Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utdanningsplan

Akutt- og mottaksmedisin

Målet med utdanninga er å gi nødvendig kunnskap om faget slik at kandidatane kan utføre dette på høgt nivå, og vere godt førebudde til vidare utdanning og yrkesutøving. Det blir søkt å ivareta fagets målbeskriving gjennom systematisk teoretisk og praktisk undervisning, praktisk prosedyrelæring, supervisjon, rettleiing og fortløpande klinisk verksemd.

Helse Førde har eit pasientgrunnlag på ca. 107 000. Førde sentralsjukehus fungerer som primærsjukehus for om lag 70 000 menneske og sekundærsjukehus for 107 000. Avdelingane dekkjer breie delar av faga bortsett frå dei områda og undersøkingmetodane som krev eit høgare pasientgrunnlag som hjarteintervensjon og nevrokirurgi. Her samarbeider vi tett med Haukeland universitetssjukehus. Vi mottar traumepasientar og har eigen intensivavdeling. Det er etablert traumeteam, hjertestansteam, MAT-team, barnemedisinsk akutt-team og team for behandling av hjerneslag. Alle desse har regelmessig fasilitert simulering. Sjukehuset bruker SATS for triagering prehospital og i akuttmottak, og NEWS som internt overvåkingssystem.
 
Årleg er det ved Førde sentralsjukehus om lag 8000 ØH-innleggingar, korav ca. 3500 medisinske, 1400 kirurgiske, 1800 ortopediske og 1000 nevrologiske. Det var i 2018 ca. 2800 polikliniske konsultasjonar i akuttmottaket (AKM) i Førde (2100 ortopediske, 400 medisinske, 280 kirurgiske og 40 nevrologiske).
 
AKM er organisert under medisinsk avdeling, Helse Førde. Seksjonen har medisinsk rådgivar som er spesialist i indremedisin og lungesjukdommar. Intensjonen er at denne skal vere spesialist i AMM. Medisinsk rådgivar for heile medisinsk avdeling er spesialist i AMM, indremedisin og fordøyelsessjukdommar. Medisinsk avdeling er organisert på tre lokalisasjonar: Lærdal, Nordfjordeid og Førde. Ved AKM Førde sentralsjukehus blir akutte pasientar innan indremedisin, nevrologi, onkologi, ØNH, auge, revmatologi, kirurgi og ortopedi vurdert og behandla. Akutte innleggingar innan kvinnesjukdommar, pediatri og psykiatri føregår desentralisert ved Førde sentralsjukehus. AMK-sentral, legevakt med eigen sengepost og overgrepsmottak er lokalisert i nær tilslutning til akuttmottaket i Førde. Hausten 2024 blei observasjonspost med seks senger starta opp i AKM.
 
Medisinsk avdeling i Førde har godkjenning for LIS-3 i kardiologi, gastroenterologi, lungesjukdommar og nefrologi, og har spesialistar innan infeksjonsmedisin og endokrinologi. Geriatri er, forutan poliklinikk, etablert med sengepost hausten 2024. Vidare har sjukehuset godkjenning som utdanningsinstitusjon for anestesi, kirurgi, ortopedi, nevrologi, revmatologi, auge, ØNH, psykiatri, radiologi, pediatri, mikrobiologi, patologi samt gynekologi og obstetrikk.
 
Medisinsk avdeling har 10 LIS-2 og LIS-3 innan alle godkjente spesialfelt. LIS-2 indremedisin inngår i 10-delt vaktsjikt i løpet av sin utdanningsperiode. Utdanningskandidaten vil etter endt LIS-2 indremedisin gå over til LIS-3 AMM med eige vaktsjikt som LIS-3 i AMM. Vurdering av elektive og akutte innleggingar på dei ulike lokalisasjonane føregår i Førde anten ved sentralisert vurdering av tilvisingar av overlege innan dei ulike spesialfelta, eller seleksjon av pasientar til øyeblikkeleg hjelp-innlegging av vårt indremedisinske vaktteam kor AMM-legane (LIS-3 og overlege) er øvste ansvarlege. LIS-2 indremedisin er ansvarleg for indremedisinske pasientar med AMM-legane som bakvakt.
 
AMM-legane er organisert i to sjikt. AMM-1 er LIS-3 i AMM og AMM-2 er overlege og spesialist. For tida blir denne funksjonen fylt av indremedisinere med interesse for akuttmedisin i påvente av at vi utdannar fleire spesialistar i feltet. AMM-legane er operativt ansvarlege for akutt- og mottaksmedisin i Helse Førde. Dette består i prehospital pasientstyring og rådgiving, intrahospital (Eid-Lærdal-Førde) pasientstyring og råd, samt overordna ansvar for triage, pasientstyring, diagnostikk og behandling ved akuttmottak ved Førde sentralsjukehus. AMM deltar i sjukehuset sitt akutt-team og gjer tilsyn der det er behov for kompetanse utover det medisinsk vakthavande LIS-2 kan yte. I tillegg kjem tilsyn og drift av OBS-post og intensivavdeling på vakttid. På dagtid skal OBS-post dekkast av AMM, medan intensivavdeling blir drifta av annan spesialist frå medisinsk avdeling. Planen er at AMM blir vaktbærande spesialitet ved akuttmottak, intensivavdelinga og medisinsk avdeling i Helse Førde med tilhøyrande prehospital og interhospital pasientstyring og rådgiving. På dagtid vil pasientstyring og rådgiving, akuttmottak og OBS-post med tilhøyrande organisasjons- og fagutvikling bli drifta av spesialistar i AMM.

