Parker gratis i Helse Førde
Parkering er gratis ved alle Helse Førde sine institusjonar. Parkering utanfor oppmerka område kan føre til sanksjonar (parkeringsbot). Ved parkering over 15 minutt ved hovudinngangen til Førde sentralsjukehus må du betale parkeringsavgift. Det blir gjennomført parkeringskontrollar.
Parkering ved Førde sentralsjukehus
Ved Førde sentralsjukehus blir det gjennomført parkeringskontroll. For korttidsparkering nærast hovudinngangen til sjukehuset er det kamerakontroll. Følg reglane som gjeld i dette området, så slepp du å betale avgift eller sanksjon! Sjå kart under.
Tilsvarande reglar gjeld for korttidsparkeringa ved Sunnfjord og Ytre Sogn legevakt.
Dette området er meint for av og påstiging, ikkje for parkering over 15 minutt. Dette for å sikre ledige plassar til at alle pasientar og pårørande kan gjennomføre enkle av- og på-stigningar.
Parkering for blodgjevarar og rørslehemma
Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar innanfor sone for korttidsparkering.
Rørslehemma
Dei som kan parkere her, må ha gyldig parkeringsløyve godt synleg i frontruta. Personar med gyldig parkeringsløyve for rørslehemma kan registrere skiltnummer i resepsjonen, eller på Inpark.no ved ankomst, og kan då stå gratis i inntil 8 timar. Utan slikt løyve gjeld ordinære reglar for parkering.
Blodgjevarar
Ordinær parkering for pasientar og pårørande
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet.

Tal parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
Ordinær parkering: 950 stk
Korttidsparkering (av/på-stiging): 18 stk
Parkering for rørslehemma: 27 stk
Ladepunkt for elbil: 27 stk
Sone for korttidsparkering: Ved hovudinngangen til sjukehuset og framfor legevakta er det oppmerka parkering for av- og påstiging, maks 15 minutt.
Bruk av ladepunkt
På Førde sentralsjukehus er det sett opp ladepunkt for elbil. Køyretøy skal berre stå der under tilkobling.
Parkeringsavgift i sone for korttidsparkering
- Parkering lenger enn 15 minutt i sone for korttidsparkering.
Parkering som kan medføre parkeringssanksjon (parkeringsbot)
- Parkering utanfor oppmerka plassar.
- Parkering på skraverte felt.
- Parkering på reserverte parkeringsplassar
- Parkering i ladepunkt utan tilkopling til straum.
Storleiken på parkeringssanksjonar
- Feilparkering: 660 kr
- Ugyldig parkering på parkering for rørslehemma: 990 kr
Feilparkerte køyretøy kan bli fjerna på eigaren si rekning.