Utviklingsplan for Helse Førde - innsatsområde
10. Samfunnsansvar
Helse Førde er den største organisasjonen i gamle Sogn og Fjordane. Vi har aktivitetar i dei fleste kommunar og store institusjonar som sjukehus på tre stader.
Aktiviteten vår påverkar arbeidsplassar, infrastruktur, rekruttering, næringsliv og mange andre delar av det offentlege.
Klima og miljø, menneskerettar og arbeidstakarrettar, samt antikorrupsjon er tema som sjukehusa jobbar med innan samfunnsansvar i Noreg. Spesialisthelsetenesta skal vere leiande i sitt arbeid med miljø og berekraft, og fremje god helse gjennom miljøvennleg drift. I spesialisthelsetenesta sin rapport for samfunnsansvar 2023 finn du klimaregnskap for kvart helseføretak og døme på korleis det blir jobba med dette.
Utfordringar og moglegheiter
FN har slått fast at klimaendringane er ein trussel for menneskeheita, men endringane er også, i følge Verdens Helseorganisasjon, den største helsetrusselen vi står ovanfor. Norske sjukehus set eit solid avtrykk med høgt forbruk. Sjukehusa i Noreg har difor vedteke felles miljømål for å redusere CO2-utsleppa med 40 prosent innan 2030. Det langsiktige målet er å ha ei klimanøytral verksemd innan 2045. Helse Førde deltek i regionale og nasjonale nettverk knytt til klima og miljø, og har implementert miljøstyring som ein del av verksemdstyringa.
Mål
-
Helse Førde skal saman med dei andre helseføretaka i landet følgje opp FNs bærekraftsmål med å redusere CO2-utsleppa med 40 prosent innan 2030.
-
Helse Førde skal vere ein aktiv samfunnsaktør og fremje samarbeid og innovasjon på tvers av fag, organisasjon og næring.
Delmål
Innføre miljømål som er vedtekne av dei regionale helseføretaka:
-
Redusere førekomsten av helsetenesteassosierte infeksjonar (sjukehusinfeksjonar).
-
Produkt utan helse- og miljøskadelege stoff skal vere 75 prosent innan 2030.
-
Redusere energiforbruket med 20 prosent og auke delen gjenvinningskraft innan 2030.
-
Polikliniske konsultasjonar over video og telefon skal vere minimum 20 prosent innan 2030.
- Redusere unødvendig forbruk og auke materialgjenvinning og ombruk.
-
Fossilfri verksemd innan 2030, og ein 30 % reduksjon i bruk av bil, samt 40 % reduksjon i bruk av fly.
- Berekraftig skjøtsel av natur.
-
Miljøbevisste medarbeidarar med ein skår på 90 i forbetringsundersøkinga.
Tiltak for å nå måla
-
Vidare arbeid for auka miljømedvit i heile organisasjonen ved årleg internrevisjon, handlingsplanar, obligatoriske kurs og informasjonsaktivitetar.
-
Stille miljøkrav og gjennomføre regelmessige revisjonar av leverandørar etter miljø- og kvalitetskrav.
-
Utbygginga ved sjukehuset i Førde skal skje på ein miljøskånsom måte.
-
Auke bruken av konsultasjonar for pasientar ved video og telefon framfor oppmøte der dette er tenleg.
-
Arbeide vidare for å nytte videomøte framfor å reise til møte og konferansar.
-
Auke innovasjon for å styrke miljøet og bidra i samfunnsansvaret.
-
Ha kommunikasjonsaktivitet internt og eksternt om mål og oppgåver, slik at andre veit kva Helse Førde driv med, og kan få tilbakemeldingar om korleis vi blir oppfatta.
-
Arrangere helseinnovasjonskonferanse kvart år.
Slik skal vi måle at vi er på rett veg
-
Årleg rapportering i klimarekneskap.
-
Årleg fag- eller systemrevisjonar knytt til miljø.
-
Indikatorrapportering til RHF på miljødelmål.
-
System for å vurdere meir miljøvennlege løysingar.
-
Måling av innovasjonsgrad og evne (årleg).
-
Måling av omdømme - kommunikasjon (årleg).