Når det gjeld dei ulike læringsmåla innan feltet, vil dette søkast dekt gjennom tenesta ved medisinsk avdeling med akuttmottak og intensivavdeling, men også i samarbeid med relevante spesialfelt der læringsmåla gjer dette nødvendig. Det vil då gjennomførast intern rotasjon/hospitering ved dei avdelingane kor læringsmåla kan ferdigstillast. I tillegg skal 6 månader teneste skje ved Mottaksklinikken, Haukeland universitetssjukehus (HUS), for å sikre større pasientvolum og måloppnåing innan spesifikke læringsmål. Kandidaten vil starte på LIS-3 i AMM etter at LIS-2 i indremedisin er fullført.

Primære læringsarena

  • Indremedisinsk avdeling med akuttmottak, observasjonspost og intensivavdeling. Forhold rundt driftsgrunnlag, spesialistdekning, undervisning, supervisjon og rettleiing for å oppnå læringsmål som er lagt til akuttmottak og indremedisinsk avdeling, er beskrive i dokumentet for øvrig.
  • Mottaksklinikken, HUS. Eiga fagavtale for å fullføre AMM 001-005, 007, 016-017, 037, 045.

Sekundære læringsarena

  • AMK Helse Førde: AMK dekkjer heile Helse Førde sitt nedslagsfelt og er organisert under avdeling for akuttmedisin, kirurgisk klinikk. Den er lokalisert i umiddelbar nærleik til akuttmottak ved Førde sentralsjukehus. Luftambulansen ved Helse Førde blir organisert herfrå. AMK blir drifta av spesialisert personell. Fagansvarleg for tenesta er anestesilege ved avdeling for akuttmedisin ved Helse Førde. Operativt ansvarleg er luftambulanselegen. Det er eit nært samarbeid mellom LIS-2 indremedisin, AMM-legane og AKM omkring prehospitale råd, pasientstyring og direkte medisinske vurderingar. Undervisning, supervisjon og rettleiing for å oppnå aktuelle læringsmål under hospiteringa ved AMK blir ivaretatt av hovudrettleiar i AMM ved medisinsk avdeling i samråd med supervisørar ved aktuelle læringsarena.
  • Legevakt ved Førde sentralsjukehus: SYS-IKL er ein interkommunal legevakt lokalisert ved Førde sentralsjukehus i nær tilslutning til akuttmottak. Den dekkjer kommunane Sunnfjord, Høyanger, Hyllestad, Fjaler og Askvoll. Til legevakta er det lokalisert kommunale akuttsenger (KAD). Vidare er overgrepsmottak i Helse Førde lokalisert og drifta av SYS-IKL. Legevakta med KAD-senger blir drifta av sjukepleiarar i døgnturnus og legevaktslegar frå dei aktuelle kommunane. Det er eit nært samarbeid mellom LIS-2 indremedisin, AMM-legane og legevakta med KAD omkring prehospitale råd, pasientstyring og direkte medisinske vurderingar. Undervisning, supervisjon og rettleiing for å oppnå aktuelle læringsmål under hospiteringa ved SYS-IKL blir ivaretatt av hovudrettleiar i AMM ved medisinsk avdeling i samråd med supervisørar ved aktuelle læringsarena.
  • Overgrepsmottak Helse Førde: Overgrepsmottaket i Helse Førde blir drifta av SYS-IKL. Denne tenesta dekkjer heile Helse Førde sitt nedslagsfelt. Den er lokalisert ved Førde sentralsjukehus i tilslutning til den lokale legevakta, og nært akuttmottaket. Den blir drifta av eige sjukepleiepersonell tilsett i legevakta og legar frå dei aktuelle kommunane. Undervisning, supervisjon og rettleiing for å oppnå aktuelle læringsmål under hospiteringa ved overgrepsmottaket blir ivaretatt av hovudrettleiar i AMM ved medisinsk avdeling i samråd med supervisørar ved aktuelle læringsarena.
  • Anestesi- og intensivavdeling (avdeling for akuttmedisin - AAM): AAM i Helse Førde har ansvar for anestesi og operasjonstenester i heile Helse Førde sitt nedslagsfelt, intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus, AMK, ambulansetenesta, luftambulansen i Førde og redningshelikopteret lokalisert i Florø. Leiar er lokalisert til Førde sentralsjukehus. Tenestene blir drifta av spesialisert personell. Legane er lokalisert til Førde sentralsjukehus og jobbar i ulike vaktsjikt og ordningar knytt til dei ulike funksjonane. Det er eit nært samarbeid mellom alle vaktlag i indremedisin, AMM-legane og avdeling for akuttmedisin på alle nivå i Helse Førde. Dette gjeld for pre- og interhospital styring og behandling knytt til luftambulansetenesta, intrahospital styring og behandling av pasientar i akuttmottak, intensivavdeling og samarbeid i våre ulike akutt-team. Undervisning, supervisjon og rettleiing for å oppnå aktuelle læringsmål under hospiteringa ved avdeling for akuttmedisin blir ivaretatt av hovudrettleiar i AMM ved medisinsk avdeling i samråd med supervisørar ved aktuelle læringsarena.
