Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utdanningsplan

Pediatri - spesialisering i barnesjukdomar

Barne- og ungdomsavdelinga (BUA) har åtte stillingsheimlar for overlegar. Ein av overlegane har permisjon i 80% stilling som avdelingssjef ein har permisjon i 30% i ein forskingsstilling og en av overlegane er primært på barnehabiliteringa. Der er 4-5 gonger per år barnekardiologisk pol.kl. med lege frå Haukeland universitetssjukehus.

Beskriving av utdanningsverksemda

BUA har 6 LIS-stillingar der det er tilsett i alle seks. I tillegg mottek avdelinga LIS i sideutdanning frå barne- og ungdomspsykiatri og. Desse er som regel på avdelinga eit planlagt halvår om gangen. Legar i spesialisering (LIS) går i tilstedevakt heile døgnet, med overlege i bakvakt. Legane roterar mellom seksjonane på avdelinga kvart halvår. Alle legar går i vakt. Første månaden skal ny LIS gå som følgjevakt samen med anna meir erfaren LIS-forvakt. Alle legar har teneste ved sengepost og poliklinikk. Der er ingen formell subspesialisering ved avdelinga , men uformell profilering innan barnekardiologi, endokrinologi, gastroenterologi, nyføddmedisin, onkologi/hematologi, astma og allergi, nefrologi, nevrologi og habilitering.

Legar i spesialisering har eit felleskontor på posten med 4 arbeidsstasjonar. Overlegane har kontor i anna del av sjukehuset. Sengepost for barn og unge er organisert samla med ei «gruppe» for store barn og ei «gruppe» for premature/nyfødde samt spedbarn. Sengeposten ligg samla i 5 etasje, Føde og Barselavdeling ligg også i 5 etasje, men i ei anna fløy. Poliklinikk for barn og unge ligg i 1 etasje av sjukehuset og Habiliteringsseksjonen i Angabygget. Operasjonsavdelinga og Intensivavdelinga (som også blir brukt til pediatriske pasientar) ligg i sjukehuset sin 2 etasje.

På Sengeposten er det 14 senger for barn og unge i alderen 0-16 år. Barneavdelingen holder gradvis på å utvide tilbudet til ungdommer opp til 18 år. Der er 6 såkalla tekniske senger på neonatalseksjonen. Her er vanleg relevant medisinsk-teknisk utstyr for overvakning og ventilasjonsstøtte.

Drift

Tal innleggingar i sengpost barn og unge for 2022 var 2.190.

Der er gjort 4751 konsultasjonar i 2022 ved barne og ungdomspoliklinikken.

Barne- og ungdomsavdelinga i Helse Førde deltek i den desentraliserte undervisning av medisinstudentar ved Universitetet i Bergen. Ein overlege ved avdelinga er tilsett som universitetslektor i 20% deltidsstilling. I 2 x 6 veker per år er det undervisning av medisinstudentar. Kvar gruppe på 5-6 studentar er 3 veker i avdelinga. Til saman utgjer dette 20-24 studentar per år. I tillegg har avdelinga andre helsefaglege studentar i praksis.

Sjukehuset har tilgang på bibliotektjeneste. Tilgang til litteratursøk via databasane i helsebiblioteket.no og internett. Litteraturservice gjennom sjukehusbiblioteket.

Beskriving av utdanningsløpa

Barneavdelingen i Førde er godkjent for 3.5 års tjeneste (Arena 1) og den resterende tiden skal LIS tilbringe ved Arena 2 sykehus (Haukeland sykehus). Dei ulike læringsmål innan Barnesjukdommar vil bli dekka gjennom teneste i eiga avdeling, og Arena 2 men og med samarbeidsavtaler med bl.a. akuttmedisinsk avdeling, psykisk helsevern barn og unge mfl, der læringsmåla gjer dette nødvendig. LIS-3 er sett opp i eit system der dei roterar mellom «gruppe» for store barn og «gruppe» for premature/nyfødde samt spedbarn. Dei har og teneste på poliklinikk for barn og unge og Habilitering for barn og unge. I løpet av tenesta ved BUA får LIS-3 utdanning i ei generell pediatrisk avdeling med bredde innan fagfeltet.

