Medisinsk poliklinikk - Førde sentralsjukehus

Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med indremedisinske problemstillingar innan mage/tarm, hjarte, nyre, hormon, eldremedisin og lunge. Poliklinikken hadde i 2018 om lag 13000 konsultasjonar.

Det er fastlegen som i hovudsak tilviser deg til oss. Tilvisinga blir vurdert av aktuell spesialist, og det blir planlagt korleis utgreiinga skal gå føre seg.
Tida det tek før ein får time vil variere etter problemstilling og kor alvorleg tilstanden er.

Du får brev der det vil stå kva undersøking du skal til og om det er førebuingar du eventuelt skal gjere før du kjem til oss.

Vi har tett samarbeid med andre avdelingar, spesielt medisinsk sengepost, men også med til dømes nevrologisk avdeling, kirurgisk avdeling og seksjon for medisinsk heimebehandling.

Mage/tarm
Gastroenterologi er læra om sjukdom i magen og fordøyingskanalen. Dette omfattar sjukdomsteikn og / eller sjukdom i spiserøyret, magesekken, tolvfingertarmen, tynntarmen, tjukktarmen, endetarmen, levra, galleveiene og bukspyttkjertelen. Vi utfører gastroskopi, kolonskopi, tek ulike prøver, samt supplerer med biletdiagnostikk der det er naudsynt.

Infusjon
Som ledd i behandling for ulike kroniske sjukdomar tilbyr vi infusjonsbehandling. Mange infusjonar vert gitt i kommunehelseteneste, men ein god del pasientar får tilbod om infusjonsbehandling hjå oss.

Lunge
Vi tilbyr utgreiing, behandling og følgjer opp eit stort tal pasientar med ulike lungediagnosar. Pasientane våre kan bli testa med fleire ulike prøvar og undersøkingar i forbindelse med legekonsultasjonen. Det blir ofte tatt røntgenbilete av lungene, blodprøvar og ulike lungefunksjonstestar

Hjarte
Vi tilbyr utgreiing, behandlar og følgjer opp pasientar med ulik form for hjartesjukdom.
Hjarterehabilitering: Oppfølging av pasientar som er under opptrening etter hjarteinfarkt.
Hjartesviktpoliklinikk: Vi tilbyr oppfølging til pasientar med hjartesvikt
Oppfølging via telemonitorering til pasientar med pacemaker.

Endokrinologi
Vi tilbyr utgreiing, behandling og følgjer opp pasientar med diabetes og andre hormonsjukdommar.

Eldremedisin
Vi tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av kognitiv svikt, medikamentbruk, svimmelheit, fall og hjartesjukdom hos eldre med samansette vanskar.

Klinisk ernæringsfysiologi
Vi tilbyr oppfølging frå klinisk ernæringsfysiolog til alle avdelingar i Helse Førde. Våre kliniske ernæringsfysiologar tilbyr konsultasjonar der ein blant anna lagar kostplanar som er tilpassa ulike medisinske problemstillingar. Vi tilbyr også gruppeopplæring til pasientar og har opplæringsansvar for andre faggrupper i Helse Førde.

For å få denne tenesta må ein ha tilvising frå lege i spesialisthelsetenesta.

Nyre
Vi tilbyr utredning, behandling og oppfølging til pasientar med nyresjukdom. Donorutgreiing er også ein del av tilbodet.

Kontakt

Telefon

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Førde sentralsjukehus 1. etg, inn korridoren til venstre forbi resepsjonen. Meld deg i luke 1, så vert du vist til rett ventesone.

Dersom du ynskjer å endre timen din, sjå lenger nede på sida.
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Kurs og møter

Endre timeavtale

Du kan endre timeavtalen din sjølv på helsenorge.no
Logg inn for å endre time
Kvinne med briller som sit framfor ein dataskjerm med hodetelefonar med mikrofon