  • Psykiatrisk klinikk: Psykiatrisk klinikk ved Førde sentralsjukehus har distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Vidare har klinikken ansvar for akuttpostar, vaksenhabilitering og spesialisert rusomsorg for heile Helse Førde sitt nedslagsfelt. Det er lokalisert ein sikringspost og ei ungdomspsykiatrisk avdeling til klinikken i Førde. Klinikken er lokalisert nært akuttmottak ved Førde sentralsjukehus. Legane er lokalisert til Førde sentralsjukehus og er organisert under psykiatrisk klinikk. Dei har eit 3-delt vaktsjikt (LIS-1, LIS-3 og overlege). Det er eit nært samarbeid mellom alle vaktlag i indremedisin, AMM-legane og psykiatrisk klinikk. Dette gjeld for tverrfaglege vurderingar ved innlegging i psykiatrisk klinikk, i akuttmottak, ved intensivavdelinga og for inneliggjande pasientar i andre avdelingar. Det er etablert eigne samarbeidsmøte mellom akuttmottak, medisinsk- og psykiatrisk avdeling. Undervisning, supervisjon og rettleiing for å oppnå aktuelle læringsmål under hospiteringa ved psykiatrisk klinikk blir ivaretatt av hovudrettleiar i AMM ved medisinsk avdeling i samråd med supervisørar ved aktuelle læringsarena.
  • Nevrologisk avdeling: Nevrologisk avdeling er lokalisert i Førde sentralsjukehus og har ansvar for nevrologisk sjukdom i heile nedslagsfeltet til Helse Førde. Det er eigen sengeavdeling. Legane går i 2-delt sjikt (LIS-3 og overlege). Det er etablert slag-team. Det er eit nært samarbeid mellom alle vaktlag i indremedisin, AMM-legane og nevrologisk avdeling. Dette gjeld for tverrfaglege vurderingar ved innlegging i akuttmottak, ved intensivavdelinga og for inneliggjande pasientar. AMM-legen inngår i slagteamet. Det er etablert eigne samarbeidsmøte mellom akuttmottak, medisinsk og nevrologisk avdeling. Undervisning, supervisjon og rettleiing for å oppnå aktuelle læringsmål under hospiteringa ved nevrologisk avdeling blir ivaretatt av hovudrettleiar i AMM ved medisinsk avdeling i samråd med supervisørar ved aktuelle læringsarena.
  • Kirurgisk avdeling: Kirurgisk avdeling er lokalisert i Førde sentralsjukehus og har ansvar for kirurgisk sjukdom i heile nedslagsfeltet til Helse Førde. Det er eigen sengeavdeling. Legane går i 3-delt sjikt (LIS-1, LIS-2/3 og overlege). Det er etablert traume-team. Det er eit nært samarbeid mellom alle vaktlag i indremedisin, AMM-legane og kirurgisk avdeling. Dette gjeld for tverrfaglege vurderingar ved innlegging i akuttmottak, ved intensivavdelinga og for inneliggjande pasientar. AMM-legen inngår i traumeteamet. Undervisning, supervisjon og rettleiing for å oppnå aktuelle læringsmål under hospiteringa ved kirurgisk avdeling blir ivaretatt av hovudrettleiar i AMM ved medisinsk avdeling i samråd med supervisørar ved aktuelle læringsarena.
  • Ortopedisk avdeling: Ortopedisk avdeling er lokalisert i Førde sentralsjukehus og har ansvar for ortopedisk sjukdom i heile nedslagsfeltet til Helse Førde. Det er eigen sengeavdeling. Legane går i 3-delt sjikt (LIS-1, LIS-3 og overlege). Det er etablert traume-team. Det er eit nært samarbeid mellom alle vaktlag i indremedisin, AMM-legane og ortopedisk avdeling. Dette gjeld for tverrfaglege vurderingar ved innlegging i akuttmottak, ved intensivavdelinga og for inneliggjande pasientar. AMM-legen inngår i traumeteamet. Undervisning, supervisjon og rettleiing for å oppnå aktuelle læringsmål under hospiteringa ved ortopedisk avdeling blir ivaretatt av hovudrettleiar i AMM ved medisinsk avdeling i samråd med supervisørar ved aktuelle læringsarena.
  • Kvinneklinikken: Kvinneklinikken er lokalisert i Førde sentralsjukehus og har ansvar for gynekologiske og obstetriske tilstandar i heile nedslagsfeltet til Helse Førde. Det er eigen sengeavdeling og fødeavdeling ved Førde sentralsjukehus. Legane går i 2-delt sjikt (LIS-3 og overlege). Undervisning, supervisjon og rettleiing for å oppnå aktuelle læringsmål under hospiteringa ved kvinneklinikken blir ivaretatt av hovudrettleiar i AMM ved medisinsk avdeling i samråd med supervisørar ved aktuelle læringsarena.
  • Barneavdelinga: Barneavdelinga er lokalisert i Førde sentralsjukehus og har ansvar for pediatriske tilstandar i heile nedslagsfeltet til Helse Førde. Det er eigen sengeavdeling i Førde sentralsjukehus. Det er etablert eige barnemedisinsk akutt-team, AMM-legen inngår i dette. Legane går i 2-delt vaktsjikt (LIS-3 og overlege). Undervisning, supervisjon og rettleiing for å oppnå aktuelle læringsmål under hospiteringa ved barneavdelinga blir ivaretatt av hovudrettleiar i AMM ved medisinsk avdeling i samråd med supervisørar ved aktuelle læringsarena.
  • Augeavdelinga: Augeavdelinga er lokalisert i Førde sentralsjukehus og har ansvar for oftalmologiske tilstandar i heile nedslagsfeltet til Helse Førde. Sengeavdelinga er samlokalisert med kirurgisk avdeling. Det er spesialisert vaktordning (overlege). Undervisning, supervisjon og rettleiing for å oppnå aktuelle læringsmål under hospiteringa ved augeavdelinga blir ivaretatt av hovudrettleiar i AMM ved medisinsk avdeling i samråd med supervisørar ved aktuelle læringsarena.
  • ØNH-avdeling: ØNH-avdelinga er lokalisert i Førde sentralsjukehus og har ansvar for ØNH-tilstandar i heile nedslagsfeltet til Helse Førde. Sengeavdelinga er samlokalisert med kirurgisk avdeling. Legane går i spesialisert vaktordning (overlege). Undervisning, supervisjon og rettleiing for å oppnå aktuelle læringsmål under hospiteringa ved ØNH-avdelinga blir ivaretatt av hovudrettleiar i AMM ved medisinsk avdeling i samråd med supervisørar ved aktuelle læringsarena.

