Det er etablert eit nytt, felles studieløp for alle Vestlandslegestudentane, med lokale tilpassingar.
Gjennom programmet får medisinstudentane høve til praksis, rettleiing og erfaring i lokale helsearbeidsmiljø på Vestlandet.
Undervisning og praksis
De tre siste åra av studiet vil undervisning og praksis hovudsakleg føregå i Førde, med tydeleg fokus på ei klinisk tilnærming og praksisrettleiing. Det vil vere eit nytt, felles studieløp for alle Vestlandslegestudentar. Dette kan avvike noko og bli tilpassa lokale forhold.
Noko av undervisninga og praksis vil også skje ved dei andre sjukehusa i Helse Førde, og i primærhelsetenesta.
Fleircampusmodell
Medisinstudiet skal riggast som ein fleircampusmodell; eitt studieprogram med fleire campusar. Det vil vera rom for ei viss lokal tilpassing, men målsetjinga er at alle studentane i programmet, uavhengig av kvar dei studerer, skal gjennom dei same faga i same semester.