Lading av elbil

Førde sentralsjukehus har elleve plassar for lading av elbil. Tilkomst til ladestasjonane er via Svanehaugvegen.

Helse Førde byter leverandør av ladetenester ved sjukehusa

EnergiPlan, som i dag leverer ladetenestenester ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Nordfjordeid, blir erstatta med Eviny. Arbeidet med å sette opp nye ladepunkt startar etter 26. april 2024, og i ein kort periode blir tilgang på lading redusert. Informasjonen blir oppdatert fortløpande!

 

Førde Sentralsjukehus

2021-04-12_Ikon EnergiPlan_app.png

Ladestasjonane kan nyttast av besøkande til Førde sentralsjukehus som har lasta ned appen ENERGIPLAN frå AppStore eller Google Play.

 

Tal ladepunkt

Ti (10) ladepunkt for 7 kWh.
Eitt (1) ladepunkt for 22 kWh.

Ladekabel type 2

Alle må bruke eigen ladekabel. 
Ladekabel type 2
 

Bilde av ladepunkta ved Førde sentralsjukehus

Ladepunkt ved Førde sentralsjukehus.

Pris

Besøkande betaler kr 3,20 per kWh.
Når bilen er ferdig lada må bilen flyttast slik at andre gjestar kjem til. For å motivere til dette er det ei avgift på 20 øre per minutt bilen blir ståande etter at bilen er ferdig lada. Dette utgjer kr 12 per time.
 

Betalingskort

Om betalingskortet ikkje er godkjent vil systemet forsøke tre (3) gonger å trekke beløpet. Om det ikkje vert godkjent på desse forsøka vert det sendt ein faktura på beløpet, med eit fakturagebyr på kr 99,-.

 

Sist oppdatert 18.04.2024