Spesialistkompetanse i henhold til læringsmål

  • Akutt sjuke og skadde barn
    • Akutt sjuke og skadde barn (AMM 016)
      • Kommentar: Læringsmåla i akuttpediatri blir oppnådd gjennom direkte supervisjon, ferdigheitstrening og kursing. AMM-legen blir inkludert i barneakuttmedisinsk team, og der læringsmåla ikkje er dekt gjennom perioden, blir det lagt opp til hospitering ved barneavdelinga.
  • CBRNE
    • Forgiftningsulykker og CBRNE-hendingar (AMM 016)
    • Beredskap og beskyttelsestiltak ved CBRNE-medisin (AMM 017)
      • Kommentar: Læringsmåla blir oppnådd gjennom internundervisning, interne beredskapsøvingar, simulering og eksternt kurs i CBRNE-medisin, samt teneste ved HUS.
  • Etikk
    • Livsforlengande behandling – beslutningsprosessar (AMM 065)
      • Kommentar: Læringsmåla blir oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning og interne faste møter måndag og onsdag der pasientrelaterte administrative, kliniske og etiske problemstillingar blir diskuterte.
  • Generelle kliniske læringsmål
    • Akutte smertetilstandar (AMM 009)
    • Symptomvurdering ved innleggingar (AMM 007)
    • Sammensette og komplekse sjukdomstilstandar hos eldre, og komplikasjonar (AMM 006)
      • Kommentar: Læringsmåla blir oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning og interne faste møter måndag og onsdag der pasientrelaterte administrative, kliniske og etiske problemstillingar blir diskuterte.
    • Overgrep, mishandling, valdtekt og vald hos vaksne og barn (AMM 008)
      • Kommentar: Overgrepsmottaket er lokalisert i nær tilslutning til akuttmottak. Det blir drifta av eige lege- og sjukepleiepersonale knytt til legevakta. Læringsmålet blir oppnådd gjennom hospitering, intern samarbeid omkring pasientar og internundervisning
    • Katastrofemedisin og beredskap (AMM 010)
      • Kommentar: Læringsmåla blir oppnådd gjennom internundervisning, interne beredskapsøvingar, simulering og eksternt kurs i CBRNE-medisin, samt teneste ved HUS for AMM 007.
  • Gynekologi
    • Gynekologiske og obstetriske tilstandar – akutte (AMM 044)
    • Gynekologisk undersøking
      • Kommentar: Læringsmåla blir oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga der AMM-legen vil delta i vurdering av buktilstandar hos kvinner saman med gynekolog og kirurg. Vidare vil kunnskapen bli dekt gjennom internundervisning og eksterne kurs. Det vil bli lagt opp til hospitering på gynekologisk avdeling for å oppdatere ferdigheitene rundt gynekologisk undersøking.
  • Kirurgi
    • Nevrokirurgiske tilstandar – akutte (AMM 037)
    • Urologiske tilstandar – akutte (AMM 036)
    • Karkirurgiske tilstandar – akutte (AMM 035)
    • Buksmerter – akutte (AMM 034)
      • Kommentar: Læringsmåla blir oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning og eksterne kurs og teneste ved HUS (AMM 037). Der det gjenstår behov for supplerande teneste, vil dette bli ordna ved hospitering ved kirurgisk og ortopedisk avdeling.
  • Kirurgiske og ortopediske prosedyrar
    • Kirurgiske og ortopediske kliniske prosedyrar (AMM 041)
    • Nasogastrisk sonde, foleykateter, suturering og generell sårbehandling (AMM 042)
      • Kommentar: Læringsmåla blir oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak og OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning og eksterne kurs. Der det gjenstår behov for supplerande teneste, vil dette bli ordna ved hospitering ved kirurgisk og ortopedisk avdeling.
  • Klinisk toksikologi
    • Rhabdomyolyse (AMM 015)
    • ECMO-behandling (AMM 014)
    • Hjartearytmiar ved forgiftingar (AMM 013)
    • Akutte forgiftingar – eliminasjonsprosedyrar (AMM 012)
    • Forgiftingar (AMM 011)
      • Kommentar: Læringsmåla blir oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning og eksterne kurs.
  • Klinisk leiing og triage i akuttmottak
    • Mobilisere tverrfaglege mottaksteam – ivareta pasientar med høgt og lågt prioriteringsnivå (AMM 005)
    • Triagesystem (AMM 004)
    • Legevakt og prehospital teneste (AMM 003)
    • Pasientflyt – dirigere til riktig kompetansenivå (AMM 002)
    • Organisering og tverrfagleg klinisk leiing – pasientforløp (AMM 001)
      • Kommentar: Prehospital pasientstyring mellom våre institusjonar, prehospital og intrahospital konsultering samt prehospitale EKG-vurderingar er lagt til medisinsk vaktteam/AMM, og det er på bakgrunn av dette eit nært samarbeid mellom luftambulanse, AKM, legevakt med kommunale senger, akuttmottak og AMM-legen. AMM-legen er ansvarleg for intrahospital triage, diagnostikk og pasientstyring. Læringsmåla blir dermed oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning, eksterne kurs og teneste ved HUS (AMM 001–005).
  • Luftvegshandtering og ventilasjon hos kritisk sjuke pasientar
    • Akutt respirasjonssvikt – tverrfagleg vurdering av behandlingsnivå (AMM 057)
    • Akutt respirasjonssvikt – bruk av HFNC/CPAP/BIPAP – evaluering og justering av tiltak (AMM 056)
