Det er namnet på ein omfattande og mangslungen prosess som skal definere korleis spesialisthelsetenesta blir i tiåra som kjem.
I Helse Førde har vi starta utviklingsprogrammet «Pasientens helseteneste». Programmet omfattar måten du som pasient får høve til å påverke behandlinga du skal få, måten vi organiserer, byggjer, innreiar og utstyrer sjukehusa våre på og måten helsepersonellet arbeider på. Programmet er det hittil største i føretaket, og utviklingsarbeidet vil pågå i mange år framover.
Positiv utvikling
Styret i Helse Førde har vedteke den overordna planen for korleis programmet skal gjennomførast. Målet er at innbyggjarane i Sogn og Fjordane skal oppleve ei klart positiv utvikling av sjukehustenestene i fylket.
To store og overordna planarbeid er utførte, og skal setje Helse Førde i stand til å gjennomføre dei ambisiøse planane.
Utviklingsplanen for verksemda tek føre seg korleis vi må bygge organisasjonen og organisere arbeidet fagleg, for å skape pasientens helseteneste i fylket vårt. Verksemdsmessig utviklingsplan skildrar den samla verksemda i føretaket på eit overordna nivå, kva utfordringar vi ser i åra framover og kva utvikling som må til i Helse Førde for å møte desse.
Bygging
Den andre planen tek føre seg korleis den bygningsmessige utbygginga i føretaket skal vere for å stette krava til pasientens helseteneste. Dei neste 15 åra skal føretaket investere i underkant av to milliardar kroner i oppgradering, ombygging og nybygging ved Førde sentralsjukehus. Målet er å få ein bygningsmasse som legg til rette for å drive i tråd med intensjonane i pasientens helseteneste.
Les meir om Nye Førde sjukehus
Arbeidet med å setje planane ut i livet vil påverke heile Helse Førde i ei årrekke framover. Arbeidet blir organisert som eige program med ei rekke prosjekt og underprosjekt og skal gjennomførast parallellt med den ordinære drifta.