Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Innleiing

Utviklingsplanen skal gi eit felles og langsiktig grunnlag for prioriteringar og avgjerder på tvers av fag, nivå og geografi. Planen er forankra i Helse Førde sine verdiar og skal bidra til berekraftige helsetenester som tek omsyn til sosiale, økonomiske og miljømessige forhold, i tråd med FN sine berekraftsmål. 

 

Frå strategisk retning til handling 

Utviklingsplanen gir retning for utviklinga av Helse Førde fram mot 2041. Planen skal vere førande for prioriteringar, ressursbruk og omstilling, og danne grunnlag for årlege handlingsplanar og verksemdsstyring på alle nivå. 

Gjennomføring av planen krev aktiv oppfølging og brei involvering i organisasjonen. Mål og tiltak skal integrerast i ordinære styringsprosessar og følgjast opp gjennom rapportering, evaluering og kontinuerleg forbetring. 

Utviklingsplanen har eit langsiktig perspektiv, men prioriteringar og tiltak må kunne justerast i takt med endra behov, rammevilkår og ny kunnskap. Slik skal planen bidra til ei målretta og berekraftig utvikling av spesialisthelsetenestene i Helse Førde. 

Sist oppdatert 27.11.2026