    • Innstillingar – High Flow Nasal Cannula (HFNC)/CPAP/BIPAP (AMM 055)
    • Avansert luftveissikring – kompetanse og varslingsrutinar (AMM 054)
    • Monitorering av vitale parametre (AMM 053)
    • Medisinsk teknisk utstyr (AMM 052)
    • Ventilere pasient (AMM 051)
    • Respirasjonsstøttande tiltak – respons og komplikasjonar (AMM 050)
    • Fri luftveg hos sirkulasjonslause pasientar – supraglottisk luftveisutstyr (AMM 049)
    • Fri luftveg – basale hjelpemiddel (AMM 048)
    • Fri luftveg (kjevetak, leiring) (AMM 047)
    • Ufri og/eller trua luftveg og sviktande respirasjonsarbeid (AMM 046)
      • Kommentar: Medisinsk avdeling er sjølv ansvarleg for intensivmedisinske pasientar ved vår institusjon i samarbeid med anestesilege. LIS-3 i AMM vil ha eigen intern rotasjon på intensivavdeling. Læringsmåla blir dermed oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning og eksterne kurs. Der det er spesifikke manglar innan luftveishandtering, vil dette bli løyst gjennom hospitering på operasjonsavdelinga for mengdetrening.
  • Nevrologi
    • Henvise til radiologisk modalitet – CT, MR og EEG ved nevrologisk sjukdom (AMM 033)
    • Trugande tverrsnittslesjon (AMM 032)
    • Akutte nevrologiske tilstandar (AMM 031)
    • Nevrologisk undersøking (AMM 030)
      • Kommentar: AMM deltar i slagteam. Læringsmåla blir oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning og eksterne kurs. Der det gjenstår behov for supplerande teneste, vil dette bli ordna ved hospitering ved nevrologisk avdeling.
  • Ortopedi
    • Skadar – relevant kompetanse og overflytting (AMM 038)
      • Kommentar: Læringsmåla blir oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning og eksterne kurs. Der det gjenstår behov for supplerande teneste, vil dette bli ordna ved hospitering ved ortopedisk avdeling.
  • Rus, abstinens, psykiatri og utagerande åtferd
    • Akutt somatisk rusomsorg – samarbeid med andre verksemder (AMM 018)
    • Abstinenskomplikasjonar (AMM 019)
    • Akutt psykose/delir (AMM 020)
    • Rusutløyste akuttsituasjonar – innhente nødvendig psykiatrisk ekspertise (AMM 021)
    • Akuttpsykiatriske tilstandar – innhente relevant kompetanse for barn og vaksne (AMM 022)
    • Bruk av tvang – lovverk, samhandling og innlegging (AMM 023)
    • Utagerande pasientar – bruk av fysisk overmakt, beherske kommunikasjon med pasient (AMM 024)
    • Suicidalitet (AMM 026)
    • Utagerande åtferd (AMM 025)
      • Kommentar: Medisinsk avdeling har ansvar for initial rusrelatert stabilisering der det er risiko for somatiske komplikasjonar. Vidare har avdelinga ansvar for intensiv- og overvåkingspost der uavklarte rusrelaterte lidingar med eller utan suicidalitetsrisiko blir innlagde og vurderte. Suicidalitetsvurderingar blir gjort regelmessig i samråd med psykiater for denne gruppa. Læringsmåla blir oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning og eksterne kurs. Der det gjenstår behov for supplerande teneste, vil dette bli ordna ved hospitering ved psykiatrisk avdeling.
  • Syre-/base- og elektrolyttforstyrringar
    • Syre-/base- og elektrolyttforstyrringar (AMM 027)
    • Urinanalyser av elektrolyttar – natriumbalansen og osmolalitet (AMM 029)
    • Dysnatremiar (AMM 028)
      • Kommentar: Læringsmåla blir oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning og eksterne kurs.
  • Traumepasientar
    • Nasjonal traumeplan – ABCDE-prinsippet (AMM 045)
      • Kommentar: AMM deltar i traumeteam. Læringsmåla blir oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning, eksterne kurs og teneste ved HUS (AMM 045).
  • Ultralydundersøking og anna bildediagnostikk
    • Ekko-dopplerundersøking – hjartet, aorta og store kar (AMM 058)
    • Lunger/thorax – ultralydundersøking (AMM 060)
    • Diagnostisere vanlege akutte tilstandar i mottak – røntgen, CT og MR (AMM 064)
    • Perikardiocentese ved hjertetamponade (AMM 063)
    • Ultralyd ved akutte prosedyrar (AMM 062)
    • Dopplerteknikk – perifer sirkulasjon (AMM 061)
    • Abdomen – ultralydundersøking (AMM 059)
      • Kommentar: Læringsmåla blir oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning og eksterne kurs.
  • Augesjukdomar
    • Augesjukdomar – akutt raudt auge (AMM 039)
      • Kommentar: Augeavdelinga ligg i nær tilslutning til akuttmottak. Læringsmåla blir oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning og eksterne kurs. Der det gjenstår behov for supplerande teneste, vil dette bli ordna ved hospitering ved augeavdelinga.
  • Auge-øyre-nase-hals
    • Framandlegemer (AMM 040)
      • Kommentar: ØNH-avdelinga ligg i nær tilslutning til akuttmottak. Læringsmåla blir oppnådd gjennom klinisk supervisert praksis i medisinsk avdeling, akuttmottak, OBS-post og intensivavdelinga samt internundervisning og eksterne kurs. Der det gjenstår behov for supplerande teneste, vil dette bli ordna ved hospitering ved ØNH-avdelinga.
    •  

