En bygning med en fontene i fronten

Nordfjord psykiatrisenter

Nordfjord psykiatrisenter (NPS) er det distriktpsykiatriske senteret for deg som bur i Stad, Gloppen, Stryn og Kinn. Vi tilbyr spesialistbehandling innan psykisk helsevern og rus. Vi held til på Nordfjordeid, rett nedanfor Nordfjord sjukehus.

Kontakt

Slik finn du fram

Adresse

Sjukehusvegen 9
6770 Nordfjordeid

Buss

Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Psykiatrisenteret er ope for besøk av pårørande og andre heile dagen. Vi ber likevel om at besøkande ringjer på førehand slik at besøket ikkje kolliderer med andre aktivitetar.