Utdanningsplan
Fordøyingssjukdommar
Målet med utdanningsplanen er å gi LIS i rotasjon nødvendig kunnskap om faget, og for LIS-3 den pålagte utdanninga innanfor fordøyingssjukdommar slik at dei kan utføre dette med høgt nivå, og vere godt førebudd til vidare utdanning ved annan institusjon.
Det søkast å ivareta fagets målbeskriving gjennom systematisk teoretisk undervisning, praktisk prosedyrelæring, supervisjon og veiledning. I tenesteperioden skal kandidaten gjennomgå dei læringsmål og prosedyrar avdelinga kan tilby. Det er estimert at desse skal kunne gjennomførast på 18 månader. Når desse er fullførte, vil dei resterande læringsmål måtte fyllast på ein større institusjon med dekning for meir spesielle delar av faget. Denne tida er estimert til å vere 12 månader. Det er utarbeidd ein eigen avtale med Helse Bergen slik at utdanningsløpet kan gjennomførast føreseieleg.
Medisinsk avdeling
Medisinsk avdeling, Helse Førde, er organisert på tre lokalisasjonar, Lærdal, Nordfjordeid og Førde. Vurdering av elektive og akutte innleggingar på dei ulike lokalisasjonane føregår i Førde, anten ved sentralisert vurdering av tilvisingar av overlege innan dei ulike spesialfelta, eller seleksjon av pasientar til øyeblikkeleg hjelp innlegging av vårt vaktteam. Årleg er det om lag 7000 innleggingar, korav ca. 4500 i Førde. Vi har som heilskap ca. 5000 dagopphald, kor mesteparten er dialyse. Det er ca. 13 000 polikliniske konsultasjonar i Førde fordelt på alle spesialitetar. Avdelinga har eigne ernæringsfysiologar.
Førde sentralsjukehus, medisinsk avdeling
Førde Sentralsjukehus, indremedisinsk avdeling, er godkjent for utdanning av LIS-2 indremedisin og LIS-3 i kardiologi, lunge, nefrologi og fordøyingssjukdommar. Vi har søkt om godkjenning for LIS-3 AMM, indremedisin og infeksjonssjukdommar. Avdelinga fungerer som primærsjukehus for om lag 70 000 menneske, og sekundærsjukehus for 107 000. Den dekker breie delar av faget bortsett frå dei undersøkingmetodar som krev eit høgare pasientgrunnlag. I 2008 blei kreftavdelinga/hematologi skilt ut som eigen avdeling, men medisinsk avdeling har vaktansvar etter kl. 19.00 på kvelden. Avdelinga har to spesialistar i nyresjukdommar, to lungelegar, ein endokrinolog, fire kardiologar, ein infeksjonsmedisinar og tilknytt onkologar og hematologar som er organisert i ein eigen onko-hematologisk avdeling. Vidare har seksjonen for tida tre spesialistar i gastroenterologi, kor ein driv rein poliklinisk verksemd. Vi forsøker å rekruttere fleire overlegar. Spesialistane jobbar fortrinnsvis med spesialiserte problemstillingar, men også generaliserte indremedisinske problemstillingar. Det er ti LIS i rotasjon. Overlegane og LIS går generelle indremedisinske vakter. Ved spesialiserte problemstillingar innan gastroenterologi på vakttid forsøker desse løyst ved å innkalle lokal kompetanse viss denne er tilgjengeleg utan at det er eit formalisert vaktsystem for dette. Viss ikkje dette er mogleg, vil overføring til universitetssjukehus vere aktuelt viss nødvendig. LIS roterer mellom dei ulike seksjonar samt i tillegg eigen teneste ved poliklinikken og overvaking/intensivavdeling.
Medisinsk avdeling har tilgang til universitetsbiblioteket i Bergen og gjennom dette dekkast generell litteratur. Avdelinga har eigne tilganger til sentrale internasjonale ressursar i faget digitalt. Alle har kontor-PC med tilgang til internett, helsebiblioteket og dermed oppslagsverk som UpToDate og BestPractice.
