Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utdanningsplan

Generell kirurgi

All kirurgisk aktivitet i Helse Førde går føre seg ved kirurgisk avdeling ved Førde sentralsjukehus.

Beskriving av utdanningsverksemda

Det er ni overlegestillingar ved avdelinga, fire for spesialist i gastrokirurgi, tre for urologi og ein for plastikkirurgi. Karkirurgi er per no i 50 % stilling. Avdelinga har fire gastrokirurgar og tre urologar. Den eine gastrokirurgen saman med plastikkirurgen ivaretek mammakirurgien. Overlegar med generell kirurgisk kompetanse går i seksdelt vakt bak LIS 2/3. Avdelinga har sju i LIS2/3-stilling, seks av desse er LIS 2 i generell kirurgi, og ein er LIS 3 i gastrokirurgi. Alle desse deltek i sjudelt tilstadesvakt bak LIS1 med overlege i tertiærvakt. Det er 9-10 LIS1 til ei kvar tid ved avdelinga.
 
Kirurgisk avdeling har følgjande fagområde: gastroenterologisk kirurgi, generell kirurgi, urologi, mammakirurgi, plastikkirurgi og karkirurgi. LIS 2 roterer kvar sjette månad på dei to «seksjonane», den eine er gastrokirurgi, den andre ivaretek alle andre pasientar innlagt på kirurgisk avdeling, kor urologiske pasientar vil vere i fleirtal. Totalt har kirurgisk avdeling 32 senger, der halvparten av desse er øyremerka gastrokirurgiske pasientar. Sjukehuset har nedslagsfelt på omlag 108 000 innbyggjarar.
 

Beskriving av utdanningsløpa

Kirurgisk avdeling har ovanfornemnde fagområde, og har hatt formell utdanningsstatus med fire år i generell kirurgi, 1,5 år for henholdsvis gastrokirurgi og urologi. Med oversiktleg avdeling som er kjent for å ha godt læringsmiljø med godt forhold mellom LIS og overlege, har progresjon i læring for dei fleste utdanningskandidatar vore god ved kirurgisk avdeling. Med dei arbeidsoppgåver og pasientkategoriar avdelinga har, vil storparten av læringsmål i generell kirurgi kunna oppnåast i kirurgisk avdeling ved Førde Sentralsjukehus, men for læringsmål 040, 043, 053, 075, 077, 082, 085 og 087 må delar av desse oppnåast på regionsjukehus.
 
Internundervisning to timar per veke med minst 70 timar per år, og permisjon og støtte til obligatoriske/teljande kurs, bidreg til høg oppnåing av læringsmål i avdelinga. Det er forventa at storparten av LIS 2/3-utdanninga kan oppnåast ved Førde Sentralsjukehus i generell kirurgi, men for godkjenning av ovanfornemnde læringsmål er det inngått fagavtale med Haukeland universitetssjukehus.

Nye LIS 2 vil, avhengig av kompetansenivå ved oppstart, få introduksjon i korleis avdelinga fungerer og kva som er forventningane. Avhengig av behov vil dei få følgevakt dei første par vekene. Det blir tildelt veileder som er overlege. Det blir informert om e-læringskurs og krav til gjennomføring. Tilbod om å ta kontakt med overlege ved behov til ei kvar tid vert understreka.

Supervisjon av LIS 2/3 (heretter kalla LIS) er sentralt i alt arbeid som vert gjort ved avdelinga. Dette gjeld i avdelingsarbeid der overlege så godt som råd deltek i previsitt/visitt saman med LIS, i poliklinikk der overlege skal vera lett tilgjengeleg for veiledning/rådslaging, og ved operativ behandling der LIS gradvis vert meir og meir involvert i aktivitet, først som assistent, etter kvart som meir deltakande i inngrep under veiledning før det etter kvart blir aktuelt å gjera enklare inngrep sjølvstendig.
 
Det er vekentlege MDT-møter for gastro-, mamma og urologi der LIS vert oppfordra til å delta.
 
Veiledning er intensjon å gjennomføra månadleg. Etter behov diskuterer veiledar eventuelle utfordringar i overlegekollegiet. Alle LIS har avsatt i snitt fire timar per veke på sin tenesteplan til fagleg fordjuping.

LIS i gen. kir. skal ha månadleg veiledarsamtale med sin veiledar. Oppnådde læringsmål skal dokumenterast i Kompetanseportalen og signerast av veiledar (el. avd.sjef).

Det er avsett 2 t pr. veke til teoretisk undervisning der sentrale tema i faget/læringsmål vert gjennomgått, og der LIS sjølv bidreg med innhald. Dette blir minst 70 t/år.
Det vert gitt permisjon og økonomist støtte til obligatoriske/tilrådde nasjonale kurs

Storparten av læringsmåla i FKM skal bli oppnådd gjennom klinisk praksis, dette gjeld også etisk refleksjon som må utviklast gjennom erfaringsdeling knytt til pasientcase og hendingar i den kliniske kvardag. Fokus på kvalitetsforbetring i den kliniske kvardag med understreking også for utdanningskandidatar av arbeid knytt til den nasjonale pasientsikkerhetskampanjen, arbeid med antibiotikastyring og deltaking i nasjonale kvalitetsregister, er viktige i haldningsbygging som har klar plass i den kliniske kvardag i kir. avd. E-læringskurs og deltaking i MDT-møter, har også plass i dette. Helse Vest har frå 2021 tilrettelagt for todagars basiskurs innan FKM som LIS 2/3 skal delta på. 

Kir. avd. har sitt utdanningsutval som består av leiar (overlege) og to andre medlemmer (LIS 2 og overlege), det er ikkje eige utdanningsutval for gen. kir. Veiledar for LIS 2/3 har sentral rolle for utdannigskand., og er ofte identisk med utdanningsansvarleg overlege.

Det er betydeleg forsking knytt til overvektsproblematikk i Helse Førde/Høgskulen på 
Vestlandet, kir. avd. leverer betydeleg forskingsgrunnlag på dette feltet, og fleire PhD-grader utgår frå dette. Helse Førde har ved Senter for helseforskning formelt samarbeid med Høgskulen på Vestlandet som bidreg med forskningsrettleiing. Ein overlege i urologi driv forskning mtp. PhD-løp. Forskingsartiklar blir presentert i vår internundervisning. LIS2/3 er involvert i kvalitetssikringsarbeid som dekkar behov for 
læringsmål vedr. forskning. Allereie som LIS 1 skal alle ha gjennomført FKM-LM-13 vedr. forskningsprotokoll, lovverk og forskingsetikk. 

Ved tilsetjing vil det bli utarbeidd individuell utdanningsplan for LIS, som viser kva LIS skal gjennomføra (læringsmål, læringsaktivitetar og læringsarenaer), basert på kvar i utdanningsløpet LIS startar. Den individuelle utdanningsplanen skal utarbeidast av LIS i samarbeid med veileder og ev. utdanningsansvarleg overlege. Planen skal  godkjennast av leiar.

Det er organisert simulatorrom for øving bl.a. på laparoskopi. Det er her tilgang på D-boksar for å driva ferdighetstrening. BEST-trening 1-2 gg pr. år og traumemottakstrening etter ATLS-prinsippet kvar 6. veke, er del av ferdighetstrening. Helse Førde har oppretta eit eige SIM-senter i 2020 til bruk for alle avdelingar.

Kir. avd. har p.t. hovedtillitsvald for underordna i Helse Førde, og ivaretek tillitsvaldoppgåver for alle LIS i kir. avd.

For spørsmål om spesialistutdanninga ta kontakt med avd.sjef kir. avd

Sist oppdatert 09.05.2025