Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Video sparer tid og pengar – og pasientane er nøgde

Pasientane slepp å bruke heile dagar på å reise til og frå sjukehuset, behandlinga blir raskare og billegare med videokonsultasjon. Brukarundersøking i Helse Førde viser at pasientane er svært godt nøgde med resultatet.

Publisert 28.04.2021
Sist oppdatert 02.01.2024

​Mange pasientar slit med ulike former for skader og slitasje på hendene, og som ein del av Helse Vest sitt program for forbetringsmetodikk hadde Helse Førde i 2020 prosjekt for ein ny modell for pasientar med behov for handrehabilitering.
 

God ​og rask helsehjelp

Ei viktig brikke i dette er bruken av videokonsultasjonar. 40 pasientar som fekk tilbod om dette i fjor, er i ettertid blitt spurde om erfaringane. På ein skala frå 1 (dårlegast) til 5 (best) svarer dei slik:
35 av dei 40 pasientane opplevde videokonsultasjonen som svært positiv, og gav 5 på skalaen. Fire pasientar gav karakter 4, og ein pasient gav karakter 3. Ingen brukte dei to lågaste karakterane.
39 av 40 pasientar fortel at dei fekk tilstrekkeleg informasjon frå behandlar, og 34 av 40 brukte mindre enn ein halv time på konsultasjonen.

Sparte ti​mevis med reising

Videokonsultasjonane går direkte heim til pasienten, og det betyr mykje tid og reisekostnader spart. Høyr berre: 24 av 40 pasientar sparte meir enn tre timar reisetid, 10 pasientar sparte mellom to og tre timar, seks pasientar sparte mellom ein og to timar - og det var ingen som sparte mindre enn ein time reisetid.
Samla viser dei 40 videokonsultasjonane i undersøkinga dessutan at denne behandlingsforma vart meir enn 25 000 kroner billegare samanlikna med fysisk oppmøte.

Viktigast ​​med nøgde pasientar

Prosjektet er eit samarbeid mellom avdelingane Samhandling og tverrprofesjonelle tenester og Ortopedisk avdeling i Helse Førde.
- Dette er vinn-vinn. Det viktigaste er at pasientane er nøgde, ikkje å spare pengar. Vi anslår at Helse Førde no har om lag 10 prosent av slike konsultasjonar på video, og vi arbeider for å auke denne andelen noko, fortel prosjektleiar og ergoterapeut Eli Schwarz. – Det er særleg kontrollar og visse typar undersøkingar som eignar seg for videokonsultasjon.
Ein annan viktig del av prosjektet er å utvikle samarbeidet og etablere gode rutinar mellom faggrupper som ortopedar og ergoterapeutar, heve kompetansen og hente ut synergieffektar mellom sjukehusa. Og ikkje minst utvikle videokonsultasjonar vidare som verktøy. Eit viktig prinsipp i prosjektet er at konservative tiltak alltid skal vere vurdert før ein eventuell operasjon.