Skrøpelegheitsvurdering i henvisning til pakkeforløp kreft
Dei reviderte pakkeforløpa har no krav om at det skal leggast ved info om skrøpelegheit. I Helsefellesskapet er det bestemt ein skal nytte screeningvertøyet Clinical frailty scale (CFS). CFS skal leggast ved i henvisning til pakkeforløp kreft.
Pakkeforløp for kreft er revidert. Det er no krav om at ein i henvisning skal legge ved informasjon mellom anna om skrøpelegheit. Det er mange måtar å vurdere skrøpelegheit på. I Helsefellesskapet er det bestemt vi at ein skal nytte skreeningvertøyet Clinical frailty scale (CFS). Dette er eit enkelt skreeningvertøy som kan nyttast av alle faggrupper og som er raskt å bruke. Det gir informasjon om grad av skrøpelegheit og gir ei felles forståing for pasienten sin funksjon på tvers av helsetjenestene. Klinisk skrøpelegheitsskala (CFS)
CFS med ei kort begrunning og dato for skåren skal formidlast i henvisning til pakkeforløp kreft hos alle pasientar 70 år eller eldre.
Eks: CFS 5. Får hjelp av pårørande til handling og husvask (01.10.26)
Vi anbefalar alle fastlegar å ta E-læringskurset om CFS (15 minutt). Clinical Frailty Scale - skrøpelighetsscreening - et e-læringskurs på Kompetansebroen
I Helse Førde jobbar vi no for at alle pasientar som er 70 år eller eldre som har fått påvist kreftsjukdom eller tilbakefall av tidlegare kreft skal få gjort ei breiare kartlegging (geriatrisk kartlegging), dersom dei lev med ei grad av skrøpelegheit. Denne kartlegginga legg grunnlag for at kreftbehandlarane kan gje pasienttilpassa behandling og at dei kan få tilpassa oppfølginga, med mål om færre komplikasjonar og bedre livskvalitet. Det er difor nyttig at fastlegen som kjenner pasienten informerer om grad av skrøpelegheit med CFS i henvisninga, slik at dei rette pasientane får dette tilbodet. IMPACT-studien: Implementering av pasientsentrert omsorg for eldre pasientar - helseforsking.no
Saka er utarbeidd i samarbeid med Stine Voll Aasen.