Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vidar Vie fråtrer stillinga som viseadm. direktør i Helse Førde

Vidar Vie (52) går i dag av som viseadministrerande direktør i Helse Førde, og tek til i ei stilling som spesialrådgjevar i staben til administrerande direktør.

Publisert 03.03.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

Vie har vore del av føretaksleiinga i tolv år. Han har bak seg to år som informasjonssjef, ti år som vise-administrerande og har i periodar også fungert som administrerande direktør.

- Det har vore spennande, utfordrande og gjevande, men også svært arbeidskrevjande. Dei siste par åra har difor tanken på å tre tilbake, og gå over til andre oppgåver, komme stadig oftare, seier Vie.

Vie legg ikkje skjul på at varslarsaka og uroa som har vore i organisasjonen siste halvåret, også er medverkande til at han no går over til ei anna stilling i føretaket. Faktagjennomgangen av varslarsaka og framlegget til omorganisering som styret i Helse Førde fekk gjennomført, konkluderte med mild kritikk. Konklusjonane i rapporten er såleis ikkje noko sjølvstendig grunnlag for at Vie no vel å fråtre.

- Dei siste månadene har vore krevjande. Eg ønskte å stå i jobben til rapporten om varslarsaka og omorganiseringa blei fullført. No tenkjer eg det er rett tid for å gå til nye oppgåver, og eg ser fram til det, seier han.
Vidar Vie kjem til å halde fram i Helse Førde i ei stilling som spesialrådgjevar, og vil rapportere til administrerande direktør.

- Vidar har over ei årrekkje gjort ein formidabel jobb i Helse Førde. Han har ein imponerande arbeidskapasitet, og sit på mykje kunnskap om organisasjonen som føretaket også vil ha nytte av i framtida. Det vil vere rikeleg med arbeidsoppgåver for han å ta fatt på, seier administrerande direktør Jon Bolstad.

Han er fornøgd med at Vie held fram i Helse Førde.

- Vidar har vore min næraste medarbeidar i ti år. Eg har opplevd at vi har hatt eit svært godt samarbeid.

Børge Tvedt blir inntil vidare konstituert som viseadministrerande direktør, og Anne Kristin Kleiven som direktør for stab og støtte. Tvedt er i dag direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Kleiven er utviklingsdirektør. Begge held fram i desse stillingane.