Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utdanningsplan

Fødselshjelp og kvinnesjukdommar

Kvinneklinikken, ved Førde Sentralsjukehus, har eit breidt tilbod til kvinner frå gamle Sogn og Fjordane. Det er 6 LIS-stillingar og 9 overlegestillingar. Alle overlegestillingar er besett. LIS går 6-delt tilstadevakt, med to helger på 6 veker. Overlegane har tilstadevakt etter eigen plan. Vi har innimellom også overlegevikarar. Desse medverkar også i opplæring, undervisning, og fagleg oppdatering innan sine fagfelt. Dei fleste vikarane har vore her fleire ganger, slik at dei er godt kjende, og vert brukt til det dei er gode på.

Felles regional kompetanseplan vert tildelt LIS. 
Dei fleste læringsmål vert tilegna gjennom dagleg praksis, i tillegg til undervisning, øving og eksterne 
kurs. 

Om avdelinga

Avdelinga har føde- og barselavdeling, ammepoliklinikk og fødepoliklinikk. Fødeavdelinga handterer ca. 800-900 fødslar i året. Vi tar hand om normale fødslar og risikofødslar ved svangerskap ned til veke 31. Fødepoliklinikken gjer screening av gravide (12 og 18-vekers screening), og selekterer kvinner som skal følges opp ved fødepoliklinikken grunna risikosvangerskap. Det er to jordmødre og fleire overlegar med utdanning i ultralyddiagnostikk. LIS får opplæring av desse i obstetrisk ultralyd, men har alltid nokon å spørre for veiledning og supervisjon. Ein av fordelane ved vårt sjukehus, er at LIS kan følge pasientar frå graviditet til barseltid. Vi samarbeider tett med Ultralydlaboratoriet ved Kvinneklinikken i Bergen, om det er behov for ytterlegare kompetanse.

Avdelinga har gynekologisk avdeling og gynekologisk poliklinikk med ca. 5200 konsultasjonar per år (2022). Alle LIS får delta i dette, og får eigne pasientar. For pasientar som treng operasjon, har vi tilbod om dei fleste gynekologiske operasjonar, med unntak av avansert kreftkirurgi. Vi utfører omlag 520 operasjonar per år (2022).

I tillegg vert det gjort koniseringar (ca 130/år) og mindre kirurgiske inngrep på poliklinikken. Vi utreder kvinner for kreft, og henviser dei vidare til Kvinneklinikken i Bergen, kor dei i hovdesak vert operert. Ved kjemoterapi vil dei aller fleste motta behandling ved Kreftpoliklinikken ved Førde Sentralsjukehus.

Kvinner som er i gynekologisk kreftbehandling, vil i forbindelse med innlegging vere innlagt i kreftavdelinga ved FSS. Ved kjemoterapi vil dei få behandling ved Kreftpoliklinikken. Det er imidlertid Kvinneklinikken som har det medisinske ansvaret. Vi samarbeider med palliativt team, under medisinsk avdeling, hos pasientar med langtkomen kreft. LIS får på denne måten erfaring med alle faser av gynekologisk kreftsjukdom. Vi utreder infertilitet, og henviser til IVF behandling der det er indikasjon for dette. To av våre faste vikarar, jobbar spesielt med dette, og vi brukar kompetansen deira, både i pasientbehandling, men også i undervisning.

Utdanninga har tradisjonelt sett vore inndelt i tre deler, fordelt på tre ulike avdelingar:

  • Tjeneste ved Kvinneklinikken i Førde, 2,5 år, inntil 3,5 år er godkjent
  • Tjeneste ved Kvinneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus – evt anna «gruppe 1 sjukehus», 1,5 år
  • Tjeneste ved Kirurgisk Avdeling, 6-12 mndr. 

Som LIS ved Kvinneklinikken i Førde, vil ein få tjeneste ved poliklinikk, sengepost og fødeavdeling, kreftpoliklinikk og operasjon. Ein har ikkje rotasjonsordning i avdelinga, men arbeidsoppgåvene utvides etterkvart som kompetansen aukar.

Dei første vekene i avdelinga arbeider LIS tett saman med meir erfaren lege i avdelinga. Når ein starter med sjølvstendige arbeidsoppgåver, har ein alltid ein overlege eller erfaren LIS tilgjengeleg for hjelp og veiledning.

