakt.
Alternativet som Førde kommune foreslår vil ta over 1300 kvadratmeter av parken til gang og sykkelveg, og framstår som eit omfattande inngrep i dette kulturminneområdet. 
Helse Førde ønskjer etablert eit alternativ som gir god passasje for gåande og syklande gjennom ei fortausløysing. Dette vil gi eit inngrep i parken på maksimalt 400 kvadratmeter. Dette alternativet ønskjer altså ikkje sykkelbyen / Førde kommune, sjølv om det etter alt å dømme også blir det rimelegaste alternativet.
Løysing med fortau vil møte alle omsyn best: Kommunen anerkjenner verdiane som ligg i parken, dei gåande og syklande får 2,5 meter vegbreidde over dette strekket på 200 meter - og Førdepakken og innbyggarane får reduserte kostnader.
Helse Førde håpar at informasjon om verdien anlegget representerer kan motivere kommunen til å verdsetje den verdien og dei kvalitetane anlegget har for innbyggarar frå heile fylket, og ikkje minst erkjenne at dette har innverknad på korleis vi planlegg og skjøttar dette som verdi i plansamanheng.
Mange har arbeidd godt for å gje Førde eit estetisk og miljømessig løft dei seinare åra. Då blir det meiningslaust å skulle byggje ned nokre av dei finaste kvalitetane som allereie finst her, nemleg sjukehusparken vår.