Utviklingsplan for Helse Førde - innsatsområde
02. Kvalitet og pasienttryggleik
I Helse Førde skal vi ha gode system for å fange opp og førebygge risiko og unødig variasjon, og vere opne om kvaliteten på tenestene våre. Vi skal nytte informasjon om uheldige hendingar, avvik og skader på ein systematisk måte for å lære og forbetre oss.
Spesialisthelsetenesta skal gje tenester av god kvalitet som er basert på kunnskap. Kvalitet er å sjå tenesta i heilskap og å utvikle tenestene kontinuerleg utifrå nye moglegheiter innan kompetanse, medisinsk og teknologisk utvikling og nyvinning. Kunnskapsbasert praksis er eit arbeid der ein set seg inn i ny kunnskap, omset dette til praksis, evaluerer, lærer av dei feila ein gjer og korrigerer. Brukarmedverknad er vesentleg for å sikre kvalitet og pasienttryggleik.
Tenestene våre skal vere trygge og sikre
Helsetenesta har god kvalitet når den:
-
har god verknad, er trygg og sikker
-
er samordna og prega av kontinuitet
-
involverer brukarar og gir dei høve til å påverke
-
utnyttar ressursane på ein god måte
-
er tilgjengeleg og rettferdig fordelt
Mål
-
Kontinuerleg og systematisk arbeid med pasienttryggleik og kvalitet i alle ledd.
-
Systematisk arbeid for å førebygge pasientskader, hindre uønska variasjon og lære av avvik.
-
Styrke kulturen som lærande organisasjon ved å vere opne; dele, lære på tvers av einingar og arbeide for ein gjennomgåande god meldekultur.
-
Kontinuerleg kompetanseutvikling for leiarar og medarbeidarar bidreg til kvalitet i alle ledd.
-
Samarbeide med kommunane om kvalitet gjennom betre heilskap og kontinuitet i tenestene.
Tiltak for å nå måla
-
Sett i verk nye konkrete tiltak for å redusere tal pasientskader og uønska hendingar.
-
Etablert mål og sett i verk nye konkrete tiltak for å redusere vald og trugsmål mot medarbeidarar.
-
Etablert tiltak for systematisk å analysere og hindre uønska variasjon.
-
Etablert system for å redusere legemiddelavvik ved meir systematisk arbeid og styrka rammevilkår (areal/eindose m.v).
-
Styringssystem for kvalitet er vidareutvikla som eit lærings- og forbetringssystem for leiarar.
-
Etablerte samarbeidsrutinar mellom psykisk helsevern og somatisk helseteneste, mellom anna om pasientar med særleg utfordrande åtferd.
-
Nye medarabeidar får kvart år opplæring i kvalitetsforbetring.
-
Dugleikstrening (simulering) er etablert som systematisk del av kompetansestyrking i heile organisasjonen.
-
Involvere pårørande i samsvar med pårørandeveilederen frå Helsedirektoratet.
-
Ta i bruk digitalt system for melding og oppfølging av uønska hendingar mellom kommunar og helseføretak så snart dette er klart.
-
Systematisk nytte erfaringar frå pandemien til å sikre effektiv smittehandtering på kort og lang sikt.
Slik skal vi måle at vi er på rett veg
-
Fleire einingar har etablert systematisk pasienttryggleiksarbeid og har betre resultat på indikatorane samanlikna med 2021.
-
Årleg betre resultat på forbetringsundersøkinga samanlikna med 2021.
-
Styrka oppfølging av avviksmeldingar og meir etablert praksis med læring på tvers.
-
Færre meldte alvorlege avvik innan legemiddelområdet samanlikna med 2021.
-
Årleg auke i tal pasientar/pasientgrupper som får høve til å gje digital tilbakemelding om oppleving av si behandling.
-
Etablert tiltak for redusert uønska variasjon innan prioriterte område.
-
Fleire einingar har teke i bruk dugleikstrening som del av kvalitetsstyrking.
-
Fleire medarbeidarar har gjennomført kvalitets-forbetringsutdanning.
-
Redusert tal helsetenesteassosierte infeksjonar samanlikna med 2021.