Påmelding

Alle kan vere med på Helse Førde stafetten. Bli med i mosjonsklassa, rakettløypa, eit av barneløpa eller på eit lag i stafetten.

Mosjonsklasse:Løypa er lik hovudstafettløypa og vert gjennomført utan tidtaking i tidsrommet 15.00 til 18.30. Ein kan gå, springe eller sykle aleine eller fleire i lag
Meld deg på ved oppmøte ved hovudinngangen - FSS. Gratis påmelding. 

Kort barneløype (ca. 600 m): Løypa går i sjukehusparken med start klokka 17.40. Alle mellom 0 og 6 år kan delta. Barnevogner klarer denne løypa. løypa er utan tidtaking. Gratis påmelding. Hent startnummer ved inngangen til sjukehuset innan kl 17:30

Lang barneløype (ca.1,3 km): Løypa går på sjukehusområdet med start kl 18.00. Alle mellom 6 og 12 år kan delta. løypa er uten tidtaking. Gratis påmelding
Hent startnummer ved inngangen til sjukehuset innan kl 17:30. 

Rakettløype for barn: Løypa er i sjukehusparken. Alle barn kan delta. Påmelding - ved å møte opp ved løypa. Gratis deltaking.

Lagstafett (ca 6 km): Stafetten har seks etappar

Laga kan melde seg på i bedrifts- eller idrettsklassen; 
1. Bedriftsklassen  - Dette er klassen for lag som ynskjer å gjennomføre løypa ved å gå, jogge eller springe lett gjennom løypa.

2. Idrettsklassen - Dette er klassen for lag som ynskjer å springe fort gjennom stafettløypa

Frist for påmelding er 27.05 kl. 23.00
Påmeldingsavgift: Kr 600,-  

Stafetten startar kl 18.30. Hugs å vere på plass på dei ulike vekslingspunkta i god tid før løpet startar. 

Startnummer kan hentast ved inngangen til sjukehuset stafettdagen kl 12 - 13 eller kl 16 -18

Reglar for stafettlaga:
Det må vere minst to kvinner/jenter på laget - men deltakarane treng nødvendigvis ikkje tilhøyre same klasse/skule-, arbeidsplass, familie osv. Nedre aldersgrense er 12 år for å delta i hovudstafetten. Det er tillate med lag som har berre kvinner/jenter (men ikkje berre menn) Dersom laget står i fare for ikkje å ha nok deltakarar, så kan løparar ta fleire etappar, eller supplere med løparar frå andre lag. Stafettreglane blir handheva mildt for bedriftsklassen og strengt for idrettsklassen.

Premiering:

Mosjonsklasse: Uttrekkspremiar 

Barnløp: Medalje og utrekkspremiar. Grillmat til alle deltakarar.

Premiering lagstafett: 

Alle deltakarar får grillmat etter løpet

Hemmeleg idealtid - Det laget som er nærmast den hemmelege idealtida. 

Mest kreative lag - Det laget som gjer litt utav seg i stafetten (kle seg ut, kreativt navn på laget, andre kreative påfunn)

Raskaste lag - bedriftsklasse

Raskaste lag - idrettsklasse + 2. og 3. plass

Uttrekkspremiar

Sist oppdatert 21.02.2024