Utviklingsplan for Helse Førde - innsatsområde
07. Økonomi
Helse Førde har eit årsbudsjett på om lag tre milliardar kroner. Økonomien har i mange år vore i balanse. Men grunna låg folkevekst har løyvingane auka lite dei siste åra.
Utfordringar og moglegheiter
Auken i behovet for helsetenester må møtast ved å ta i bruk nye hjelpemiddel og satse meir på brukarstyrte tenester, telemedisin og oppfølging ved teknologiske hjelpemiddel. Utviklinga går frå døgn til poliklinikk og auka bruk av videokonsultasjon i staden for fysisk oppmøte. I tillegg er nærare samarbeid mellom fastlege/heimeteneste og sjukehus viktig for å gjere dei rette vurderingane om pasienten treng å komme inn til sjukehuset.
Mål
Berekraftig drift, slik at føretaket kan gjere nødvendige investeringar og sikre handlingsrom for kjerneoppgåvene, samt rom for utvikling av tenestene våre.
Tiltak
-
Hente ut økonomiske gevinstar gjennom omstilling og effektivisering av drifta:
-
Synleggjere behov for endringar i dagens finansieringsordning, som til dømes digitale helsetenester og førebygging i spesialisthelsetenesta.
-
Samanlikne oss med andre for å syne at vi driv effektivt innan rammene våre.
-
Innarbeide økonomiforståing og -motivasjon på alle leiarnivå.
-
Nytte KAPP (kostnad per pasient) i forbetringsarbeid.
Slik skal vi måle at vi er på rett veg
-
KAPP (kostnad per pasient).
-
Gevinstrealisering ved økonomisk oppfølging av planlagde endringar.
-
Samanlikne oss med andre helseføretak.