Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Utdanningsplan
Medisinsk mikrobiologi
Mikrobiologisk avdeling, Førde Sentralsjukehus yter mikrobiologisk service til alle deler av helsetenesta i Helse Førde sitt område, Sogn og Fjordane. Avdelinga er delt i ei akteriologisk, ei serologisk/virologisk og ei molekylærbiologisk eining (sistnemnde i samarbeid med avd. for patologi), samt eit produksjonslaboratorium.
Omtale av utdanningsverksemda
Mikrobiologisk avdeling, Førde Sentralsjukehus yter mikrobiologisk service til alle deler av helsetenesta i Helse Førde sitt område, Sogn og Fjordane. Avdelinga er delt i ei bakteriologisk, ei serologisk/virologisk og ei molekylærbiologisk eining (sistnemnde i samarbeid med avd. for patologi), samt eit produksjonslaboratorium.
Avdelinga har to overlegar som er spesialistar i medisinsk mikrobiologi. Avdelinga har ein heimel for LIS 3.
Overlegane og LIS har vanleg dagarbeidstid, med helgejobbing inntil 3. kvar helg og enkelte rørlege helgedagar. Overlegane har generell beredskap.
Ved bakteriologisk eining utførast dei fleste bakteriologiske dyrkingar (unntatt mykobakteriar), ulike former for mikroskopi, inkludert for syrefaste stavar, og diagnostikk av parasittar i faeces og blod.
Den serologisk/virologiske eininga utfører serologisk virustesting av blodgivarar og gravide (HIV, HBV, HCV, syfilis, rubella IgG), tilsvarande undersøkingar av pasientprøvar, samt diagnostikk av hepatitt A, EBV, CMV, Borrelia burgdorferi, latent tuberkulose (IGRA, Quantiferon TB) og Helicobacter pylori.
Molekylærbiologisk eining utfører real time PCR for agens knytt til luftvegsinfeksjonar, seksuelt overførte infeksjonar, tarminfeksjonar og ein del andre (bl.a. HSV, VZV, enterovirus, adenovirus).
Avdelinga har oppdatert metodebok for alle teknikkar, og deltek i samanliknande laboratorieprøving (SLP) for dei fleste analysar. Avdelinga vart akkreditert oktober 2016.
Omtale av utdanningsløpet
Utdanninga føregår i tre hovudbolkar fordelt på tre læringsarenaer:
Teneste ved mikrobiologisk avdeling i Førde, 3 år
Klinisk teneste ved medisinsk avdeling eller anna godkjent klinisk utdanning, 12 mnd.
Teneste ved mikrobiologisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus, 12 mnd.
Ved mikrobiologisk avdeling i Førde
Ein tilstrebar at kandidaten i løpet av første år får teneste på alle einingar i avdelinga. LIS vil i løpet av 3 års tenestetid ha minimum 1 år fordjuping i bakteriologi, inkludert praktisk benkearbeid, 4 mnd i serologi/virologi og 2 mnd innan molekylærbiologi. Resterande 1,5 år er deltaking og fordjuping i klinisk mikrobiologi på tvers av dette.
Dei fleste læringsmål innan medisinsk mikrobiologi vil her kunne bli heilt eller delvis oppfylt, detaljar framgår i eigen kompetanseplan. Gjennom avdelingsintern smittevernrelatert aktivitet samt samarbeid med det lokale smittevernet kan delar av kravet om teneste innan smittevern dekkjast.
Klinisk teneste ved medisinsk avdeling og/eller anna godkjent avdeling i Førde
Her vil kandidaten tenestegjere og delta i evt. vaktordning på lik linje med andre LIS 2/3. Dette for å oppfylle aktuelle læringsmål innan klinisk infeksjonsmedisin.
Teneste ved mikrobiologisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus
Denne bør fortrinnsvis leggjast på slutten av spesialiseringa, slik at LIS får mest mogleg utbyte av tenesta ved eit universitetslaboratorium. Kandidaten vil delta i avdelinga sitt daglege arbeid på linje med andre LIS, men særleg vekt vil bli lagt på læringsmål som ikkje eller berre delvis kan oppnåast i Helse Førde. Her inngår virologi, mykobakteriologi, mykologi og hospitering ved smitteverneininga.
Etter tiltreding gjennomgår kandidaten i løpet av dei første vekene eit introduksjonsprogram felles for alle tilsette ved avdelinga. Parallelt med dette startar opplæring innan bakteriologi.
