Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Artrosekurs

Eit kurs for deg med atrose, der vi vil gi deg betre innsikt i artrosesjukdomen din, behandlinga av denne og kva du sjølv kan gjere for å lindre symptoma dine. Kurset er organisert som eit gruppetilbod.

15.
september
2025
  1. 15. sep. 2025, 09:00 - 15:00

Tid og stad

Kvar

Førde Sentralsjukehus, Angabygget, 0 etg

Ynskjer du å delta på kurs ta kontakt med fastlegen din som då sender tilvising. Tilvisinga sendast til Ortopedisk poliklinikk, Førde sentralsjukehus. 

Inklusjonskriterium for å delta:

  • Pasientar med symptom og funn som indikerer artrose i hofte og/eller kne.
  • Pasientar med degenerativ meniskskade (som vi i dag veit er eit tidleg teikn på kneartrose).

Eksklusjonskriterium:

  • Anna årsak til plagene (f.eks. kreft, inflammatorisk leddsjukdom).
  • Andre sjukdomar/plager som gir meir dominerande plager enn artrosesjukdomen (t.d. fibromyalgi, kronisk generalisert smerte).
  • Tidlegare operert med protese på den sida som blir oppgjeven som mest symptomgivande ved kontakt.

Ta direkte kontakt dersom du ynskjer å ha med pårørande

 

 

Dagsplan

Kl. 09.00 : Velkommen og registrering 
Kl. 09.30 : Informasjon frå ortoped. Kva er artrose?  
                 Risikofaktorar, symptom, behandlingsalternativ. 
Kl. 10.15 : Pause 
Kl. 10.30 : Korleis ta sunne valg v/ernæringsfysiolog 
Kl. 11.15 : Pause 
Kl. 11.30 : Brukarinnlegg
Kl. 12.00 : Lunsj 
Kl. 12.45 : Trening som medisin v/ fysioterapeut
Kl. 13.30 : Pause 
Kl. 13.45 : Å leve med artrose v/ fysioterapeut 
Kl. 14.30 : Evalueringsskjema 

 

Praktisk informasjon

Eigenandel 403kr, ingen eigenandel ved frikort. Gratis for pårørande. 

Avbestilling seinast 24 timar før kurset. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset kunne krevje eit gebyr. 

Lunsj kan kjøpast for kr 80 per person (vipps eller kontant). Gi beskjed ved særskilde behov. 

Ved deltaking på legetilviste læringstilbod hjå Helse Førde eller andre helseføretak kan pasientar og pårørande ha rett til å få dekka delar av kostnader ved reise og opphald.

Ta kontakt med pasientreiser på telefon 055515 eller sjå pasientreiser.no ved spørsmål om dekking av utgifter og/eller ved behov for tilrettelegging av reisa.

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR 

 

Kontakt