Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil du bli traineé i sjukepleie

Om ei veke går søknadsfristen ut for åtte traineestillingar for nyutdanna sjukepleiarar.

Publisert 28.02.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

​Helse Førde og kommunane Flora og Førde samarbeider om det toårige traineeprogrammet som sikrar deltakarane tilbod om fast stilling etter gjennomføring. Halvparten av stillingane er i Helse Førde, dei fire andre fordeler seg med to stillingar kvar i Flora og Førde.

Her finn du den fullstendige utlysingsteksten.

- Vi ønskjer at sjukepleiarane gjennom programmet får auka breiddekompetanse og innsikt i dei ulike omsorgsnivåa, seier Irene Svarstad, seksjonsleiar på ressurs og bemanning i Helse Førde.

Dei åtte traineeane blir tilsette i heile prosjektstillingar i ein av kommunane eller helseføretaket. Programmet er delt i tre periodar kvar på åtte månader. I tillegg til å arbeide som sjukepleiar innan ulike avdelingar, einingar og tenester i dei to kommunane og helseføretaket, blir det også laga fellessamlingar gitt rom for individuell oppfølging.

Ei veke før søknadsfristen går ut har det meldt seg tre søkjarar, to til Førde kommune og ein i Helse Førde. Dei som kan søkje er sjukepleiarar som var ferdig utdanna hausten 2016 eller våren 2017. 

- Tilbakemeldingane frå deltakarar på første kullet har vore svært gode. Vi trur vi har eit svært spennande program å tilby, seier Svarstad.

Svarstad er ansvarleg for å følgje opp traineeane i Helse Førde. Leni Klakegg i Flora kommune er felles koordinator for samarbeidsordninga mellom føretaket og dei to sunnfjordkommunane.

Søknadsfristen er 6. mars.