Medisinsk sengeavdeling har 41 senger, og har seksjonar for kardiologi, nefrologi, lungesjukdommar, fordøyingssjukdommar samt at endokrinologi, hematologi og onkologi er dekt med eigne spesialistar og fordelt på ulike postar. Avdelinga har ein eigen overvakingsavdeling som er tilknytt kirurgisk intensiv. Her observerast og behandlast ustabile pasientar. Gastroenterologisk sengepost har åtte senger der hovudtyngda er pasientar med gastroenterologiske lidingar. Vidare er det ein gastroenterologisk undersøkingavdeling som er ein del av medisinsk poliklinikk kor også gastroenterologiske kirurgar utfører sine endoskopiske prosedyrar. ERCP gjerast ved vårt sjukehus på radiologisk avdeling som er nært tilknytt gastroenterologisk undersøkingavdeling. Det er eit nært og godt samarbeid mellom medisinske og kirurgiske gastroenterologar.
Undersøkingavdelinga har utstyr til gastroskopi, kolonoskopi, ultralyd og spesialutstyr til dei vanlege prosedyrar som blokking, hemostase, polypektomiar, PEG/PEJ og leverbiopsi. Vidare gjerast 24-t-pH måling.
Seksjon for fordøyingssjukdommar dekker alle delar av faget bortsett frå dei undersøkingmetodar som krev eit høgare pasientgrunnlag som f.eks. endoskopisk ultralyd. ERCP gjerast ved kirurgisk avdeling og etter avtale deltar vi i prosedyrar utført av kirurgane. Vi har eit utstrakt samarbeid med kirurgiske gastroenterologar kor direkte tilsyn ved bl.a. svulstar gjerast samt samarbeid om innlegging av PEG og generell konsultering.
Verksemda oppsummerast som følgjer:
- Innleggingar: ca. 800/år
- Gastroskopiar: ca. 1400/år
- Kolonoskopiar: ca. 1200/år
- Polypektomiar: ca. 300/år
- Dilatasjonar: 20–30/år
- Strikkligering: 1–5/år
- Framandlegeme: 10–20/år
- Hemostaseprosedyrar: 30–50/år
- Leverbiopsiar: ca. 20/år
- PEG: 10–20/år
- ERCP: ca. 70/år
- Ultralydprosedyrar: Desse tel vi ikkje systematisk, men UL brukast regelmessig.
- Det som kan oppnåast ved Helse Førde
- Dette er forhold som fullstendig kan oppfyllast ved vårt helseføretak både teoretisk og praktisk.
- Det som delvis kan oppnåast ved Helse Førde
- Vi kan her ha god teoretisk tilnærming, men ikkje gi fullstendig opplæring anten på grunn av lågt volum eller at forholdet delvis er sentralisert slik at erfaringa ikkje står til forventa kunnskapsnivå ved avslutta utdanning. Oversikta over kva læringsmål som må fullførast ved annan institusjon framgår i eigen avtale med Haukeland.
- Det som ikkje kan oppnåast ved Helse Førde
- Vi kan her ha ein teoretisk tilnærming, men vi har anten for lite pasientgrunnlag eller forholdet er sentralisert til annan institusjon.
Ved oppstart skal LIS-3 få utnevnt veileder innan to veker. Vedkommande får ved oppstart munnleg og skriftleg introduksjon, og tildelt ein kompetanseplan i kompetanseportalen som veileder kandidaten gjennom dei bestemmelsane som gjeld for arbeidsplassen og den faglege utviklinga.
Utdanningsplan
Veiledning
Fagleg fordjuping
Kurs og faglege møter
Litteratur
I praksis vil vurderinga av utdanningskandidatane følgje følgjande rammer:
- Utdanningskandidatane skal sende inn oppnådde læringsaktivitetar fortløpande til supervisør/veileder.