Det er totalt 162 læringsmål som skal nås i utdanningsløpet. 127 av disse læringsmåla skal kunne oppnås ved egen avdeling, de resterende 34 læringsmåla skal kunne oppnås ved Arena 2. Man forventar at Lis vil kunne tilegne seg gode grunnleggende kunnskaper og ferdigheter i egen avdeling (Arena 1) på områda barnegastroenterologi, kardiologi, astma/allergi, infeksjonsmedisin, nevrologi, og deler av onkologien samt nyfødtmedisin utenom ekstrem-prematuritet. Læringsmål som berører sjeldnare tilstandar som hovudsakleg fell under barnenevrologi, barneonkologi og nyføddmedisin må LIS tileigne seg ved Arena 2. Dei enkelte læringsmål som er forventa å verte oppnådd både i eige føretak og ved annen Arena er dokumentert i egen plan om lærings- og kompetansemål som er utarbeidet mellom de fire regionale helseføretaka.

Nye LIS får eit eige opplegg dei to-tre første vekene etter tiltredelse i stillinga. Dei vert då sett opp med same vakter og arbeidstid som sine respektive rettleiarar slik at dei vert godt kjent og har ein fast å forholde seg til.

Opplæringsvakter vil bli tilpassa individuelt utifrå tidlegare erfaring og utdanning. Utgangspunkt: Dei første 4 vekene ved barne- og ungdomsavdelinga skal LIS få tilbod om 2 opplæringsvakter per veke. Ein jobbar då frå kl 0800-22000 og møter på jobb påfølgande dag. Ein er friteken for helgearbeid. Dersom det skulle førekomme akutte hendingar (sectio, vakum etc) på natta, vil LIS vere utstyrt med alarmcalling og ha mulighet til å møte på desse for auka opplæring. LIS skal då få tilbod om seinare oppstart på jobb påfølgjande dag dersom LIS føler behov for dette. Målet er at LIS skal ha sett flest moglege akutte situasjonar før han/ho går aleine som forvakt.

Alle nye LIS har ei eiga prosedyre på opplæring som skal følgjast desse første vekene: Sjekkliste før første vakt for lege ved Barne og ungdomsavdelinga. Målet med opplegget dei første vekene og desse prosedyrene er trygg og sikker opplæring av lege før vakt ved å få med seg mest mogeleg av dagleg drift og utfordringar på avdelinga, samt at det vert avsett faste tidspunkt for meir spesifikt utdanningsopplegg. Prosedyrene omhandlar bla å bli kjent på sjukehuset og avdelinga, gjennomgang av elektroniske og administrative system, HLR- trening, gjennomgang av Medisinsk-teknisk utstyr og gjeldande metodebøker, varslingsrutiner, behandlingsrutiner/opplegg til små (premature, nyfødde) og store barn (inkludert dei mest aktuelle Følsomhet Intern (gul) sjukdomstilstandane), samtale med rettleiar, gjennomgang av arbeidsplaner, samtale med leiar osv.

Utdanningskandidatane deltek i avdelinga si vanlege drift og roterer som nemnt mellom dei ulike seksjonar og poliklinikk. Grunna avdelinga sin struktur med 6 LIS og 8 overlegar ved Førde sentralsjukehus, vil utdanningskandidatane ha dagleg svært nært samarbeid med overlegar. Dei vil lett kunne få supervisjon og kunne drøfte pasientkasus kontinuerleg i samband med pasientbehandling.

Undervisningskandidatane deltek i alle avdelinga sine funksjonar/prosedyrar. LIS skal tidleg kome i gang med ikkje berre visitt/avdelingsarbeid, men også barselvisitt og poliklinikk. Dei skal bli opplærd i vanlege prosedyrar samt gjennomføring og tolking av polikliniske utgreiingstiltak. Der skal utanom tidleg rettleiarsamtale bli gjort gjennomgang av utarbeidet sjekkliste for ny LIS inkludert opplæring i HLR/Nyfødd HLR.

Der er fast poliklinisk pre-visitt til kvar LIS i forkant av kvar poliklinikk-dag. På pre-visitt går ein overlege (som også som regel har poliklinikk den dagen) samen med LIS i gjennom pasientliste og diskuterer problemstillingane, kva som kan vere spesielt viktig å ta opp samt kva som avgjer plan vidare. Det er låg terskel for å diskutere/konferere på nytt i samband med sjølve konsultasjonen. Alle epikriser av LIS, og for dei aller fleste LIS også polikliniske notat, blir gjennomgått og kontrasignert av overlege.

Utdanningskandidatane deltek dagleg i morgonmøte. I tillegg møte/arbeidslunsj kvar onsdag for å drøfte kasus, informasjon og samtalar om praksis/prosedyrer. Storleiken på Barne og ungdomsavdelinga i Førde gjer det mest hensiktsmessig at morgonmøtet er ein full previsitt. Kvar pasient blir gjennomgått. Overflatisk eller djupare avhengig av problemstilling, liggetid, osb. Grunnleggande anamnese, kliniske funn, laboratoriesvar, kurver, vurdering av røntgenbileter, plan for vidare utgreiing, behandling og oppfølging blir alt etter behov gjennomgått med aktiv deltaking frå både LIS, sjukepleiarar og erfarne overlegar.

