Utviklingsplan for Helse Førde - innsatsområde

08. Teknologi og digitalisering

Den medisinske og teknologiske utviklinga fører til at vi kan gjere meir for fleire pasientar, og at vi kan yte tenester på andre måtar enn før. Nytt utstyr og nye løysingar gjer oss mellom anna i stand til å automatisere aktivitetar som tidlegare har vore manuelle.

Vi kan til dømes tilby digitale tenester og på den måten flytte oppgåver nærare pasienten. 

Gjennom tilgang til eigne helseopplysningar, sjølvbeteningsløysingar og helseinformasjon kan pasientane i større grad få reell medverknad. 

Utfordringar og moglegheiter

Ny teknologi opnar opp for nye arbeidsformer, og frigjer etter kvart kapasitet til anna arbeid. Liggetid i sjukehuset går stadig nedover på grunn av enklare måtar å gjere undersøkingar og operasjonar på. Fleire får hjelp ved poliklinikk og oppfølgjng/kontollar som til no har føregått ved at pasienten kjem til sjukehuset, kan skje heime hos pasienten på enklare måtar. Utfordringa er å sjå, ta i bruk og hente nytteeffekten av dei nye løysingane.

Nytt utstyr og nye løysingar er i aukande grad knytt til bruk av skytenester, noko som krev auka merksemd på informasjonstryggleik og personvern. Helse Førde må jobbe vidare med rutinar og arbeidsprosessar for å sikre at det er trygt å ta i bruk nye løysingar, med omsyn til behandlingskvalitet, informasjonstryggleik og personvern.

Mål

  • Pasienten skal få tilbod om spesialisthelsetenester digitalt eller heime der det er mogleg og eller tenleg.

  • Pasientane og pårørande skal oppleve at dei digitale tenestene fungerer minst like godt som fysisk oppmøte, og at dei gjev gode brukaropplevingar.

  • Teknologi, areal og arbeidsprosessar skal vere tilrettelagt for digitale helsetenester.

  • Ha god kultur for informasjonstryggleik og personvern.

  • Ta i bruk nye teknologiske løysingar som kan frigjere meir tid til pasientretta oppgåver for helsepersonellet.

  • Utvikle arbeidsprosessar ved hjelp av teknologi som gjer det tryggare og involverar pasienten meir. (døme, visitten er på rommet hos pasienten)

Tiltak for å nå måla

  • Ta i bruk digitale samhandlingsløysingar for å utveksle meldingar og ha møte med kommunane for heilskaplege og koordinerte pasientforløp.

  • Legge til rette for raske prosessar kring bruk av nytt medisinsk teknisk utstyr og programvare som kan støtte opp under medisinsk heimebehandling.

  • Ha system for å gje pasienten god opplæring i korleis dei skal nytte hjelpemidla heime, i god tid før utskriving.

  • Legge til rette for automatisk datafangst, moglegheit for registrering av informasjon der og då, samt registrering av informasjon berre ein gong.

  • Ta omsyn til risiko for digital utanforskap ved å legge til rette slik at løysingane fungerer for alle - også personar med låg helsekompetanse, varierande språkkompetanse og svake digitale ferdigheiter.

  • Utvikle og bygge ein robust IKT-infrastruktur på sjukehusa for å stette framtidas teknologi.

  • Teneste- og organisasjonsutvilingsprosjekta forankrar også innføring av ny teknologi i drifta.

  • Ta i bruk digitale samhandlingsløysingar for intern kommunikasjon som er tidsriktig, trygt og sikkert.

  • Oppmuntre medarbeidarar til å vere innovative ved å finne nye nyttige bruksområde for teknologi i spesialisthelsetenesta.

  • Nytte helsedata aktivt for å tilby raskare og meir presis diagnostisering, betre behandling og meir effektiv ressursbruk.

  • Informasjon og opplæring av medarbeidarar og leiarar i informasjonstryggleik og personvern.

Slik skal vi måle at vi er på rett veg

  • Betre pasientrapporterte opplevingar.

  • Mindre reiser for pasientane.

  • Meir digital pasientbehandling.

  • Auke tal på spesialisthelsetenester i heimen eller nærare heimen.

  • Betre ressursutnytting.

    Sist oppdatert 12.04.2024