Det er heilt normalt å vere usikker på kva retning ein skal velje når ein skal søke vidare skulegang. Det finst så mange valmoglegheiter for utdanning, og det kan vere vanskeleg å vite kva som er det rette nettopp for deg. Det viktigaste er at du vel noko du trur du vil trivast med. Du skal tross alt bruke mange timar av livet ditt i jobb, så det er viktig å finne noko som gir deg både glede, meistring og motivasjon.
Vi håpar du fekk nokre gode tips under utdanningsmessa som gjer valet ditt enklare?
Vi tek i mot både lærlingar og studentar innan ulike yrkesretningar, og kanskje vi ser deg her ein gong i framtida?
Under finn du litt meir informasjon om Helse Førde som utdanningsinstitusjon og arbeidsplass, samt at du kan delta i konkurransen vår der vi kårar ein vinnar kvar dag under messa (1.-3. april).