Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utdanningsplan

Urologi

Urologisk verksemd i Helse Førde er del av Kirurgisk avd. der så godt som all urologisk aktivitet skjer på Førde Sentralsjukehus som er ansvarleg for urologiske problemstillingar på befolkning på ca 108 000 menneske.

Beskriving av utdanningsverksemda

Urologisk verksemd i Helse Førde er del av Kirurgisk avd. der så godt som all urologisk aktivitet skjer på Førde Sentralsjukeus som er ansvarleg for urologiske problemstillingar på befolkning på ca 108 000 menneske. Omlag 10 senger i kir. sengepost er for pas. med urologiske problemstillingar der all urologisk aktivitet utanom radikal prostatectomi og radikal cystectomi vert gjort. Det er 3 stillingar for overlege der to p.t. er besatt, og to stillingar for uroterapeut.Det er ein stilling for LIS3 i urologi, og tilsaman 7 LIS-stillingar der alle som ikkje er i greinstilling roterer kvart halvår mellom gastrokir. pas. og urologiske pas./andre kir. pas. Ein av dei to urologar er også gen kir. og inngår i gen. kir. vakt. LIS 3 i urologi er ein av 7 LIS i tilstadesvakt bak LIS 1. Urologisk aktivitet for LIS 3 i urologi vil vera alt frå polikl. arbeid, avdelingsarbeid operativ aktivitet og deltaking i internundervisning. LIS 3 i urologi ved kir. avd. vil for praktiske formål vera opprykk internt frå LIS 2-stilling.

Beskriving av utdanningsløpa

LIS 2 i gen. kir. i rotasjon 1-2 år Denne teneste skal gje god innføring i arbeid på sengepost og poliklinikk inkl. cystoskopi, og grunnleggjande opplæring i operasjon på ytre genitalia og enklare diagnostiske og terapeutiske transurethrale prosedyrar inkl. bl.a stentopplegging. LIS 3 i urologi - 3 år - Opplæring i transurethral kirurgi (TUR-B/ TUR-P - Opplæring i urologisk barnekir. - Opplæring i URS/steinbehandling,ca. prostata utgreiing inkl. prostatabiopsi - Opplæring i nefrectomi/nyreres. inkl. laparoskopisk tilnærming for dette LIS 3 – 1 år teneste på HUS (el. tilsvarande) for å oppnå læringsmål knytta til radikal cystectomi og radikal prostatectom og retroperitonealt glandeltoilett for avansert ca. testis.

LIS 3 i urologi i Helse Førde vil i praksis komme frå stilling som LIS 2 ved samme avd., sjå elles plan for gen. kir.

For alle i LIS-stilling ved kir. avd. er supervisjon gjennomgåande i alt utført arbeid, dette gjeld spesielt den operative verksemd der LIS 3 vil arbeida tett med spesialist i faget. Polikl. aktivitet og avd.arbeid vil dei fleste dagar ha spesialist å rådføra seg med etter behov.Vekentlege MDT-møter i urologisk cancer skal følgjast av LIS 3. LIS 3 i urologi har veiledar.Det er i tenesteplan avsatt 3 t pr. veke til fordjuping.

LIS 3 i urologi skal månadleg ha rettleiarsamtale, og rettleiar diskuterer eventuelle utfordringar som måtte oppstå i overlegegruppa ved behov. Oppnådde læringsmål skal dokumenterast i Kompetanseportalen, og signerast av rettleiar eller avdelingssjef.

Det er avsatt 2 t pr. veke til teoretisk undervisning i gen.kir./urologi der sentrale tema i faget/læringsmål vert gjennomgått, og der LIS 3 sjølv bidreg med innhald. Dette skal bli minst 70 t/år. Det vert gitt permisjon og økonomisk støtte til obligatoriske/teljande nasjonale 
kurs.

Storparten av læringsmåla i FKM skal bli oppnådd gjennom klinisk praksis, dette gjeld også etisk refleksjon som må utviklast gjennom klinisk praksis knytt til pasientkasus og hendingar i den kliniske kvardag. Fokus på kvalitetsforbetring i den kliniske kvardag med understreking også for utdanningskand. Arbeid og tiltak knytt til den nasjonale pasientsikkerheitskampanjen, arbeid med antibiotikastyring og deltaking i nasjonale kvalitetsregister er viktig i haldningsbygging som har klar plass i den kliniske kvardag i kir. avd. E-læringskurs og deltaking i MDT-møter,har også plass i dette.

Kir. avd. har sitt utdanningsutval som består av leiar (overlege) og to andre medlemmer (overlege og LIS 2), det er ikkje eige utdanningsutval i urologi. Veiledar for LIS 3 i urologi har sentral rolle for LIS 3. 3 Forsking: Den eine av dei to overlegane i urologi driv p.t. forskning mtp. PhD-grad, dette gjev høve for LIS 3 i urologi til å delta i arbeidet.

Ved tilsetting vil det bli utarbeidd ein individuell utdanningsplan for LIS, som viser kva LIS skal gjennomføra (læringsmål, læringsaktivitetar og læringsarenaer), basert på kvar i utdanningsløpet LIS startar. Den individuelle utdanningsplanen skal utarbeidast av LIS i samarbeid med veiledar og evt. utdanningsansvarlig overlege. Planen skal godkjennast av leiar.

Det er laga simulatorrom for øving bl.a. for laparoskopi. Her har LIS tilgang bl.a på D-boksar for å driva ferdighetstrening. Sporadisk er det BEST-trening, og kvar 6. veke er det organisert traumemottakstrening etter ATLS-prinsippet.

 Kir. avd. har p.t. hovedtillitsvald for underordna legar på kir. avd., og denne ivaretek tillitsvaldoppgåver for alle LIS på kir. avd.

For spørsmål om spesialistutdanninga ta kontakt med avdelingssjef kir. avd.

Du kan laste ned utdanningsplanen her.

Sist oppdatert 12.05.2025