Tid og stad
- Når
-
- 11. nov. 2025, 08:00 - 15:30
- Type arrangement
- Gruppeopplæring
- Arrangør
Det vert ein intensiv dag med innhald frå biologiske- og psykologiske prosessar som skapar endringar hjå den enkelte og krev tilrettelegging av miljøet rundt barnet/ungdommen. I løpet av dagen vil ein få innspel på emner som kan være nyttig for foreldre å ha kompetanse på knytt til pubertet og seksuell helse. Det vert lagt vekt på gjennom kursdagen at ein får drøfte kring tematikken og dele erfaring med kvarandre.
Kurset startar kl. 08:00 og avsluttast kl. 15:30.
Program:
- Registrering
- Velkommen
- Brukarrepresentant
- Tenåringshjernen, pubertet, utvikling og sårbarheitar og drøfting grupper v/psykolog
- Lausriving - skape ei kjensle av meistring og å vere sjølvstendig v/ergoterapeut.
- Korleis skape gode vanar, når kvardagen krever? v/ klinisk ernæringsfysiolog
- Korleis arbeide for å utvikle ein sunn seksualitet v/sjukepleiar og vernepleiar.
- Spørsmål, Evaluering og tilbakemeldingar
Praktisk informasjon
Foreldre som er i arbeid og har ansvar for eit langvarig sjukt eller funksjonsnedsetta barn kan søkje om opplæringspenger. Opplæringspenger bereknast på samme måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær ifrå arbeid for å vere med på opplæringa. Ein får søknadsskjema hjå avdelinga.
For å ha rett på opplæringspenger må ein oppfylle kravet om å vere fråværende ifrå jobb i 7,5 timar per dag, der reisetida er inkludert.
Dersom ein ikkje oppfylle kravet til opplæringspenger kan ein eventuelt søke om velferdspermisjon hjå sin arbeidsgjevar.
Ein har mulighet å kjøpe lunsj for 80 kr. Kontant betaling eller vipps. Gi beskjed ved spesielle behov/allergier.
Ta kontakt med pasientreiser på telefon 05515 eller pasientreiser.no ved behov for tilrettelegging av reisa.