Ved oppstart skal LIS-3 få utnemnt rettleiar innan 2 veker. Vedkommande får ved oppstart munnleg og skriftleg introduksjon og blir tildelt ein kompetanseplan i kompetanseportalen som rettleiar kandidaten gjennom dei bestemmelsane som gjeld for arbeidsplassen og den faglege utviklinga.

Individuell utdanningsplan

Ved tilsetjing har leiar ansvar for at det blir utarbeidd ein individuell gjennomføringsplan/utdanningsplan for LIS som viser kva LIS skal gjennomføre av læringsmål på dei ulike arenaene. Den individuelle planen skal signerast av LIS, rettleiar og leiar.

Supervisjon

Det er tett samarbeid mellom LIS og overlege. Overlege eller konstituert overlege er oftast med på previsitt og deltar i visittgang så langt det er behov. Det er tett samarbeid og supervisjon utover dagen på post, poliklinikk og vakt.

Rettleiing

Alle LIS får tildelt rettleiar ved jobbstart. LIS og overlege må avtale rettleiingssamtalar x 1 pr. mnd., min. 10 pr. år. I utgangspunktet er det avsett tid mellom kl. 08.30 og 09.30 til dette annakvar fredag. Dette skal overvåkast gjennom dokumentering og registrering i kompetanseportalen. Helse Førde gjennomførte kurs i rettleiing i 2017, og utvida dette til å bli obligatorisk for rettleiingar i 2020. Alle som er rettleiingar må etter kvart ha gjennomført slikt kurs. Det er utvikla eigen gruppevegleiing for LIS på tvers av avdelingar i føretaket som alle får tilbod om å delta i.

Fagleg fordjuping

LIS-2 og -3 har avsett i snitt 4 timar fagleg fordjuping per veke som del av oppgåveplanen.

Litteratur

Medisinsk avdeling har tilgang til universitetsbiblioteket i Bergen og derigjennom oppdatert litteratur og tidsskrift. Sjukehuset har avtale med NEL. Avdelinga har tilgang til diverse lærebøker og internasjonale nettressursar der seksjonane oppgir behov. Alle har tilgang til helsebibliotekets ressursar. Vi bruker Haukeland sjukehus si metodebok i tillegg til enkelte eigne prosedyrar.

For å oppfylle måloppnåing vil LIS bli evaluert fortløpande i det kliniske arbeidet. Det blir utvikla metodar for evaluering basert på Helsedirektoratets rettleiar i kompetansevurdering, som blir gjort kjent for LIS og rettleiar. Supervisjon vil vere hovudfokus for den formative vurderinga, og det er etablert forum (evalueringskollegium) der spesialistar samlast for systematisk å summere LIS-legen sin kompetanse. Vurderinga herfrå blir tatt vidare til utdanningskandidaten av rettleiar.
 