- Veileder/supervisør vurderer om dei har godt nok grunnlag for å kunne godkjenne læringsaktiviteten.
- Ved tvil om læringsaktiviteten kan godkjennast må dette diskuterast i evalueringskollegium. Veileder har ansvaret for å gi tilbakemelding til kandidaten om læringsaktivitetar som ikkje blir godkjent og kva som må gjerast for å få godkjenning.
- Når alle læringsaktivitetar er oppnådd sender kandidaten læringsmålet til godkjenning hos leiar.
Undervisning
Den teoretiske undervisninga er organisert som hovudsakleg førelesingar mellom kollegaer. Når det ligg til rette for det, vil det bli gitt demonstrasjon av f.eks. praktiske prosedyrar. Nokre av temaene kan vere fellesseminar med kirurgar eller patologar. Vi deltar ukentlig i digital undervisning frå gastroavdelinga på Haukeland. Vi har også webinarer med eksterne aktørar, eller bruker oppdaterte førelesingar eller opplæringsmodular frå ECCO, UEG eller ESGE som grunnlag for undervisninga der det er aktuelt. LIS-3 eller spesialistar som har vore på kurs og konferansar får ansvar for å gjenta sentrale delar av innhaldet som ledd i avdelinga si undervisningsplan. Utdanningskandidaten føresettes å ha ansvar for ca. 25 % av undervisningane. Deler av kravet for spesialiteten dekkast av undervisninga i generell indremedisin. Totalt sett dekker dette kravet om 70 timar undervisning per år.
Simulering
Etterutdanning
Tidsplan undervisning:
Gastroenterologi
- Her diskuterast:
- Interne rutinar
- Samarbeidsforhold
- Områder kor det er behov for fasilitert observasjon og simulering
- Kasuistikkar
- Undervisning:
- Det undervisas i tema som er av spesiell interesse for både spl og legar
- Legemiddelmøter:
- Det setjast opp legemiddelmøter etter førespurnad
- Spl kan delta viss dei ønskjer
- Fasilitator: lege eller spl
- Læringsområder:
- Kommunikasjon
- Teamarbeid
- Fagleg fokusområde etter plan
- Eige program utarbeidast i fellesmøter med spl på tysdagar.
Generell indremedisin
- Teoretisk undervisning i generell indremedisin
- Ein stor del av dette vil vere tema av betydning for LIS-3 i faget
- Viser til eigen utdanningsplan i indremedisin
- Eigen undervisningsliste førast med dato, undervisar og tilstadeverande
- GI-tractus funksjon og oppbygging
- Motilitet
- Immunologi og GI-tractus
- Mikrobiologi og GI-tractus
- Dyspepsi
- Dysfagi
- Øvre GI-blødning
- Nedre GI-blødning
- Akutt diare
- Kronisk diare
- Akutte magesmerter
- Kroniske magesmerter
- Icterus
- Patologiske leverprøver
- Ulcerøs kolitt
- Crohn
- Ulcus pepticum
- GERD
- Cøliaki
- Malabsorpsjon
- Akutt/kronisk pankreatitt
- Akutt leversvikt
- Kronisk leversvikt/cirrhose
- Kroniske leversjukdommar
- Galleveissjukdommar
- Ca øsofagi
- Ca ventriculi
- Ca coli
- UL abdomen
- Gastroskopi
- Terapeutisk øvre endoskopi
- Kolonoskopi
- Terapeutisk nedre endoskopi
- Tynntarmsdiagnostikk
- pH-manometri
- ERCP
- PEG
- Leverbiopsi.
Litteratur
- Grunnkurs i fordøyingssjukdommar
- Basalkurs i endoskopi
- Schleisinger & Fordtran eller Yamamato
- Scherlock Hepatology
- SADE-boka
- Cotton & Williams
- Gastroenterological Endoscopy, Classen et al.