Utdanning av LIS skjer i all hovedsak gjennom deltaking i den daglege drifta. Som ny LIS startar ein ofte med øyeblikkeleg hjelp poliklinikk, kor ein møter vanlege problemstillingar både innan gynekologi og fødselshjelp, som ein også møter i vaktsamanheng. Ein har alltid ein overlege eller erfaren LIS tilgjengeleg for hjelp og rettleiing. Slik sikrar ein både god opplæring og kvalitet på helsehjelpa.

Etterkvart som kompetansen aukar får ein utvida arbeidsoppgåver.

Spørsmål eller problemstillingar som dukker opp ila arbeidsdagen kan diskuteres med kollegaer ifm morgon- eller ettermiddagsmøtet, som ein har kvar dag.

Avdelinga har internrundervisning to timar i veka, samt digital CTG undervisning frå Haukeland 30 min kvar veke.

LIS har fordjupningstid 4 timar i veka, som regel som to heile dagar ila mnd.

LIS får permisjon til kurs 2 veker i året.

Det er sett av tid til rettleiing før morgonmøtet kvar 6. veke, med tanke på evaluering av fagleg progresjon og oppnådde læringsmål. Men mykje av rettleiinga skjer også gjennom det kliniske arbeidet. Dokumentasjon av utførte læringsmål vert gjort i kompetanseportalen. Overlegane i avdelinga har møte kvar 6. veke, kor ein diskuterer den enkelte LIS` faglege progresjon og læringsbehov.

Avdelinga har internundervisning 2 timar kvar veke. Både LIS og overlege underviser da om tema i henhold til læringsmål for spesialiteten. Enkelte ganger har vi gjesteforeleser, det kan vere ein vikar i avdelinga, eller helsepersonell frå andre 
avdelingar eller fagfelt som er relevante for faget vårt.

Vi deltar også digitalt, i CTG undervisning, frå Haukeland Universitetssjukehus, ca 30 min kvar veke.

Kvar andre fredag er det fredagsundervisning i sjukehusets auditorie, som rullerer mellom avdelingane på huset.

Kvart år arrangerer ein ALSO (Advanced Life Support in Obstetrics) kurs i avdelinga, eit på våren og eit på hausten. Alle legane i avdelinga skal delta ein gang i året.

Ein til to LIS og utdanningsansvarleg overlege utgjer utdanningsutvalet ved avdelinga.

Som LIS 1 skal alle ha gjennomført FKM-LM 10-12 om forskingsforståing, og som LIS 2/3 FKM-LM 13 som gjeld forskingsprotokoll, lovverk og forskingsetikk. 

Temaet forsking er del av obligatorisk gruppeveiledning for LIS 2/3. 

Det vert tilrettelagt for at LIS 2/3 får delta i kvalitetsutviklingsarbeid (f. eks. registerarbeid knytta til NKIR, NGER og kreft ) og forsking, som del av Helse Førde sitt arbeid, eller som deltakar i forskingsgruppe initiert av andre foretak. 

Forskingsrettleiing vert gjeve av «Senter for helseforsking», eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet, men all forsking skjer i regi av Helse Førde. 

Personvernombodet er sentral i å sikre korrekte søknadsprosessar.

Individuell utdanningsplan vert utarbeida ved tilsetting. LIS får rettleiar, og kompetansemål vert gjennomgått. Det vert laga ein plan for utdanninga, og rettleiar/avdelingsleiar prøver å tilrettelegge arbeidsoppgåver i takt med kompetanse.
Avdelingssjef godkjenner planen.

Fødselshjelp og kvinnesjukdommar er eit kirurgisk fag med mange praktiske prosedyrer som skal læres. Avdelinga har fantom som ein kan bruke til å trene på bl.a. operative vaginale forløsningar. LIS har tilgang på såkalla «Drammensboks» for laparoskopisk trening.Ellers deltar LIS med aukande kompetanse i aukande grad på operative inngrep og prosedyrer ved fødeavdelinga.

Dei fleste LIS er tilslutta YLF i Den norske Legeforening. 
YLF har tillitsvalde i foretaket som ivaretar LIS sine interesser.

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt avdelingssjef eller utdanningsansvarleg overlege.

 

 

Sist oppdatert 09.05.2025