Fysikalsk medisin og rehabilitering

Vi har sengepost med sengeplassar øyremerka for rehabiliteringsopphald, og tverrfagleg poliklinikk som fungerer både som fysikalsk-medisinsk poliklinikk og som rehabiliteringspoliklinikk.

Vi bygger for tida om i våre lokale, og dette kan medføre litt støy og rot. Beklager dei ulempene det kan føre til. 


Som fysikalsk-medisinsk poliklinikk  er dette først og fremst eit tilbod til deg med muskel-skjelettsmerter som ikkje skuldast ortopediske, revmatologiske eller nevrologiske lidingar/ tilstandar. Du vil kunne tilvisast for diagnostisk avklaring og behandling/rehabilitering, dersom fastlege/primærlege treng hjelp frå spesialisthelsetenesta for å kome vidare.

Dei smertetilstandane som hyppigast vert tilvist til oss er:

  • utbreidde muskel-skjelettsmerter
  • nakkesmerter
  • skuldersmerter
  • ryggsmerter
  • bekkensmerter/ hoftesmerter
  • smertetilstandar i ekstremitetar.

Hos mange pasientar vil bakanforliggjande problemstillingar ofte vere komplekse og samansette, og du vil då kunne ha nytte av tverrfagleg utgreiing/behandling/rehabilitering. Utanom legespesialist, har vi også tilgang på sosionom, ergoterapeut, og fysioterapeut, som vil delta etter behov.

Som rehabiliteringspoliklinikk vil vi kunne tilby polikliniske vurderingar av dei som er innanfor målgruppene for rehababilitering sengepost, i dei tilfella dette ikkje kan takast hand om i kommunehelsetenesta.


Pasientar med kroniske helseplager som treng behandling i sekvens over kort tid tilbyr vi dagbehandling. Desse pasientane bur i pasienthotellet og mottek behandling som polikliniske pasientar over fleire dagar kvar veke, oftast avgrensa til 3 veker. Behandlinga vil vere ved ulike yrkesgrupper alt etter problemstilling og målsetting.

Dette er mest aktuelt dersom du har hatt eit akuttopphald på sjukehuset, i hovudsak for slagpasientar, hovudskadepasientar, multitraumepasientar, pasientar med ryggmargsskade, multiorgansviktpasientar, og amputasjonspasientar.

Rehabiliteringsopphald på sjukehus er aktuelt når det er eit særskilt behov for kompetanse, intensitet i tilbod, eller tilgang på spesialisert utstyr til bruk i rehabiliteringa. Det er ein føresetnad for opphaldet at du vert vurdert å ha eit rehabiliteringspotensiale. Pasientar som normalt skal rehabiliterast i kommunehelsetenesta, vil ikkje bli prioriterte.

Til pasientar med langvarige muskelsmerter/muskelsmertetilstandar:

Poliklinikk vår i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Florø har starta opp med eit gruppebasert rehabiliteringstilbod til pasientar med langvarig muskelsmerteproblematikk. Opplegget vil vere ein dag kvar veke i til saman sju veker.

Meir informasjon om opplegget kan ein få ved å kontakte FMR poliklinikk, eller LMS Florø. Informasjonsbrosjyrer vert også sende til fastlegane i fylket.


HelseIArbeid er eit samarbeid mellom helsetenesten og NAV med satsing på førebyggande og helsefremmande tiltak knytt til muskel-, skjelett- og psykiske plagar. Samarbeidet er organisert i bedriftstiltaket og individtiltaket.

Meir om HelseIArbeid

Helse Førde har ein samarbeidsavtale med Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter om tverrfagleg spesialisert rehabilitering, og her kan dei ta imot pasientar med større hjelpebehov (Barthel ADL score ned til 6). Ved innsøking må det orienterast om funksjonsnivå og behov for assistanse.

Sjå meir om dette på Hauglandsenteret sine sider



Kontakt

Postadresse

Helse Førde, fysikalsk medisin og rehabilitering, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Gå gjennom hovudinngangen forbi kafeteria og kiosk. Rett før heisane går du til høgre gjennom to glasdører. Gå gjennom tredje dør til høgre, heilt ned i enden av gangen. Igjen til høgre, då er du framme ved ventesona til Fysikalsk medisin og rehabilitering.

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Kurs og møter

  • Livsstyrketrening å meistre livet og jobben - fysisk oppmøte
    Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Førde arrangerer Livsstyrketrening, der målet er betre helse, auka livsmot og meistring. Kurset går over 10 kursdagar, 1 dag i veka. I forkant av kurset arrangerast det eit digitalt informasjonsmøte.
    Livsstyrketrening å meistre livet og jobben - fysisk oppmøte
    21.
    august
    2024