Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ei kvinneleg helsesekretær som sit ved eit skrivebord med ei datamaskin framfor seg

Helsesekretær Marielle

Marielle Griffin Blaalid er helsesekretær ved Nordfjord sjukehus. Ho har jobba her i fem år, og er veldig glad i jobben sin. Ho har brei erfaring frå pasientnært arbeid frå før, då ho tidlegare har jobba som helsefagarbeidar.

Publisert 21.05.2026
Sist oppdatert 22.05.2026
Ein veldig motiverande jobb

For Marielle er det varierte oppgåver og det å få jobbe med menneske som er hovudgrunnen til at ho trivast så godt.

– Vi jobbar tett med menneske i ulike livssituasjonar, og får kombinert fagkunnskap med omsorg, struktur og god kommunikasjon. 

Ei kvinneleg helsesekretær som sit å jobbar ved datamaskina

Ein typisk dag inneber å ta imot pasientar, svare på spørsmål, holde orden på timeavtalar og dokumentasjon. Helsesekretæren bidret til at pasientflyten går smidig, og at både pasientar og kollegaer opplever tryggleik og god service.

Det kjennes veldig godt når ein kan gå heim igjen frå jobb, og kjenne på at ein har gjort dagen litt enklare for pasientane.
Helsesekretæren er ein nøkkelperson i møte med pasienten

Som helsesekretær jobbar ho tett på menneske i ulike livssituasjonar. Ho er med på å skape gode møter, og bidreg til at pasientane får ei god oppleving når dei kjem til sjukehuset. 

Jobben er veldig variert og meiningsfull. Dei er ofte det første ansiktet pasienten møter, og dei sørger for at pasientane blir tatt imot på ein trygg og god måte. 

– Arbeidsdagen er svært variert, og det å jobbe med menneske, å kunne hjelpe pasientane når dei treng å flytte på ein time, eller komme raskt til, det betyr mykje. 

Godt arbeidsmiljø og høg trivsel

Det er eit veldig godt samarbeid mellom dei ulike yrkesgruppene, og vi jobbar tett på kvarandre. Alle kjenner alle, og kommunikasjonen er veldig enkel. 

– Vi er eit godt team, der alle er nødvendige brikker i samspelet rundt pasienten.

Ho trekk også fram det gode arbeidsmiljøet som ein viktig faktor for den gode trivselen.