Utviklingsplan for Helse Førde - innsatsområde
09. Bygg, drift og eigedom
Helse Førde har ei omfattande drift og ein omfattande bygningsmasse fordelt på mange lokasjonar, og fleire av bygningane er av eldre dato.
Bygg og drift for framtidas pasientbehandling
Ved Førde sentralsjukehus foregår det eit stort moderniseringarbeid med nybygg og opprusting av eksisterande areal. Prosjektet har ei kostnadsramme på 1,8 milliard kroner og skal gje pasientar, pårørande og tilsette betre tilhøve og ruste sjukehuset for framtida. Her kan du lese meir om Nye Førde sjukehus.
I tillegg til byggeprosjektet Nye Førde sjukehus vert det gjort kontinuerleg større og mindre ombyggingar og tilpassingar på andre behandlingsstadar. Miljøomsynet er høgt prioritert i alle bygningsmessige endringar, især har ein prioritert å ta ned bruken av elektrisk energi i bygga. Døme på dette er ny varmesentral i Lærdal, fjernvarme og kjøling frå Førdefjorden Energi og varmesentral ved ISP i Lærdal. Nordfjord sjukehus nyttar fjordvarme, og har dei siste åra optimalisert drifta for å hente ut mest mogleg energi.Mål
-
Skape best moglege areal for effektiv og framtidsretta drift på ein samfunnsmessig berekraftig måte, og som er tilpassa gode pasient- og medarbeidaropplevingar i bruk.
-
Nytte moglegheitene i dagens bygningsmasse og sikre at om- og nybygg er innretta på moderne drift, og har fleksibilitet for framtidige endringar i spesialisthelsetenesta.
Tiltak for å nå måla
-
Gjennomføre byggprosjekt i samarbeid med organisasjons- og utviklingsarbeid for å sjå pasient- og medarbeidarperspektivet.
-
Gjennomføre prosjekt Nye Førde sjukehus på plan og innan rammer, slik at det støttar opp om framtidas pasientbehandling (kapasitet og kvalitet).
-
Byggje om og oppgradere bygningsmassen ved Lærdal sjukehus slik at det er tilpassa framtidig arealbehov og tenestetilbod.
-
Redusere energibruken ved å installere ST-anlegg, skifte vindu, etterisolere eldre bygg, alle nye lysarmatur skal vere basert på LED og innregulering av ventilasjons- og varmeanlegga.
-
Legge til rette for ny teknologi som er nødvendig for framtidas pasientbehandling.
-
Bidra i utvikling av Campus Vie saman med utdanningssektoren.
-
Følgje opp mål og tiltak for bygg og drift innan grønt sjukehus / miljøstyringssystemet til Helse Førde.
-
Nytte relevante erfaringar og nyvinningar frå andre sjukehusprosjekt og frå koronapandemien.
-
Ta eit aktivt samfunnsansvar og motverke sosial dumping og overhalde etisk regelverk ved bruk av eksterne leverandørar.
Slik skal vi måle at vi er på rett veg
-
Prosjekta er gjennomført i samsvar med framdriftsplan, brukarbehov og rammer.
-
Elektrisk energi er redusert med 4,6 millionar kWh innan utgangen av 2022.
-
Tilstandsgraden målt etter prinsippa og metodikken i Multimap er forbetra. (Multimap er ein metodisk kartlegging av bygningsmassen for å identifisere tilstandsgrad og tilpasningsdyktigheit).
-
Bidra med vår del av overordna miljømål for spesialisthelsetenesta
-
redusere energiforbruket med 20 prosent innan 2030 og auke delen gjenvinningskraft (regionalt miljømål)
-
matavfall skal halverast innan 2030
-
produkt utan (utslepp av) helse- og miljøskadelege stoff skal vere 75 prosent innan 2030
-
fossilfrie sjukehus innan 2030
-