- Haukeland
- UpToDate.com
- BestPractice (BMJ)
- UEG (https://www.ueg.eu/home)
- NICE (https://www.nice.org.uk)
- AGA (https://www.gastro.org)
- WGO (http://www.worldgastroenterology.org)
- SADE (https://sadeendoscopy.com)
- ESGE (https://www.esge.com)
- ASGE (https://www.asge.org)
- Atlas i endoskopi: https://www.endoatlas.com/
- Endoscopy Campus - Home (endoscopy-campus.com)
- ECCO (https://www.ecco-ibd.eu)
- EASL (https://easl.eu)
- AASLD (https://www.aasld.org)
- Scandinavian Journal of Gastroenterology
- Gut
- Gastroenterology
- Digestive Diseases and Science
- European Journal of Gastroenterology and Hepatology
- Journal of Hepatology
- Current Opinion in Gastroenterology og Digestion
-
Annals of Internal medicine
-
The Lancet
-
British Journal of Medicine
-
New England Journal of Medicine
-
JAMA
Utdanningsutval
- Torgeir Finjord, utdanningsansvarleg overlege, spesialist i indremedisin, fordøyingssjukdommar og akutt- og mottaksmedisin.
- Sofie Hagen, LIS-3
Som LIS 1 skal alle ha gjennomført FKM-LM 10-12 om forskingsforståing og som LIS 2/3 FKM-LM 13 som gjeld forskingsprotokoll, lovverk og forskingsetikk. Temaet forsking er del av obligatorisk gruppeveiledning for LIS 2/3. Det blir tilrettelagt for at LIS 2/3 får delta i kvalitetsutviklingsarbeid (f.eks. registerarbeid knytt til hjarteinfarkt, KOLS og kreft) og forsking som del av Helse Førde sitt arbeid, eller som deltakar i forskingsgruppe initiert av andre føretak. Medisinsk avdeling har lang erfaring med deltaking i medikamentstudier. Fleire overlegar har vore medforfattarar i ulike forskingsprosjekt, f.eks. innan infeksjonsmedisin og gastroenterologi. Forskingveiledning blir gitt av «Senter for helseforsking», eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet, men all forsking skjer i regi av Helse Førde. Personvernombodet er sentral i å sikre korrekte søknadsprosessar.
Ved tilsetjing blir det utarbeidd ein individuell gjennomføringsplan for LIS, som skildrar utdanningsløpet.
Avdelinga fokuserer no på fasilitert simulering innan fleire av læringsmåla, spesielt innan kvalitetssikring og ferdighetstrening. For det første satsar vi på utdanning av fasilitatorar både blant overlegar, men dette tilbys også LIS. Det er etablert simulert læring av kommunikasjonsteknikkar i samband med morgonundervisninga i generell indremedisin, og vi simulerer innan ABC-medisin med sjukepleiarar og øvrig helsepersonell. Vidare er fasilitert observasjon og simulering ein del av undervisningsopplegget i fordøyingssjukdommar. Viser til beskrivinga under «teoretisk undervisning» angitt tidlegare i dokumentet. Vi aukar simulering som læringsmetode på alle fagfelt for å auke kompetansen til LIS før ein appliserer prosedyrar på pasientane, men også for vedlikehald der kor prosedyreraten er mindre hyppig.
Vi har lokal avdelingstillitsvald for LIS og overlegar, og de blir informert om desse ved tilsetjing.
Næraste leiar: Hildur Thingnes
Utdanningsansvarleg overlege: Torgeir Finjord
Referansar
- Målbeskriving fordøyingssjukdommar
- Samarbeidsavtale om utdanningsløp med Helse Bergen, seksjon for fordøyingssjukdommar
- Introduksjon LIS-3 fordøyingssjukdommar FSS
- Utdanningsplan LIS-2/-3 indremedisin Helse Førde