Utdanningskandidatane får permisjon med lønn til naudsynte kurs for spesialistutdanninga. Kursavgift vert dekka av sjukehuset mens de andre utgiftene dekkes gjennom fond III for medlemmer av Dnlf. Tid til fagleg fordjuping er lagt inn i tenesteplan og eksakt tidspunkt blir lagt inn i månadsplan.

Rettleiing:

Kvar utdanningskandidat får straks etter tilsetting tildelt ein rettleiar som følgjer kandidaten under heile tilsetjingstida. Ingen overlege er rettleiar for meir enn ein utdanningskandidat i gongen. Skjerma avtalt møte mellom rettleiar og utdanningskandidat skjer med frekvens på kvar eller annakvar månad. Litt ulikt for ulike rettleiarar. Det er klart uttalt at frekvensen skal vere 1 månad utanom sommar, jul og påske. Rettleiingsmøter ligg i oppgåveplan for legar.

Felles kompetansemål:

Alle LIS får tilbod om å bli med på gruppeveiledning på tvers av spesialitetane der felles kompetansemål vert dekka. Det blir satt av tid til disse møtene 4-6 ganger per år.

Dokumentasjon av utførte læringsaktivitetar og oppnådde læringsmål gjerast i eigen App og gjennom Kompetanseportalen. Fagleg progresjon og oppnådde læringsmål vil bli evaluert i månadleg Følsomhet Intern (gul) rettleiingsmøte.

Internundervisninga er strukturert i ein 24 mnd plan. Dei ulike delane i pediatrifaget vert gjennomgått systematisk med 3 tema kvart halvår. Tema og ansvar for undervisningsmøta, går på omgang mellom LIS og overlege (og studentar når dei har praksis). Det er organisert undervisningsmøte 2 gonger a 45 minutt per veke i avdelinga. I tillegg er det eit felles undervisningsmøte for heile sjukehuset anna kvar fredag 0800-0845.

Helse Førde har fristar for innmelding av kjent fråvær (inkludert kurs) x 2 pr år. LIS melder deretter behov for kurs etterkvart som datoane for desse er klare. Alt dette vert lagt inn som forespørslar i GAT – som igjen vert godkjent av leiar. Barne og ungdomsavdelinga har rullerande legeplan og langtidsplanlegging av oppgåver 1 år av gangen. Undervisning, simuleringstrening, lesedagar, rettleiing, HLR-trening, kurs/fråvær osv, inngår som del av oppgåveplanlegginga.

Viser til regionale helseføretaket si utdanningsplan for felles kompetansemål med bl.a. elæringskurs og planlagt kursprogram.

I 2023 har utdanningsutvalet desse medlemmane: Overlege, LIS og Avdelingssjef.

Sjå elles under Supervisjon, veiledning og fagleg utvikling.

LIS deltek i kvalitetsregister via Neonatalprogrammet og Nyfødt kvalitetsregister. Avdelinga har ein overlege med PhD som har forskingskompetanse og har eit pågående prosjekt.

Ved tilsetting vil det verte utarbeidd ein individuell utdanningsplan for LIS, som viser kva LIS skal gjennomføre (læringsmål, læringsaktiviteter og læringsarenaer), basert på kvar i utdanningsløpet LIS startar. Den individuelle utdanningsplanen skal utarbeidast av LIS i samarbeid med rettleiar og evt. Utdanningsansvarleg overlege. Planen skal godkjennast av leiar.

Der er utanom ferier team-trening anna kvar torsdag. Her trenar ein på HLR-situasjonar med nyfødde eller store barn. Team med LIS og spesialist i anestesi og pediatri og jordmor/barnesjukepleiar(ar). I tillegg er det 2 gonger per år såkalla HLR-dag med teori, ferdigheit og simuleringstrening.

Tillitsvalde

Helse Førde har tillitsvald og hovudtillitsvald for Of og YLF i dei forskjellige klinikkane og i føretaket (HTV).

Kontakt:

Utdanningsansvarleg overlege, Hege Kristiansen
Telefon: 57830372
E-post: hege.kristiansen@helse-forde.no

Avdelingssjef, Hildegunn S. Borkamo
Telefon: 5783137
E-post: hildegunn.styve.borkamo@helse-forde.no

 

Sist oppdatert 09.05.2025