I praksis vil vurderinga av utdanningskandidatane følgje følgjande rammer:
  1. Utdanningskandidatane skal sende inn oppnådde læringsaktivitetar fortløpande til supervisør/rettleiar.
  2. Rettleiar/supervisør vurderer om dei har godt nok grunnlag for å kunne godkjenne læringsaktiviteten.
  3. Ved tvil om læringsaktiviteten kan godkjennast, må dette diskuterast i evalueringskollegium. Rettleiar har ansvaret for å gi tilbakemelding til kandidaten om læringsaktivitetar som ikkje blir godkjende og kva som må gjerast for å få godkjenning.
  4. Når alle læringsaktivitetar er oppnådde, sender kandidaten læringsmålet til godkjenning hos leiar

Internundervisning

Avdelinga skal leggje til rette for gjennomføring av alle læringsmål i løpet av 2 år. Dette er kravet for å fylle spesialiteten. Mesteparten av læringsmåla vil vere avhengige av sjølvstudium og klinisk praksis justert etter individuelle behov i samråd med rettleiar. Når det gjeld undervisningsplanen, vil denne bli samordna med den generelle undervisningsplanen i indremedisin for å oppnå læringsmåla, supplert med eigen spesialundervisning i samarbeid med dei øvrige spesialfelta ein gong per veke for å fylle dei spesifikke måla i faget.

Internundervisning i indremedisin er i forlenging av morgonmøtet. Alle LIS som er på jobb, også LIS som har hatt vakt og påtroppande, deltar. Dei fleste overlegar deltar. Den blir avhalden måndag, tysdag, onsdag og torsdag kl. 08.15 til 08.45 (120 minutt i veka).

Innhaldet roterer for å fylle læringsmåla for LIS-2 indremedisin. Mange av desse vil vere dekkande for AMM. Her vil sentrale akuttmedisinske tema og prosedyrar som krev regelmessig gjennomgang bli demonstrerte, til dømes tiltak ved respirasjonssvikt og behandling av dette med NIV, sjokkbehandling, avlesing av pacemakere og andre tema som krev MTU-kompetanse.

Vidare har vi regelmessige litteraturmøter der det blir presentert frå dei store; NEJM, JAMA, BMJ, Lancet og Annals of Internal Medicine, samt at vi rapporterer artiklar med høg rating frå pyramidesøket via McMaster og vurderingar frå «Practice Changing Updates» på UpToDate. Vidare blir prosjekt og studiar gjennomgått.

Deler av læringsmåla krev meir konsentrerte pakkar for å oppnå tilstrekkeleg intensitet i læringa. Dette blir gjennomført med ulike kursveker som fyller ein spesifikk funksjon innan læringsmåla, men også for sertifisering og resertifisering av avdelinga sine legar innan sentrale delar av akuttmedisin.

Eksempel på fokusveker er:
  • ABC-veke
  • Intensivveke
  • Nevroveke
  • UL hjarte/thorax
  • UL abdomen/u.eks
Det er etablert fasilitert simulering av ABC-problem og CRM-kompetanse med vaktteamet saman med AKM-, poliklinikk- og postsjukepleiarar på fredagar. Vidare har vi faste møter i lunsjen på måndag og onsdag til faglege og etiske diskusjonar om aktuelle pasientar. Vi har interne møter omkring drift og kvalitetssikring i lunsjen på torsdagar ca. 1 gong per månad, og legemiddelpresentasjonar på same tidspunkt ca. 1 gong per månad. I tillegg kjem sjukehuset sitt fredagsmøte kl. 08.00 til 08.45 annakvar fredag som har fagovergripande tema.
 
Internundervisning i AMM blir avhalden ein gong per veke mellom kl. 15 og 16 på torsdagar. Her blir aktuelle tema som ikkje er dekt av den øvrige undervisninga, aktuelle artiklar og prosjekt gjennomgått. Det blir stimulert til tverrfaglegheit og tverrprofesjonalitet med dei øvrige samarbeidspartnarane, det vere seg ambulanse, AMK, legevakt, sjukepleiarar i akuttmottak og samarbeidande spesialistar. Detaljane i undervisningsplanen skal vedlikehaldast i ein XL-oversikt som til ei kvar tid held orden på detaljane omkring tema og tidspunkt.

Undervisningsrekneskap

  • Medisinsk avdeling: 2 timar per veke (ca. 40 veker per år)
  • AMM: 1 time per veke (ca. 40 veker per år)
  • Tillegg:
    • Fredagsundervisning (1 time annakvar veke)
    • Pasientdiskusjon/kasuistikkar (2 x 30 min per veke)
    • Simulering (1 time annakvar fredag)

Størsteparten av læringsmåla i FKM blir oppfylt gjennom klinisk praksis, til dømes vil etisk refleksjon utviklast gjennom deling av erfaringar knytt til aktuelle pasientkasus. Felles regional kompetanseplan blir tildelt alle LIS-2 og LIS-3. Tema rundt etikk, forskingsforståing, pasienttryggleik/forbetringsarbeid, leiing/systemforståing, kommunikasjon/pasient- og brukarmedverknad og lovverk blir, i tillegg til klinisk praksis, belyst i form av kurs arrangert nasjonalt, regionalt og lokalt.
 
