Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ei ung og smilande kvinne i kvit uniform i ein sjukehuskorridor

Sjukepleiar Silje

Silje er sjukepleiar på medisinsk sengepost ved Lærdal sjukehus. Ho syns det er gjevande å få hjelpe folk som er sjuke og i vanskelege situasjonar.

Publisert 27.10.2026

Ein spennande og utviklande jobb

Eg syns det er veldig spennande og interessant å jobbe her, og eg har mange gode kollegaer og eit stort fagmiljø å spørre. Dersom det er noko eg er usikker på, så har eg alltid nokon å spørre. Vi utfyller kvarandre godt, og ser og observerer ulike ting. Det tenker eg er viktig og bra for pasientane våre.

Å kunne vere den som bidreg til at dagen blir litt betre, betyr mykje for meg.

Ein skikkeleg fin plass å vere

Eit velfungerande sjukehus og ei medisinsk avdeling som kan hjelpe pasientane når dei treng det, er viktig for alle som bur i Indre Sogn. Sjukehuset er også ein skikkelig fin plass å vere, både som tilsett og som pasient.