Kva vil dette krevje av spesialisthelsetenesta?
Helse Førde må halde fram omstillingsarbeidet for å løyse oppgåvene utan særleg auka bruk av personellressursar, og samstundes tilby tenester av høg kvalitet.
Omlegging frå døgnbehandling til dagbehandling og poliklinikk held fram. Medisinsk og teknologisk utvikling opnar for raskare og enklare prosedyrar i behandlinga av mange lidingar. Gjennom digitale helsetenester og medisinsk heimebehandling kan fleire pasientar få hjelp i heimen. Den breiare samansetjinga av behandlingstilbod gjer at fleire kan få hjelp innanfor rammene for ein heilskapleg og berekraftig ressursbruk. Ein føresetnad for å lukkast med dette er smidigare og betre koordinert samarbeid med kommunane.
Helseføretaka i Helse Vest etablerer ei rekkje tiltak som skal bidra til å løyse framtidas oppgåver utan å auke behovet for meir personell. Eit mål er at helseføretaka skal behalde og vidareutvikle det kvalifiserte helsepersonellet som jobbar i føretaka i dag, og samstundes rekruttere dyktige, nye medarbeidarar. Døme på tiltak er: god oppgåvedeling, føreseielege og fleksible arbeidstidsordningar, tilrettelegging for karriere- og kompetanseutvikling og ny bruk av digitale løysingar, automatisering av prosessar og andre IKT-tiltak. Arbeidskvardagen i sjukehusa må organiserast slik at elevar og studentar får fagleg relevant praksis og naudsynt oppfølging i tråd med føretaket sitt utdanningsansvar. I tillegg må vi nytte moglegheitene som finst i den samla kapasiteten i Helse Vest, som å bruke kompetanse og funksjonsdeling på tvers av føretaka. Betre infrastruktur gjer det også enklare for fagfolk å samarbeide på tvers av sjukehus. Dette kan føre til forventningar om å endre strukturar og organisering.
For at spesialisthelsetenesta skal kunne møte dei framtidige behova for helsetenester, krevst ei heilskapleg satsing på fleire område, over tid. Det føreset godt og modig leiarskap, eit velutvikla medarbeidarskap og sterk gjennomføringsvilje. Den offentlege spesialisthelsetenesta skal vere den føretrekte arbeidsplassen for helsepersonell.
Desse utviklingstrekka inneber at Helse Førde må ta tydelege strategiske val i åra framover. Auka behov for helsetenester kan ikkje møtast berre med meir aktivitet, men må i større grad møtast gjennom prioritering, omstilling og betre bruk av samla ressursar. Personell, økonomi og kapasitet må vere reelle rammer for utvikling, organisering og investeringar.
Samstundes må pasientforløp utviklast meir heilskapleg på tvers av fagområde, nivå og aktørar. Bygg, teknologi, kapasitet og støttefunksjonar må brukast meir koordinert, lokalt og regionalt. Beredskap, forsyningstryggleik og digital robustheit må vere ein integrert del av den ordinære styringa av verksemda.
Helse Førde sin utviklingsplan peikar ut strategisk retning og prioriterte tiltak for perioden. Gjennomføring og oppfølging av planen skal konkretiserast gjennom lokale delplanar- og strategiar, årlege handlingsplanar og prioriteringar. Ansvar for gjennomføring og rapportering skal følgje ordinære styringsliner i føretaket.