Avdelinga har avsett tid til diskusjonsmøter i lunsjen på måndagar og onsdagar der etiske og juridiske forhold ofte blir diskuterte opp mot pasientbehandlinga. Forskingforståing er ofte eit integrert tema ved litteraturmøter i avdelinga si internundervisning. Vidare har vi regelmessige avdelingsmøter der avvik blir gjennomgått og sett i lys av kvalitet og pasientsikkerheit. Vi har eige pasientsikkerheitsutval som overvaker og vidareutviklar pasientsikkerheitsprogrammet, men også ser på eigne forhold ut over dette, til dømes knytt til drift, samarbeid og pasienttilfredsheit. Avdelinga har også eigne samarbeidsmøter med kommunehelsetenesta (bl.a. PKO), men også med interne samarbeidspartnarar. LIS deltar i lokale og regionale forbetringsarbeid knytt til programma for pasienttryggleik, arbeid med antibiotikastyring og kvalitetsregister m.m., men også til prosjekt knytt opp mot lokale behov i føretaket. Fag- og utviklingsavdelinga i Helse Førde har medansvar for at LIS får gjennomført læringsaktivitetar knytt til FKM.
 
Føretaket gjennomfører obligatorisk rettleiarutdanning for å heve kompetanse omkring dette knytt opp til tema som ligg under FKM som etiske og juridiske problemstillingar. Vidare blei det i 2021 utdanna eigne overlegar, og etablert obligatorisk grupperettleiing for LIS med fokus på FKM-tema. Der gjennomgår ein alle tema under FKM i rettleiingsperioden. Hausten 2022 etablerer føretaket eige kommunikasjonskurs etter modell for «4 gode vaner». Det blir utdanna 8 lokale instruktørar (overlegar) som skal halde kommunikasjonskurs for LIS og anna aktuelt helsepersonell i føretaket i framtida. Gjennom instruktørutdanninga vil det gjennom «train the trainer»-prinsippet bli kursa mellom 100–200 LIS som vil gi ein god start på kompetansehevinga innan feltet.
 
Helse Førde har ein pågåande satsing på fasilitert læring i føretaket, og metoden blir brukt og skal vidareutviklast innan simulering, men også observert læring i klinisk praksis. Det er etablert eigen fasilitatorgruppe for læring på tvers av avdelingane. Mange av dei tema som er aktuelle for metoden er knytt til FKM, bl.a. kommunikasjonsmetodar.
 
Regionalt har Helse Vest utvikla eit eige basiskurs over 2 dagar innan FKM som er obligatorisk for LIS, og til slutt må LIS gjennomføre aktuelle e-kurs og blir oppfordra til å gjennomgå podkastar i FKM som blir tilbydd av Helse Midt.

Utdanningsutval

  • Torgeir Finjord: Utdanningsansvarleg overlege, spesialist i indremedisin og fordøyelsessjukdommar
  • Stine Voll Aase: LIS-3
Vi legg opp til revisjon av utdanningsplan i februar kvart år.

Forskning: Som LIS 1 skal alle ha gjennomført FKM-LM 10-12 om forskingsforståing og som LIS 2/3 FKM-LM 13 som gjeld forskingsprotokoll, lovverk og forskingsetikk. Temaet forsking er del av obligatorisk grupperettleiing for LIS 2/3. Det blir tilrettelagt for at LIS 2/3 får delta i kvalitetsutviklingsarbeid (f.eks. registerarbeid knytt til hjarteinfarkt, KOLS og kreft) og forsking som del av Helse Førde sitt arbeid, eller som deltakar i forskingsgruppe initiert av andre føretak. Medisinsk avdeling har lang erfaring med deltaking i medikamentstudier. Fleire overlegar har vore medforfattarar i ulike forskingsprosjekt, f.eks. innan infeksjonsmedisin og gastroenterologi. Forskingsrettleiing blir gitt av «Senter for helseforsking», eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet, men all forsking skjer i regi av Helse Førde. Personvernombodet er sentral i å sikre korrekte søknadsprosessar.

Simulering og ferdigheitstrening: Avdelinga fokuserer no på fasilitert simulering innan fleire av læringsmåla, spesielt innan ferdigheitstrening. For det første satsar vi på utdanning av fasilitatorar blant overlegar, men dette vil også bli tilbydd LIS-2 og LIS-3. Det er etablert simulert læring av kommunikasjonsteknikkar og vi simulerer innan ABC-medisin. Planen er å auke simulering som læringsmetode på alle fagfelt for å auke kompetansen til LIS før ein appliserer prosedyrar på pasientane, men også for vedlikehald der prosedyreraten er mindre hyppig.

Vi har lokalt avdelingstillitsvald for LIS og overlegar, og de får informasjon om desse ved tilsetjing.

 

Næraste leiar: Hildur Thingnes

Utdanningsansvarleg overlege: Torgeir Finjord

Sist oppdatert 09.05.2025