Samtaleteneste
Nokre gonger kan livet vere tungt å bere, og då kan det vere godt å ha nokon å snakke fritt med.
Uansett kven du er, tru eller tvil, angst eller uro, glede eller sorg, sjukehuspresten kan snakke med deg om stort eller smått.
Alle er velkomne! Du kan komme aleine eller saman med andre. Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru. Sjukehuspresten møter deg der du er.
Presteteneste
Vi tilbyr klassiske prestetenester som seremoniar, nattverd og bøn, samt rettleiing og samtale ved sjelesorg.
Livssynsopen teneste
Du treng ikkje vere kristen for å snakke med oss. Treng du hjelp til å få kontakt med andre trus- og livssynssamfunn kan sjukehuspresten også hjelpe med dette.
Kontakt Førde sentralsjukehus
Telefon: 57 83 90 62
Mobil: 90 87 92 81
E-post: helene.langeland@helse-forde.no
Du finn oss i Svanabygget på Førde sentralsjukehus, 2. etasje, første dør til høgre for inngangen til kantina.
Sjukehuspresten er fast tilsett på sjukehuset og har teieplikt.
Kontakt Nordfjord sjukehus
Frå midten av mai 2025 vil diakon Nanda Maack vere tilgjengeleg på Nordfjord sjukehus, ved medisinsk sengepost i 2. etasje. Du kan treffe henne kvar torsdag mellom kl. 13 og 15. Ho kan også kontaktast utanom dette tidspunktet ved behov.
Mobil: 97 99 04 47
E-post: nanda@stad.kommune.no