Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ei ung kvinne i kvit uniform som held ein baby inne på ei fødestove

Jordmor Tina

Tina Gotteberg Hove er jordmor ved kvinneklinikken i Helse Førde. For henne er jobben veldig givande og viktig. Det å hjelpe nye liv inn i verda er svært meiningsfylt. Kvar einaste gong.

Publisert 09.07.2026
Velkommen til verden

Kvar fødsel er unik. For Tina er det stort å få vere med når to blir til ein familie. Litt stell og kos høyre med.

Det å hjelpe nye liv inn i verda blir ikkje mindre stort til fleire gongar du gjer det.

Når sekunda og minutta tel, kjem hjelpa raskt. Eit samkøyrt team skaper tryggleik, også når situasjonen er alvorleg.

Tina føler jobben ho gjer er veldig verdifull og viktig. Det å få ta imot nye verdsborgarar er stort. Kvar einaste gong.

– Det å sjå paret når dei går i frå å vere to, til å bli ein familie, og få vere med å rettleie dei i den rolla, det er stort. 

Også i akutte situasjonar gir jobben stor meining. Med eitt trykk på alarmknappen, så er rommet fylt av fagfolk som alle kjenner rolla si og veit kva dei skal gjere. Samarbeidet fungerer veldig godt, og ein klarer å halde ei roleg og trygg stemning. Slik unngår ein å skape unødig uro for paret, sjølv når dei forstår at situasjonen kan vere alvorleg.

– Du blir så drilla i det du skal gjere, at sjølv i akutte situasjonar så toler du å stå i det.

Tina føler jobben ho gjer er veldig verdifull og viktig. Det å få ta imot nye verdsborgarar er stort. Kvar einaste gong.