Prehospital plan Helse Førde

Føremål med prosjektet «Prehospitale tenester» er å sikre innbyggjarane i Sogn og Fjordane gode prehospitale tenester og å leggje til rette for eit vidare godt samarbeid mellom helseføretaket og kommunane om den akuttmedisinske kjeda. Andre fase av arbeidet er no avslutta og høyringsutkast finn du her.

Styret i Helse Førde har bede om å få vurdert heile det prehospitale området, som hos oss omfattar bil– og båtambulansetenesta, AMK samt medisinsk ansvar for luftambulansen i Førde og redningshelikopteret i Florø.

Tenestene har ei stor og sentral rolle i eit føretak som er prega av relativt spreidd busetnad. Bilambulansetenesta som har hatt ei utvikling frå heimevakt til kasernevakter og nasjonale kompetansekrav for å tilpasse seg.

Arbeidet med planen må ta omsyn til økonomiske rammer, kvaliteten i tenesta og arbeidsvilkåra til dei tilsette. Arbeidet må også balansere tilhøvet mellom det hospitale og det prehospitale, mellom ansvaret til kommunane og Helse Førde - og ta opp i seg dei føringar som kjem gjennom styrevedtak, forskrifter og lover, og planar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Prehospital plan er eitt av fleire prosjekt under Pasientens helseteneste.

Alle helseføretak skal utarbeide utviklingsplanar som ein del av iverksetjinga av nasjonal helse- og sjukehusplan. Utviklingsplanen til Helse Førde blir rullert våren 2018. Arbeidet med dei prehospitale tenestene er ein del av dette utviklingsarbeidet.

Styret i Helse Førde HF gav i styresak 068/2017 tilslutnad til at prosessen med å utvikle og implementere ein plan for heile det prehospitale området skal gjennomførast i tre fasar. Dei tre fasane er delte opp slik:

  1. Etablere prosjekt – forankring internt og eksternt: Avklare prinsipp, premissar og rammevilkår.
  2. Detaljering av modellar.
  3. Implementering av vald modell.

Rapporten for fase 1 i prosjekt Prehospitale tenester vert med dette sendt ut på høyring. Denne finn du under.

Prosjektprosessen

Rapporten er utarbeidd av ei breitt samansett gruppe med deltakarar frå Helse Førde, kommunar og brukarar. Det har også vore sett ned ei referansegruppe med brei fagleg kompetanse på området. Arbeidet er gjennomført i samsvar med den nasjonale rettleiaren for utviklingsplanarbeid og Helse Vest sine føringar for korleis arbeidet skal utførast.

Høyringsrapporten

Rapporten er ei oppsummering av arbeidet som prosjektet har gjort gjennom haust og vinter 2017/2018. Høyringsutkastet er godkjent for utsending av styret i Helse Førde.

Rapporten omhandlar mellom anna kva lover, forskrifter og føringar som gjeld for dei prehospitale tenestene, korleis tenesta vert driven i dag og samanlikning med prehospitale tenester andre stadar i landet.

Innleiingsvis vil de finne eit samandrag av rapporten som tek føre seg dei viktigaste tinga i kvart kapittel. Kvart kapittel har også ei oppsummering.

Høyringsfrist

Innspel til rapporten må sendast til postmottak i Helse Førde (post@helse-forde.no) innan 30. mai 2018. Dersom det er spørsmål knytt til dokumentet kan dei stillast til prosjektleiar og direktør for Kirurgisk klinikk, Trine Vingsnes, anten på epost trine.hunskar.vingsnes@helse-forde.no eller telefon 57839866.

Venleg helsing

Arve Varden
administrerande direktør Helse Førde





        Frå høyringsinstansar

          Frå tilsette i Helse Førde

            Generelle tilbakemeldingar

               
              Send innspel til Prehospital plan fase 3 Helse Førde 

               

              Arbeidsgrupper fase 3

              Tom Guldhav (leiar)
              Direktør kirurgisk klinikk, Helse Førde

              Robert Brennersted
              Avdelingssjef, Helse Førde

              Stian Sægrov
              Ambulansesjef, Helse Førde

              Vidar Vie
              Spesialrådgjevar, Helse Førde

              Audun Nedrebø
              Brukarrepresentant

              Elin Sørbotten
              KS

              Heidi Vederhus
              KS

              Daniel Søvde
              Tillitsvald, Helse Førde

              Leif Johnny Fjellro
              Tillitsvald, Helse Førde

              Geir Tennebø
              Vernetenesta, Helse Førde

              Robert Brennersted (leiar)
              Helse Førde

              Stian Sægrov
              Helse Førde

              Vidar Vie
              Helse Førde

              Leif Otto Halland
              Helse Førde

              Øystein Helleseth
              Helse Førde

              Kjartan Heggø
              Helse Førde

              Helene Høiset Sæterdal
              Helse Førde

              Dag Are Fludal
              Vernetenesta

              Gunnbjørg Friis
              Tillitsvald

              Kristine Longfellow
              Høyanger kommune

              Martin Lundegård
              Hyllestad kommune

              Bente Nesse
              Fjaler kommune

              Geir Ytredal
              Brukarrepresentant

              Stian Sægrov (leiar)
              Helse Førde

              Robert Brennersted
              Helse Førde

              Vidar Vie
              Helse Førde

              John Ellingsund
              Helse Førde

              Trond Aamot
              Helse Førde

              Norleiv Helgheim
              Helse Førde

              Eivind Pettersen
              Vernetenesta Helse Førde

              Leif Johnny Fjellro
              Tillitsvald Helse Førde

              Evy Fjellestad
              Bremanger kommune

              Anita Brevik
              Bremanger kommune

              Randi Ytrehus
              Bremanger kommune

              Jan Helge Dale
              Kinn kommune

              Irene Storøy
              Brukarrepresentant

              Hilde Larsen
              Tillitsvald Bremanger kommune

              Frida Galaasen
              Brukarrepresentant

              Stian Sægrov (leiar)
              Helse Førde

              Leif Magne Giil
              Helse Førde

              Laila Haugland
              Helse Førde

              Leif Otto Halland
              Helse Førde

              Vidar Vie
              Helse Førde

              Daniel Søvde
              Tillitsvald Helse Førde

              Geir Tennebø
              Vernetenesta Helse Førde

              Kristianne Nore
              Nordfjord legevakt og Stad kommune

              Marius Solbakken
              Stryn kommune

              Stian Sægrov (leiar)
              Helse Førde

              Rune Larsen
              Helse Førde

              Trond Aamot
              Helse Førde

              Margun Thue
              Helse Førde

              Evy-Helen Helleseth
              Helse Førde

              Geir Tennebø
              Vernetenesta

              Thomas Vingen Vedeld
              Stad kommune, region Nordfjord

              Gry Elise Albrektsen
              Legevaktspilot

              Jan Ove Tryti
              Kommuneoverlege Sogndal

              Jan Tore Odd
              Brukarrepresentant

               

               

               

               


              Sist oppdatert 12.09.2023