Fagkurs

Fagdag geriatri 2024

Velkommen til ny fagdag i geriatri på Førde sentralsjukehus 31. okt. 2024 frå kl. 08.00 – 15.30.  Fagdagen blir gjennomført i auditoriet. 

31.
oktober
2024
  1. 31. okt. 2024, 08:00 - 15:30

Tid og stad

Når

  1. 31. okt. 2024, 08:00 - 15:30

Type arrangement

Fagdag

Spesialitet

Geriatri

Arrangør

Arrangert i samarbeid med Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling, SESAM.

Påmelding

Frist for påmelding: 15. okt. 2024, 23:00

 

 

Gode helsetenester til den sårbare eldre pasienten

 

 

Fagleg mål

Ha fokus på den eldre pasienten i spesialisthelsetenesta, bygge kompetanse i geriatrifaget og styrke engasjementet med arbeid for eldre. 

 

Ein mann med sjegg

 

Ansvarlege 

Ansvarleg for fagdagen er medisinsk klinikk og SESAM. Eva Søgnen er representant for medisinsk avdeling og Greta Gard Endal er representant for SESAM. 

Med oss i planleggingsgruppe har vi sjukepleier Anja Selstad frå ortopedisk avdeling,Simone Mader, overlege ortopedi, Mariann Kapstad som sjukeheimsoverlege, sjukepleier Marianne Guddal frå medisinsk sengepost og Toril Terum frå Utviklingssenteret for heimetenester og sjukeheimar – USHT. 

Kven kan delta

Tilsette i Helse Førde er prioritert til fagdagen. Det går også ut invitasjon til fastlegar i Helse Førde sitt område. Så langt det er plass er tilsette i heimetenester og sjukeheimar i området velkommen. Det vil bli mogleg å følgje fagdagen digitalt.  

Fagleg utbytte

Fagdagen er søkt godkjent teljande med 6 timar til klinisk stige i NSF og Lægeforeningen.  

I Lægeforeningen gjeld søknaden godkjenning for emnekurs i allmennmedisin, geriatri og alders- og sjukeheimsmedisin. 

Pris

Fagdagen er gratis for alle.

Lunsj

Det vil bli servert enkel lunsj frå kantina. Har du allergiar i forhold til mat er det fint om du nemner det ved påmelding. 



Program

***
08.00 - 08.45

Kva skjer i hjernen ved delirium, og korleis skal vi finne ut av det? 

Leiv Otto Watne, overlege i geriatri, Ahus. Professor i geriatri, UiO 

08.45 -
09.00

Pause

09:00 - 09:45

Demens eller delirium, eller begge deler? 

Leiv Otto Watne, overlege i geriatri, Ahus. Professor i geriatri, UiO 
09.45 -
10.00

Pause

10.00 - 10.30

Miljøtiltak i forhold til delirium

Hilde Rydland Marianayagam, Sjukepleier/ Marte Meo veileder, SUS

10.30 -
11.00

Personsentrert omsorg  

Kristin Aas Nordin, geriatrisk sjukepleier, Sesam 

11.00 -
11.15

Pause

11.15 -
12.00

Den akutt sjuke gamle 

Eirik Hovland Søreide, LIS 2, Med.avd, Helse Førde 

12.00 - 13.00

Lunsj

13.00 - 13.45

Funksjonssvikt og fall  

Stine Voll Aasen, LIS 3 geriatri, Med.avd, Helse Førde 

13.45 - 14.00

Sesam informasjon 

Kristin Aas Nordin, Sesam 
14.00 - 14.15

Pause 

14.15 -
14:45

Geriatri i Helse Førde, kvar står vi og kor går vi? 

Eva Søgnen, overlege Medisinsk avd, Helse Førde 

14.45 -
15.30

Behandling av kreft hjå eldre. Kvifor er det annleis? 

Nienke De Glas. Overlege kreft, Helse Førde. PhD geriatrisk onkologi 

 

Kontakt