Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ambulansematros Ann Helen

Ann Helen Espeseth er snart ferdig utdanna ambulansematros, som kanskje den einaste jenta i området. Ho har jobba som ambulansearbeidar i ti år, og har jobba både på ambulansebil og ambulansebåten. Interessa for båt gjorde at ho ønska å vidareutdanne seg som lettmatros.

Publisert 12.06.2026
Vaksen opp på sjøen

Ann Helen har vore ambulansearbeidar på bil i nesten 10 år, og begynte på ambulansebåten då den kom. Ho har nær sagt vakse opp ved og på sjøen, og det kjendes derfor veldig naturleg å ta steget vidare til å bli lettmatros når sjansen baud seg. 

Ein mann og ei kvinne i uniformar ombord i ambulansebåten
Nytt og spennande

Ann Helen jobbar framleis både på ambulansebil og på ambulansebåten. På båten får ho som lettmatros kombinert ferdigheitene sine som ambulansearbeidar med ferdigheiter frå sjøen. Ho bistår blant anna kapteinen med sikkerheit, manøvrering og navigasjon. Dette syns ho er ein perfekt og lærerik kombinasjon som gjer at dagane blir veldig varierte. 

Pasientane er stort sett alltid er så glade og takknemlege for at vi kjem. Dei er også ofte veldig overraska over kor kjappe vi er på plass, og at vi kjem oss fram og finn gode løysingar på ting.
Ambulansebåt ved kai og ambulansebil på land
Ambulansebåten Roseflora ligg til kai i Florø havn. Båten har også ein ambulansebil tilgjengeleg.