Utdanninga til kandidaten vil bli ivareteken innanfor avdelinga si vanlege drift ved faste tidspunkt for internundervisning for kandidaten, ved opplæring og supervisjon ved laboratoriebenken, ved validering av svarrapportar og ved 3 vurdering av nye prøvar. LIS deltek i avdelinga sine interne møte på avdelingsnivå og om mogleg på leiarnivå, og i møte med andre avdelingar.
Overlege som er spesialist i medisinsk mikrobiologi vil vere rettleiar for utdanningskandidaten. Rettleiinga er individuell, og vil bli gitt månadleg innanfor normal arbeidstid. På rettleiingsmøta vil ein evaluere gjennomgått praktisk og teoretisk opplæring, evt. justere planar for dette vidare, samt evaluere kandidatens faglege innsats og utvikling.
Det vil bli sett av minst fire timar per veke til fagleg fordjuping.
Eksterne kurs som er obligatorisk for spesialiteten medisinsk mikrobiologi vil bli gitt permisjon til, og i den utstrekning det er tenleg og mogleg også andre kurs og møte av interesse, nasjonale og internasjonale.
Dokumentasjon av utførte læringsaktivitetar og oppnådde læringsmål gjerast i Kompetanseportalen. Avhengig av læringsaktivitet vil dokumentasjonen variere frå eigenerklæring via kursbevis til erklæring frå evalueringskollegium. Endeleg vurdering av om eit læringsmål er oppfylt utførast av overlege, evt. i samarbeid med eit evalueringskollegium. Fagleg progresjon og oppnådde læringsmål vil bli evaluert i månadleg rettleiingsmøte.
Teoretisk undervisning 2 timar pr veke, gitt av kandidat og overlegar. Kandidaten vil få ansvar for å førebu ein del av denne undervisninga. Undervisninga vil i hovudsak bli lagt opp etter dei aktuelle læringsmål, men også i form av litteraturgjennomgangar og kasuistikkar. I tillegg deltek LIS i nettundervisning i regi av Norsk forening for medisinsk mikrobiologi (ein time annankvar veke), samt sporadisk i nettundervisning i regi av andre instansar. Samla er minstekravet for slik teoretisk undervisning 70 timar pr år.
Felles regional kompetanseplan vert tildelt alle LIS. Tema kring etikk, forskingsforståing, pasienttryggleik/forbetringsarbeid, leiing/systemforståing, kommunikasjon / pasient- og brukarmedverknad og lovverk vert i tillegg belyst i form av kurs arrangert nasjonalt, regionalt og lokalt. Fag- og utviklingsavdelinga i Helse Førde har medansvar for at LIS får gjennomført læringsaktivitetar knytt til FKM. Størsteparten av læringsmåla i FKM skal nåast gjennom dagleg praksis, 4 t.d. vil etisk refleksjon måtte utviklast gjennom deling av erfaringar knytt til aktuelle pasientkasus. Det er rikeleg høve for LIS til å delta i, evt. leie forbetringsprosjekt i avdelinga, til dømes ved innføring eller endring av metodar.
Utdanningsutvalet består av alle legar ved avdelinga, og har ca. 4 møte i året. Der vil plan for internundervisning og andre læringsaktivitetar bli evaluert og evt. revidert. Det er utpeika utdanningsansvarleg overlege, som vil vere leiar for utdanningsutvalet. Denne vil også koordinere dei ulike læringsaktivitetane, rettleiing, etc., slik det framgår i eige mandat frå Helse Vest.
LIS blir oppmoda om eigne FOU-prosjekt, eller å bli involvert i pågåande prosjekt, enten avdelingsinterne eller multisenterstudiar. I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet har Helse Førde eit Senter for helseforsking, som er medspelarar i utvikling av forskingsprosjekt, og elles er det naturleg å samarbeide med Universitetet i Bergen.
Ved tilsetjing vil det blir utarbeidd ein individuell utdanningsplan for LIS, som viser kva LIS skal gjennomføre (Læringsmål, læringsaktivitetar og læringsarenaer), basert på kor i utdanningsløpet LIS starar. Den individuelle utdanningsplanen utarbeidast av LIS i samarbeid med rettleiar og evt. utdanningsansvarleg overlege.
Ferdigheitstrening føregår innleiingsvis under supervisjon, kor etter kandidaten gradvis meir sjølvstendig utfører ulike praktiske oppgåver (mikroskopi, avlesing, etc.). Simulering er førebels lite aktuelt som læringsaktivitet innan medisinsk mikrobiologi.
Dei fleste LIS vil vere tilslutta YLF i Den norske legeforening. YLF har tillitsvalde i føretaket som vil bidra til å ivareta LIS sine interesser.
For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med avdelingssjef eller utdanningsansvarleg overlege.