Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Pasientkurs

Å leve med demens

Dette er eit kurs for deg som nyleg har fått Alzheimers sjukdom eller vaskulær demens. Kurset er meint for deg og ein pårørande.

28.
mai
2026
  1. 28. mai 2026, 10:00 - 14:30

Tid og stad

Når
  1. 28. mai 2026, 10:00 - 14:30
Arrangør
Kvar
Førde Sentralsjukehus, Svanabygget, 6. etg

Ynskjer du å delta på kurs, kan du ta kontakt med fastlegen din som sender tilvising til eldremedisinsk poliklinikk eller ta kontakt med medisinsk poliklinikk for meir info. 

Søknaden må vere tilhanda i Helse Førde før 10. mai. 


Viktig å merke seg at kriteriet for å delta på kurset er at pas har fått diagnosene Alzheimers sjukdom eller vaskulær demens, og at sjukdommene er i tidlig fase. 

 

 

Om kurset

Kurset er meint for deg som nyleg har fått Alzheimers sjukdom eller vaskulær demens, og ein pårørande. Det skal gi dykk kunnskap om sjukdommen og behandling. Det skal også gi kunnskap om rettar og støtte til å meistre kvardagen. Ein viktig del av tilbodet er å møte andre i same situasjon og dele erfaringar. 

Program 28. mai

10.00 - 10.15  Registrering og informasjon 

10.15 - 10.35  Kva er demens? v/ overlege Eva Søgnen

10.35 - 10.50  Pause

11.50 - 11.20  Korleis påverkar demens livet ditt? v/ overlege Eva Søgnen

11.20 - 12.20  Lunsj

12.20 - 13.00  Fysisk aktivitet v/ fysioterapeut

13.00 - 13.15  Pause

13.15 - 13.35  Dagleglivsaktiviteter v ergotyerapeut Liv Marie Torbergsen

13.35 - 14.20 Hukommelsesteam og framtidsfullmakt v/ sjukepleiar Greta                                          Gard Endal

14.20 - 14.30  Oppsummering og evaluering

 

Praktisk Informasjon 

Eigenandel 443 kr, ingen eigenandel ved frikort. Gratis for pårørande. 

Det blir servert lunsj. Gi beskjed ved særskilde behov. 

Ved deltaking på legetilviste læringstilbod hjå Helse Førde eller andre helseføretak kan pasientar og pårørande ha rett til å få dekka delar av kostnader ved reise og opphald.

 

Ta kontakt med pasientreiser på telefon 055515 eller sjå pasientreiser.no ved spørsmål om dekking av utgifter og/eller ved behov for tilrettelegging av reisa. 

Kontakt

Med pol v/ Greta Endal
57 83 93 22