Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Påmelding

Alle kan vere med på Helse Førde stafetten. Bli med i mosjonsklassa, rakettløypa, eit av barneløpa eller på eit lag i stafetten.

 Melde på lag 2026

Mosjonsklasse:Løypa er lik hovudstafettløypa og vert gjennomført utan tidtaking i tidsrommet 15.00 til 18.30. Ein kan gå, springe eller sykle aleine eller fleire i lag
Meld deg på ved oppmøte ved hovudinngangen - FSS. Gratis påmelding. 

Kort barneløype (ca. 600 m): Løypa går i sjukehusparken med start klokka 17.40. Alle mellom 0 og 6 år kan delta. Barnevogner klarer denne løypa. løypa er utan tidtaking. Gratis påmelding. Førehandpåmelding kort og lang barneløype

Hent startnummer ved inngangen til sjukehuset innan kl 17:15

Lang barneløype (ca.1,3 km): Løypa går på sjukehusområdet med start kl 18.00. Alle mellom 6 og 12 år kan delta. løypa er uten tidtaking. Gratis påmelding. Førehandpåmelding kort og lang barneløype
Hent startnummer ved inngangen til sjukehuset innan kl 17:30. 

Rakettløype for barn: Løypa er i sjukehusparken. Alle barn kan delta. Påmelding - ved å møte opp ved løypa. Gratis deltaking.

 

Om Helse Førde lagstafett

Helse Førde stafetten har seks etappar. Les meir om stafetten og sjå løypekartet på https://www.helse-forde.no/stafetten/

Alle kan delta med eit lag i Helse Førde Stafetten; verksemder, venelag, idrettslag, nabolag og alle andre lagsamansetningar kan delta! 

 

Helse Førde stafetten har to påmeldingsklassar:

Laga kan melde seg på i bedrifts- eller idrettsklassen; 

1. Bedriftsklassen - Dette er klassen for lag som ynskjer å gjennomføre løypa ved å gå, jogge eller springe lett gjennom løypa.

Dersom laget står i fare for ikkje å ha nok deltakarar, så kan løparar ta fleire etappar, eller supplere med løparar frå andre lag. Ta kontakt med arrangør om du er usikker på lagsamansettinga.

2. Idrettsklassen- Dette er klassen for lag som ynskjer å springe fort gjennom stafettløypa.

Reglar for stafettlaga:
Det må vere minst to kvinner/jenter på laget - men deltakarane treng nødvendigvis ikkje tilhøyre same klasse/skule-, arbeidsplass, familie osv. Nedre aldersgrense er 12 år for å delta i hovudstafetten. Det er tillate med lag som har berre kvinner/jenter (men ikkje berre menn).

Stafettreglane blir handheva mildt for bedriftsklassen og strengt for idrettsklassen.

Når du melder på eit lag skal du berre skrive inn navn på laget og kontaktperson. Navna på dei som spring på laget skal ikkje skrivast inn i påmeldingsskjemaet (og blir heller ikkje registert andre stadar - det betyr fleksibilitet på korleis laget ser ut heilt fram til stafettdagen) . 

 Påmelding HF stafetten 2026

Frist for påmelding er 27.05 kl. 23.00
Påmeldingsavgift: Kr 600,-  

Stafetten startar kl 18.30. Hugs å vere på plass på dei ulike vekslingspunkta i god tid før løpet startar. 

Startnummer kan hentast ved inngangen til sjukehuset stafettdagen kl 11.30 – 12.30 eller kl 16 -18.

Sist oppdatert 11.03.2026