Utviklingsplan for Helse Førde - innsatsområde

06. Forsking og innovasjon

Helse Førde jobbar for å styrke forskingsaktiviteten og har nyleg vedteke eigen forskings- og innovasjonsstrategi.

 I Helse Førde prioriterer vi forskingsprosjekt som gjev nytte, som er klinisk relevante -  der vi kan ta i bruk forsking og nye idéar i praktisk pasientbehandling. 

Forsking er ei av dei fire lovpålagde kjerneoppgåvene for helseføretaka. Forsking inneber å skaffe fram ny kunnskap. Dette heng tett saman med innovasjon og kvalitets-/tenesteutvikling. Eitt eksempel er at vi utviklar NORSE tilbakemeldingssystem samstundes som vi forskar på bruken.

Utfordringar og moglegheiter

Helse Førde sine særskilde moglegheiter til å gjennomføre forsking og innovasjon kjem av godt samarbeid mellom kliniske avdelingar, kommunar, lokalt næringsliv og Høgskulen på Vestlandet. Vi skal bruke desse moglegheitene til å utvikle gode tenester til beste for pasientane våre. Det er relativt få forskarar i føretaket, og den nyleg vedtekne strategien skal bidra til å styrke oss som forskingsorganisasjon, mellom anna ved at medarbeidarar kan kombinere forsking og klinisk arbeid.

På nettstaden Helseforsking Sogn og Fjordane finn du informasjon om kva innovasjonsprosjekt Helse Førde er involvert i.

Mål

  • Forsking av høg kvalitet og innovasjon skal forbetre helsetenestene og fremje meistring og helse.

  • Forsking og innovasjon skal vere ein integrert, robust og varig del av Helse Førde sin organisasjon

 

Tiltak for å nå måla

  • Styrke forsking og innovasjon i føretaket gjennom systematisk arbeid internt og med eksterne samarbeidspartar.

  • Utvikle ein meir robust og tydeleg organisasjon med kultur for forsking og innovasjon i klinisk drift.

  • Auke innsatsen til klinikknær forsking og innovasjon, og infrastruktur og støttefunksjonar.

  • Auke brukarmedverknad i forsking og innovasjon og gi fleire pasientar høve til å delta i kliniske studier.

  • Auke forskingssamarbeidet med andre sjukehus, utdanningssektoren, kommunane og nasjonalt/ internasjonalt forskingsmiljø.

  • Vere pådrivar for tverrfagleg forsking av høg kvalitet.

  • Innovasjon og forbetring skal vere ein naturleg del av oppgåveløysinga i organisasjonen.

  • Delta i helsenæringsutvikling i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og næringslivet.

  • Helse Førde vil dei næraste åra implementere tiltakspakkane i forskings- og innovasjonsstrategien til Helse Førde.

Tiltakspakkar innan forsking og innovasjon

I forskings- og innovasjonsstrategien til Helse Førde  finn du åtte tiltakspakkar som forsking og innovasjon skal jobbe med fram mot 2025. Her står det òg korleis dei skal måla om dei er på rett veg.

    Sist oppdatert 12.04.2024