Fagleg samarbeidsutval

Fagleg samarbeidsutval er eit utval mellom partnarane i helsefellesskapet i Sogn og Fjordane.

Årshjul

Agenda

  • Fast sak: Orientering frå praksiskonsulentane
  • Fast sak: Gjennomgang av samhandlingsavvik
  • Fast sak: Helsefellesskap

 

Agenda

  • Fast sak: Orientering frå praksiskonsulentane
  • Fast sak: Gjennomgang av samhandlingsavvik
  • Fast sak: Helsefellesskap

 

Agenda

  • Fast sak: Orientering frå praksiskonsulentane
  • Fast sak: Gjennomgang av samhandlingsavvik
  • Fast sak: Helsefellesskap

 

Agenda

  • Fast sak: Orientering frå praksiskonsulentane
  • Fast sak: Gjennomgang av samhandlingsavvik
  • Fast sak: Helsefellesskap
  • Møteplan for neste år

 

 

Oppgåver

Fagleg samarbeidsutval har ansvar for å: 

  • på oppdrag frå strategisk samarbeidsutval, eller på eige initiativ, førebu og greie ut dei faglege sidene og synleggjere pasientomsyn i saker som skal godkjennast i strategisk samarbeidsutval.
  • på oppdrag frå strategisk samarbeidsutval syte for gjennomføring av naudsynte prosessar i samband med utarbeiding av framlegg til delavtalar og prosedyrar, m.a. oppnemning av aktuelle kliniske arbeidsgrupper.
  • leggje til rette for andre samhandlingsmøte for fagpersonar og mellomleiarar på tvers av nivå, og leggje vekt på erfaringsutveksling, kompetanseoverføring, kunnskaps- og kompetanseheving.
  • vurdere meldingar om avvik og uønskte hendingar som gjeld samhandling med tanke på læring og systemforbetring.
  • bidra til å utvikle og spreie gode modellar for samhandling. 

Samansetjing

Fagleg samarbeidsutval består av seks faglege representantar frå kommunane og seks faglege representantar frå Helse Førde HF. Rådet skal ha ei tverrfagleg samansetjing. Ein av kommunerepresentantane og ein av representantane frå helseføretaket skal også vere medlemar i strategisk samarbeidsutval og sikre gjennomgåande representasjon. Det skal nemnast opp vararepresentantar. 

KS i helsefellesskapsområdet syter for oppnemning av dei kommunale representantane. Ved oppnemning skal ein sikre geografisk spreiing av representantar i helsefellesskapet. Det er naturleg å sjå til eksisterande samarbeidsforum i området. Medlemane er sjølve ansvarlege for kontakten med dei ein representerer. 

Samhandlingslegane i Helse Førde HF skal ha møte- og talerett i fagleg samarbeidsutval. 

Oppnemning av representantane til fagleg samarbeidsutval gjeld for fire år, og skjer samstundes med oppnemning til administrativt samarbeidsutval.

Arbeidsform

Utvalet konstituerer seg sjølv. Leiar- og nestleiarfunksjonen vekslar kvart andre år mellom Helse Førde HF og kommunane. 

Saker blir fremja av partnarane gjennom representantane som har eit sjølvstendig ansvar for å få fram tema/saker til handsaming. Saker som er av ein slik karakter at dei skal handsamast i strategisk samarbeidsutval og/eller partnarskapsmøtet, skal felles brukarutval ha til fråsegn på førehand. 

Fagleg samarbeidsutval har møte minimum fire gonger pr. år, og møteplan for funksjonsperioden blir avtalt. Partnarane skal samarbeide om førebuing og gjennomføring av møtet i fagleg samarbeidsutval. Partnarane ber eigne kostnader.

Fagleg samarbeidsutval er samansett slik

  • Leiar: Barbro Longva, kommunalsjef Stad kommune
  • Norunn Stavø, kommunalsjef Kinn kommune
  • Sara Osland, kommunalsjef Askvoll kommune
  • Christine Warholm Naasen, konst. kommunalleiar Aurland kommune
  • Jan Helge Dale, fastlege, Kinn kommune/Strategisk samarbeidsutval
  • Kjell-Wernik Nystøyl, interkommunal samhandlingskoordinator kommunane i Sogn og Fjordane/Strategisk samarbeidsutval (frå 1.4.2024)
  • Asle Kjørlaug, fagdirektør Helse Førde
  • Toril Taklo, avdelingssjef psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde
  • Tom Guldhav, direktør kirurgisk klinikk, Helse Førde
  • Laila Haugland, avdelingsjef medisinsk avdeling, Helse Førde
  • Vidar Øvrebø, stadleg leiar Lærdal sjukehus, Helse Førde
  • Dagrun Kyrkjebø, samhandlingssjef Helse Førde/Strategisk samarbeidsutval
  • Marita Aarvik, leiar Felles brukarutval 
  • Magne Sellevold, brukarrepresentant, Felles brukarutval

Varamedlemar

  • Knut Even Andersen, kommunalsjef Sunnfjord kommune (for Norunn Stavø)
  • Kjersti Valvik, kommunalsjef Fjaler kommune (for Sara Osland)
  • Øystein Furnes, kommuneoverlege, Sunnfjord kommune (for Jan Helge Dale)
  • Hilde Tenold, rådgjevar Vik kommune (for Christine W. Naasen))
  • Trine Vingsnes, direktør medisinsk klinikk, Helse Førde
  • Robert Brennersted, avd.sjef avd. for akuttmedisin, Helse Førde (for Tom Guldhav)
  • Øyvin Myrmel, avd.sjef psykisk helsevern, Helse Førde (for Toril Taklo)
  • Robin-Andre Sørland, avdelingssjef LMBB, Helse Førde (for Laila Haugland)

Observatørar

  • Normund Svoen, samhandlingslege, Helse Førde (observatør)
  • Anita Sørheim, samhandlingslege, Helse Førde (observatør)

Møtereferat og vedlegg

 

  • Norunn Stavø, kommunalsjef, Kinn kommune
  • Stein Helle, kommunalsjef, Askvoll kommune
  • Jan Helge Dale, fastlege, Kinn kommune
  • Elin Sørbotten, samhandlingskoordinator
  • Marius Solbakken, fastlege
  • Lene Kristin Grønsberg, brukarrepresentant FBU
  • Børge Tvedt, klinikkdirektør PHV Helse Førde
  • Signe Nordvik, avdelingssjef for Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering Helse Førde
  • Dagrun Kyrkjebø, samhandlingssjef Helse Førde
  • Normund Svoen, praksiskonsulent
  • Randi Holsen Solheim, referent

 

 

 

Sist oppdatert 08.03.2024